Hmm, det var faktisk eit bra argument. Men for min del er det såpass likegylidig korvidt forfattaren av ei bok er mann eller dame så lenge boka er bra, at eg framleis er usamd.
Eg respekterer argumenta, og ser sjølvsagt at perspektivet kan vere annleis for ein kvinneleg enn for ein mannleg forfattar. Men så snart ein snakkar om å velge ein kvinneleg forfattar fordi ho er nettop det, kvinne, så smakar det av kvotering og det meiner eg blir feil. Det er så mange bra bøker å velge mellom, både av kvinnelege og mannlege forfattarar, at eg ser ingen grunn til å kvotere.
Eg vonar valet blir gjort ut frå den antatte kvaliteten på boka, og ikkje etter korvidt forfattaren er mann eller dame. Dette er etter mi meining ganske uvesentleg for kva bok ein bør velge.
Av og til ynskjer eg å finne attende til ein diskusjon som har gått for månadar eller år sidan, og då er ein avhengig av å treffe godt på søkeord når ein skal søke etter rette diskusjonstråden. Det er ikkje alltid eg hugsar gode stikkord for diskusjonen, men ofte hugsar eg kven eg har diskutert med. Derfor har eg følgende forslag til ein tilleggsfunksjon;
Når eg klikkar meg inn på andre bokelskarar sine profilsider, så kjem det mellom anna opp eit val der ein kan finne "felles bøker" med andre bokelskarar. Kunne ein også ha lagt til "felles diskusjoner" som eit val? Eller enno betre, delt opp i "svar frå Ola Bokelsker til meg" og "svar frå meg til Ola Bokelsker". Dette ville vere til stor hjelp i å finne attende til gamle diskusjonar.
Stusseleg med nedlagd bokhandel. Eg bur sjølv i ein tettstad av omlag same storleik og passar på å handle ein del i den lokale bokhandelen, spesielt dersom eg skal ha ei ny bok til fullpris. Betaler gladeleg litt ekstra for å bidra til å halde butikken i sving. Men eg er ikkje meir trufast enn at eg slår til på gode tilbod på nettbutikkar, eller i bokhandlar andre stadar når eg er på reise.
Sjøv om du kunne ha foreslått begge bøkene, så ville jo likevel uansett berre ei av dei kunne bli valt ut. Er det ikkje berre å kline til då, og legge ut eit forslag?
I ei anna forslagsrunde var eg så sleip å nevne 2 andre bøker eg ynskte meg, i tillegg til det ordentlege forslaget, i håp om at nokon andre skulle foreslå dei. Fekk ingen negative kommentarar på dette den gangen, og håper det ikkje blei oppfatta som utilbørleg. Kanskje du kan gjere noko liknande?
Framlegget mitt tøyer seg mot yttergrensa av det geografiske området vi skal halde oss til: Gjennom eld og vatn av Aino Kallas.
Kallas var fødd finsk, men gifta seg med ein estlender, flytta etter kvart til Estland, og mange av bøkene hennar hadde handling frå Estland men ho skreiv på finsk. Bokvennen forlag har gitt ut ein trilogi av kortromanane Barbara von Tisenhusen (1923), Presten i Reigi (1926) og Vargbrura (1928) under samletittelen Gjennom eld og vatn. Kallas har her tatt utgangspunkt i muntlege overleveringar av gamle estiske historier frå 1500- og 1600-talet. Fellesnevnaren skal vere menneske som let seg leie av hjartet sitt heller enn av samfunnet sine normer, og følgene dette får.
Boka er å få kjøpt hjå Bokklubben, Norli, Platekompaniet og sikkert fleire nettbutikkar, og i skrivande stund er der eit brukt eksemplar hjå Bokloftet (ingen på antikvariat.net). Denne trilogien er også gitt ut på engelsk under tittelen Three Novels, men denne utgåva synest å vere vanskeleg å få tak i.
Godt nyttår!
