Jeg sitter i et sommerhus og det er høst.

Beatles av Lars Saabye Christensen.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Av og til blir det for mykje av det gode, men i dette tilfellet blei det for mykje av det vonde. For i denne skildringa av ein ung gut sine levekår i eit samfunn av utstøytte er det ikkje spart på noko; familievald, nekrofili, kannibalisme, incest, eg kan ikkje kome på noko som forfattaren kunne ha lagt til for å gjere historia fælare. Men der et også rom for kjærleik i boka, ikkje som i romanse, men som i livslyst. Og dette synest å vere den viktigaste bodskapan i boka, at livet trenger seg fram uansett kor dårlege levekåra er.

Settinga er ein skrothaug langt ute i eit ørkenliknande landskap. Her bur det ei gruppe menneske i stor fattigdom. Det er kamp om ressursane, mange er sjuke, og det er viktig å høyre til ein sterk flokk for å overleve. Samfunnet er nærmast dyrisk, oppførselen som blir skildra minnar meg om hundar og apar. Dette blir understreka av at alle gjeng utan klær, og av at det ikkje blir nytta namn i boka.

Gruppa som lever på skrothaugen har ikkje kontakt med omverda, men dei har ei forestilling om at det finnest noko utanfor. Bestefaren til guten ber også med seg minne om ei anna tid, men det er sparsamt med opplysningar om kva som gjorde at denne andre tida tok slutt. Men det kjem fram at gruppa har ei historie med mange tusen års forfølging. Her får ein assosiasjonar til jødane sin historie, og til tilstandane i konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen.

Seier denne boka noko om mennesket sin natur? Eg vil så gjerne at den ikkje gjer det, men det spørs om vi ber med oss tilstrekkeleg omsynsløyse til at vi etter eit par generasjonar med naud kunne falle ned på det nivået som er skildra i boka. Det beste er jo om ein slepp å finne det ut.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Eg var redd. Ikkje fordi det mørkna raskt og eg stod aleine, ikkje fordi det rasla bak platene, men fordi eg var stengd ute frå alt rundt meg, spent fast i denne gnissande kroppen eg ikkje kunne fri meg frå. Det einaste eg kunne, var å bruke han den tida han fungerte, før han skrukka inn og seig saman, kroka seg og til slutt fall ned i sanden og vart gløymt, for akkurat som ord gjekk inn i nye ord, gjekk hender inn i nye hender, og meir og meir av meg ville gå over i gløymsle. Ingen vil hugse deg slik du var, hadde eg tenkt, men ikkje sagt til nokon.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Noko av det første ein verkeleg lærer, sa bestefar, er at alt er her for å gå tapt

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg held med Ingunn S, det er meir oversiktleg med ei bok kvar. Men eg tykkjer ikkje det er nokon stor sak, og blir på ingen måte skuffa eller forvirra dersom ein ender opp med å kunne foreslå fleire bøker kvar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er nok ganske mange som har det slik, ja. Vanskeleg å gå forbi gode tilbod på bøker ein har lyst til å lese. Det er jo jevnleg diskusjonstrådar her inne der dette temaet kjem opp. Men det skulle vært interessant å vite om Johnson sin påstand er rett; altså at det er større sjanse for at ei bok ikkje blir lest dersom ein får den som gave i staden for om ein kjøper den til ein billeg penge.

Og, tilgi meg for at eg er så uvitande, kven er Samuel Johnson? Er det denne mannen? I så fall kan det jo tenkast at både bokbransje og lesarane sine vanar har endra seg sidan 1700-talet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Finnest ikkje vonbroten, men takk for omtanken. Med omsyn til Samuel Johnson sin påstand så er inntrykket mitt at heller ikkje alle bøker som kjøpast til lav pris blir lest. Men for all del, eg er glad i lave prisar .... God Jul vidare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi hadde ikkje juletre i år (føre-var avgjerd sidan vi har kattunge og kvalp i huset), så svaret er strengt tatt ingen. Men ser ein bort frå "under treet"-delen av spørsmålet, så blei det bøker på tenåringane i huset. Sjølv fekk eg ingen, og det er like greit. Eg ville sjølvsagt blitt glad for eventuelle bøker eg hadde fått, men eg har ein "kampanje" gåande med å redusere antalet uleste bøker i bokhyllene og slik sett passa det bra at dette antalet ikkje auka. Vi får sjå kor langt det held når det ber laust med diverse kampanjer og sal etter nyttår.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ei merkeleg lita bok, som kanskje best kan samanfattast som ein vestlandsversjon av Juleevangeliet, minus jomfru-biten og englar og slikt, og med ein undertone av Bonnie and Clyde.