Eg har sjølvsagt laga ein tilsvarande statistikk som i fjor for leseåret som har gått, noko som var til hjelp for å setje seg mål for 2015. Utan å legge ut figurar frå årets analyse, så kan eg kort oppsummere at eg skal
- lese minst ei bok frå kvar verdsdel (ingen frå Afrika eller Oseania i 2014, eller nokon gang for den saks skuld)
- lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800 (2 i 2013, ingen i 2014)
- lese minst 6 bøker på engelsk (6 i 2013, berre 5 i 2014)
- lese minst 8 bøker på portugisisk (7 i 2013, 11 i 2014)
Og i tillegg til utkomet frå statistikken, så legg eg til at eg skal
- lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før
- ha færre enn 10 uleste bøker i bokhylla innan månadsskiftet juni/juli (30 pr dato)
Sånn, der har vi det. Seks konkrete målsetjingar som er lette å etterprøve. Og oppnåelege. Kanskje med unntak av den siste, vi får sjå.
Godt nyttår Vibeke!
Eg set stor pris på at du tek deg tid til å lage lesehelg-innlegg kvar veke, og vonar du vil halde fram med dette.
Nett no les eg Beatles av Lars Saabye Christensen, eg blir truleg ferdig med den i morgon. Det vil seie, ferdig med den blir eg nok ikkje på lenge, men eg vil i allefall ha lest den ut. Knakande god bok.
Neste bok på programmet blir truleg Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde. Denne har eg sett fram til å starte på lenge. Så er det også på tide å lese noko på portugisisk, mange veker sidan sist. Eg heller mot å starte på ei novellesamling av Machado de Assis, som er, om ikkje Brasil sin mest kjende forfattar (det er det nok Paulo Coelho som er), så i det minste den mest anerkjente. Samlinga eg har i tankane heiter kort og greit Várias histórias, eller Diverse forteljingar på norsk.
Godt nyttår kjell k!
Eg valgte å ikkje bli med på felleslesinga av denne boka, då eg har lest den tidlegare. Eg har kjent godt etter, i fleire omgangar, og det sit langt inne å lese opp att ei bok når eg har så mange uleste i bokhylla.
Likevel har det vært moro å følge med på innlegga i denne tråden. Og det kan ikkje seiast for ofte; du gjer ein kjempejobb med å halde i sving denne lesesirkelen. Ser fram til dei vidare felleslesingane i 2015!
På ingen måte. Køyr på.
Eg synest også artikkelen var god, men eg ser poenget med latterleggjering som Mohammed sine venninner hektar seg opp i. Med det tenker eg på oppramsinga av tema som det er foreslått "trigger-warning" for, her ser det for meg ut som artikkelforfattaren med vilje har laga ei lang liste for å få med dei mest lattervekkande forslaga, og eg har vondt for å tru at debatten egentlig handlar om skildring av slimete ting eller av kaloriinnhald i mat.
Ryggmargsrefleksen min er forøvrig at "trigger warning" er overflødig. Eg ser også at fleire har framheva at det ikkje er påvist at ei slik åtvaring vil gjere livet til traumatiserte enklare. Når eg likevel ikkje er heilt avvisande til tanken så skuldast det konkrete innspel, som til dømes i denne diskusjonstråden, der lesarar hevdar at slik merking vil vere til hjelp for dei. Og då tenker eg at så lenge det er til hjelp for nokon så er det greit for meg.
Og eg ser poenget med at ei åtvaring kan påvirke korleis lesaren grip an boka. Men det vil jo også ei bokomtale gjere.
Nok ei avsporing, som i og for seg er uvesentleg for diskusjonen, men som likevel kan vere greit å nevne: Ivory på engelsk er elfenbein på norsk. Ibenholt derimot er eit treslag, som heiter ebony på engelsk. Det endrar jo på ingen måte poenget i argumentasjonen din, og eg reiknar jo med at du egentlig veit kva som er kva og at det berre var ei hendeleg feliskriving i innlegget, men i tilfelle det er lesarar som ikkje veit kva ibenholt er så tenkte eg det var best å nevne det likevel.
Tore Renberg verkar å vere ein vettug kar.
Eg uttrykte meg nok litt klønete i innlegget over, eg er glad for at det finnest "ungdoms-versjonar" av klassikarane eg/du nevner, og det er mange som har fått ein fin inngang til litteraturen på denne måten. Poenget mitt var meint å vere at det kan vere vanskeleg å finne norske fullstendige omsetjingar av enkelte av desse bøkene, og det tykkjer eg er synd. Og så har du jo eit knallpoeng i at dei nedkorta versjonane burde vere merka med nettop det, at dei er nedkorta. Ei slik merking vil vere mykje meir relevant for dei fleste enn "trigger warning", som var temaet som Mohammed opphaveleg tok opp, og som eg ber om orsaking for å ha spora av frå.
Uff, det var dumt at språket skulle øydelegge slik for leseopplevinga di. Eg kommenterte også språket i min omtale av boka, men eg synest for min del at det innimellom er bra også. Sjølve historia fekk meg til å trille eit betydeleg høgare terningkast.
Apropos terningkast, eg har ikkje observert nokon reglar for dette, og gjeng ut frå at i den grad det finnast slike så er det at ein er ærleg mot seg sjølv når ein trillar, og ikkje tenker for mykje på kva andre meiner. Og det ser det ut for at du har gjort.
Sjølv les eg Beatles av Lars Saabye Christensen nett no. Eg såg tilfeldigvis på profilsida di at du også har lest denne, og trilla 6 på denne. Det slår meg at det er mange likskapar mellom del 2 i Seierherrene og Beatles, i alle fall dei 100 sidene eg har lest så langt, så eg våger å påstå at dersom du på eit seinare tidspunkt skulle bli meir fortruleg med Jacobsen sin språkføring så vil du også like Seierherrene, i det minste andre halvdelen av den.
Eg høyrde den som lydbok, og opplesaren sin stemme stod veldig godt til historia. Eg har ofte lurt på om eg ville ha likt den like godt dersom eg hadde lest den på papir. Eg ville nok garantert ha likt den godt nok til ein 6'er, men spørsmålet er om den ville ha framstått som DEN boka som skilde seg ut i 2014.
Har tenkt på dette lenge, for eg reikna med det ville kome ein slik tråd. Utan tvil Keiseren av Portugallien av Selma Lagerlöf. Det var noko ved denne forteljinga som greip meg veldig.
Du har rett, det er ikkje lett å trekke grensa korkje for eventuell redigering av barnebøker eller for "trigger warning". Det enklaste er nok å la vere. Likevel er eg ikkje heilt avvisande til nokon av delane. Men enkelte av eksempla på "trigger warning" i artikkelen du viste til var ganske uforståelege for meg. Slimete ting, ja. Som jordbærgelebitar i vaniljesaus, for eksempel?
Tankevekkende innlegg. Eg er, som deg, generelt imot at ein skal redigere bort støytande ting i bøker, i alle fall i bøker for vaksne. Når det gjeld barnebøker er eg litt meir i tvil.
Apropos redigering, så er jo etter det eg forstår mange klassikarar, slik som Greven av Monte Cristo og De elendige gitt ut i sterkt nedkorta versjonar på norsk, og tilpassa ei yngre lesargruppe enn originalverka. Dette er jo også ei form for redigering, og det er synd dersom dette skal vere dei einaste tilgjengelege versjonane på norsk.
Når det gjelg "trigger warning" (heiter det noko på norsk enno?) så hadde vi ein liten diskusjon om dette, starta av Grethet87, for omlag eit år sidan. Den gangen skreiv eg
"Den neste tanken var å skule til USA. Dei er jo ganske flinke med å merke alt mulig som kan tenkast å vere farleg eller støytande, for at produsentar skal unngå søksmål. Dersom slik merking som du foreslår ikkje er på agendaen i USA vil eg tru at vi ikkje er heilt klare for det i Norge heller."
uvitande om at dette alt var på agendaen i USA. Eg synest ikkje slik merking er naudsynt for min eigen del, men etter å ha tenkt litt på det innser eg jo at det kan vere hensiktsmessig for andre. Og eg trur ikkje at slik merking vil sjenere meg på nokon måte.