Ungdomane Asle og Alida er kjærestar, av fattig slekt, huslause, og utan moglegheiter til å skaffe trygge forhold for Alida som snart skal føde. Dermed reiser dei til Bjørgvin, med von om å finne husvære der, og etter kvart også arbeid for Asle. Forteljinga startar i Bjørgvin, og ein får tilbakeblikk, og endåtil tilbakeblikk i tilbakeblikka, om dei tidlegare hendingane og om livshistoriene deira.

Stilen i boka er særeigen, med sidelange setningar somme tider, og knappe dialogar andre tider. Ein del fraser blir også repetert ein del, og nettopp her fekk eg assosiasjonar til Dag Solstad, eller rettare sagt 17. roman, som er den einaste boka eg har lest av han hittil, og der det blei gjort eit liknande grep. Men tilbake til Fosse og Andvake, så oppfattar eg teksta, og kanskje spesielt dialogen, nærmast som naiv, men samstundes så er der mykje usagt som trigger fantasien til lesaren.

Og så er eg usikker på om Asle og Alida er lettare tilbakeståande, eller om det er den naive tonen i teksta som får meg til å tenke i dei baner. Det som derimot er heilt klart at kjærleiken dei kjenner for einannan er så sterk at han skuggar for alt anna. Alt handlar om at den andre skal ha det bra, alt anna er uvesentleg. Denne sida av historia var beint fram rørande.

Historia held fram i Olavs Draumar og Kveldsvævd. Det blir nok til at eg må lese desse to også. Etter kvart.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så de er de to som treng til hus, seier Kona
Det kan eg skjøna, seier ho
Det skulle de ha tenkt på før, seier ho
Før de stelte dykk slik, seier ho

Godt sagt! (2) Varsle Svar

og så ligg dei der og ho ser Asle sitja der med fela og ho står der og lytter og ho høyrer songen frå si eiga fortid, og ho høyrer songen frå si eiga framtid, og ho høyrer far Aslak syngja, og ho veit at alt er bestemt og slik skal det vera

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gunnar Huttunen er smågal, og han veit det sjølv. Sjølv om han er ein dugande arbeidskar, så blir han sett på med skepsis av dei flesta av innbyggarane i bygda han flyttar til for å overta og setje i stand ei gamal og nedslita vassmylne. Det er hangen hans til å ape etter dyr, og særskilt vanen med å ule som ein ulv, som er det største opphavet til skepsisen. Når bygdefolket bestemer seg for å sende han på galehus startar trøbbelet for alvor.

Handlinga er lagt til det nordlege Finland, i tida rett etter den andre verdskrigen. Det er eit herleg persongalleri Paasilinna diskar opp med, og med mange fornøyelege observasjonar frå livet i ei lita nordfinsk bygd. Der er også ein del flotte skildringar av naturen i området.

Det er uklart for meg om historia er meint som rein underhaldning, eller om der er ein større bodskap. Eg ser sjølvsagt at boka inneheld ein del kritikk av «bygdedyret» og av mentalsjukehus, men utover dette har eg spekulert på om den også skal vere ein satire over eit eller anna. Kan det vere at den også seier noko om finsk politikk i etterkrigsåra?

Angåande problematikken om kor gal nokon må vere før han skal sperrast inne, så måtte eg spørje meg sjølv om eg ville ha kjend meg komfortabel med at nokon i mitt eige nabolag handla som Huttunen gjorde i boka. Svaret er nei (og det handlar ikkje om ulinga). Så kva skal ein gjere? I dag ville det truleg vere ordningar med medisinering og oppfølging slik at galskapen får mildare utslag og ein kan unngå innlegging. Men helsetilbodet for psykisk ustabile var nok ikkje heilt på dette nivået for 60-65 år sidan, korkje i Nord-Finland eller i Norge for den saks skuld. Så dersom eg hadde budd i bygda til Huttunen, er det stor fare for at eg ville ha kome på parti med bygdefolket etter kvart.

Likevel heia eg sjølvsagt på Huttunen i boka, og håpte i det lengste på at det skulle gå bra. Spørsmålet er om det likevel gjekk bra til slutt. Eg er sanneleg ikkje sikker, men slutten var fin likevel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kva er det med diskos og Lars Saabye Christensen? Dette er den andre boka av han eg les, den første var Halvbroren, og i begge bøkene så er det nokon som får ein diskos i hovudet på Bislett stadion og døyr. Skal tru om dette er ei hending som er med i alle bøkene hans? Det er best å lese fleire av dei for å finne ut av dette.

Hovudpersonen i boka er ein litt pussig gut på rundt 10 år som er ein outsider i klassen. Når han får ein sjukdom som gjer at han mister håret blir det ikkje akkurat enklare å vere Herman. Handlinga er lagt til Oslo tidleg på 1960-talet, og strekker seg over eit halvt års tid, frå haust til vår. Familien til Herman er ikkje stor, berre mor, far og bestefar, og dei har ein sterk intern-humor. Nettopp evna til å sjå humoristisk på ting virker å vere viktig for å klare seg i ei vanskeleg tid.

Herman gjer mange underfundige og pussige observasjonar og funderingar undervegs, enkelte blir litt for påtatt underfundige, men stort sett var dei bra. Tidskoloritten er strålande, ein får verkeleg kjensla av å reise attende i tid når ein les denne boka. Ein må tru at forfattaren nyttar minne frå sin eigen barndom når han skaper omgjevnadane til Herman. Men det aller beste var den truverdige skildringa av korleis Herman reagerer på å bli sjuk, og på ei anna vond hending i historia. Dette var det høg klasse over.

Det gryande forholdet til klasseveninna Ruby er eit fint innslag i historia, og minst like fint er måten Herman evner å kome i kontakt med andre outsidarar i samfunnet på. Alt i alt, det er ei fin bok, og vel verdt å bruke tid på. Eg høyrde denne som lydbok, der Oddvar Hellan gjorde ein framifrå jobb som opplesar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lyset faller inn gjennom de fire vinduene, høye søyler på skrå ned i gulvet. Det ligner på noe han har sett: tegningene i den illustrerte bibelen på skolen. Der skinner solen alltid slik, når Jesus er til stede.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men nå har Panten nesten falt ut av vinduet, og han har håret fult av skum.
- Jag tror pojken har varit på stevnemøte! Har han inte et kyssemerke på haken!
Da stiger Jacobsen jr. fram og knytter neven.
- Hold snavlen din fyllik! Og snakk ikke svensk i vår gate!
Panten rister skummet løs.
- Jag taler bare norsk med Kungen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nick Bantock sin The Venetian's wife er eit artig eksempel. Denne kom ut rundt den tida der internett og e-post byrja å bli tilgjengeleg for folk flest, og e-postutvekslingar er ein vesentleg del av handlinga. Det er ikkje ein tradisjonell roman, men ein slags "collage" av asiatisk kunst, dagboknotat, clip-art og e-postutvekslingar.

Når eg søker på Bantock på bokelskere.no ser eg at han har minst ei bok til som ser ut til å vere basert på eit liknande konsept, denne gangen er det postkort som er greia.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Usagt uhygge. Det er vel den mest presise skildringa av kjensla eg sit att med etter å ha lest boka. For her skjedde det nok ein del som ikkje er sagt i klartekst.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er det no til veka det er jul, seier de? Ja ja, det er vel best å starte førebuingane då. Den viktigaste førebuinga er å sjekke kva klokkeslett butikkane stenger den 24.

Eg er i gang med Andvake av Jon Fosse. Det er noko spesielt med den, men eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg likar den kjempegodt eller berre godt. Vi får sjå etter kvart. Etterpå ligg det an til å bli Fiolinane av Jan Roar Leikvoll. Det er vel ikkje akkurat nokon adventsforteljing, men eg let det stå til.

God helg, min begynner å bli ganske bra igjen etter at eg karra meg ut av senga etter gårsdagens heftige julebord.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men berre det kjem eit utspel som er tabloid nok så slenger VG seg på og gir merksemd.

Og skal ein ta ordlyden i tittelen på Morgenbladet- og VG-oppslaget bokstaveleg, så er vel svaret omlag slik;
"nokon som ikkje ynskjer det, og ikkje kan motsetje seg handlinga"
Men då blir det vel anmeldesle av eit anna slag enn det kronikkforfattaren hadde i tankane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tre dager i uka måtte Piittisjärvi bære ut brev til stasjonsbyen og to dager til nabobygda. Det som var igjen av uka var ikke nok til hjemmebrenning, ettersom hans egen drikking også krevde en del tid.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

McHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESKirsten LundsvarteperLilleviHarald KTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibekeMarenGodemineYvonne JohannesenKjerstiAgnesVariosaChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieIngvild SHeidiBjørg Marit Tinholt