Père Lachaise var en hel by, en forblåst ruin, hvor villkatter løp mellom gravene, og det var ikke bare smålige steinstøtter, det var hus, statuer, trapper, templer, søyler, jeg blei helt sjuk av å være der, det var den andre sida av Paris, dødsriket, bare en drosjetur vekk fra strømmen av mennesker.
-- Hva heter b-b-bandet? spurte Ola.
-- Snowflakes, sa Bobben. Merk dere navnet.
-- Snowflakes, gjentok Ola. Speller dere bare om v-v-interen?
Nå måtte Ola holde kjeft før vi blei pælma på trynet ut. Seb hadde en finger i ryggen på han allerede.
-- Neida, smarten. Vi heter Raindrops om sommeren.
Sparar bileta til slutt, eg.
Veldig.
Neidå, eg ser nok over dei først, og leitar dei fram igjen når dei får relevans for teksta der eg er i boka.
Huffda. Krysser fingre for at det blir eit kortvarig og ukomplisert opphald.
Intet er nytt under stolen ... eg held framleis på med dei to bøkene eg starta på mot slutten av forrige helg, Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde som nattbordsbok, og Várias Histórias av Machado de Assis som lesestol-bok. Begge bøkene krev ein del konsentrasjon, og det hender eg må lese heile avsnitt opp igjen. Derfor gjeng det litt sakte framover, så eg blir nok ikkje ferdig med nokon av dei før helga er over.
Tour de ski, ja. Tenkte eg skulle prøve å ta med kvalpen, som begynner å blir stor, på ein liten skitur. Første gang for kvalpen, og første gang med hund for min del. Skal bli spennende å sjå om det fell i smak.
God helg!
Sidan du spør: Eg synest du skal prøve. Eg opplevde den som veldig ulik både Middlemarch og Far Goriot. Kapitla er sort sett ganske korte, og dei er varierte. Nesten som ei novellesamling. Når eg ikkje trilla høgare terningkast enn 4 på boka så skuldast det ein del aspekt av historia som eg ikkje heilt fekk taket på, men som eg ville ha hatt utbytte av å ta opp i ein lesesirkel. Eg tippar eg kjem til å delta i delar av diskusjonane, og kanskje også å bla litt i boka, men eg kjem ikkje til å lese den perm til perm,
Gratulerer med eit godt val, denne trur eg egner seg ypperleg for diskusjoner i lesesirkelen.
Beklagelegvis for min eigen del er dette 3. boka på rad i lesesirkelen som eg alt har lest frå før og ikkje kjem til å lese opp att. Uflaks. Men på den andre sida så kan eg jo påstå at eg har god smak.
Lykke til!
Dette gir jo ny meining til begrepet "den kulørte presse".
Var denne boka kontroversiell då den kom? Eg har eit vagt minne, som eg ikkje heilt stoler på, om at den var omtalt på dagsrevyen då den kom ut, og når ei bok er omtalt i dagsrevyen så er det jo som regel på grunn av kontroversar.
Farleg å male fanden på veggen
når smådjevelane er lause med børser
men ein får berre male vidare
som kverna på botnen av havet
Grusomt spanande avstemming, som vanleg.
For den som måtte vere opptatt av pengar, så kan eg opplyse om at Njålssoga er å få kjøpt i nettbutikkar, innbunde, til den nette pris av kr. 99,-
Og for dei som måtte mistenke dette innlegget for å vere eit dårleg skjult forsøk på å påvirke situasjonen i tetsjiktet, så kan eg opplyse om at dei har heilt rett.
Eg må innrømme at eg av og til slit med å følge tankerekkene i nokre av dei meir underfundige innlegga dine, men eg likar dei godt.
Eg har lest Da Vinci-koden, men ikkje Engler og demoner. Følte ikkje at eg mangla noko for å kunne følge med på historia (som forøvrig var spennende og god)
kjell k, ikkje eg
Vi hadde denne som tvangslesing på vidaregåande. Den gangen droppa eg ut før vi var komne halvvegs. Men eg ville nok ha hatt godt av å prøve den no igjen.
Det var ei flott og variert liste, du har mykje å glede deg til.
Eg har merka meg denne boka, sjølv om den ikkje stend på ynskjelista. Derfor skumma eg igjennom Rose-Marie Christiansen sin omtale for nokre dagar sidan, der ho mellom anna skriv
"Marte Michelet har valgt å skrive om Braude-familien, fordi det aldri har blitt skrevet noe om dem tidligere."
Dette synest å vere i motsetjing til dine opplysningar om at dette er ei samling utdrag frå andre bøker. Er det slik at historia om Braude-familien er eir slags "rammeverk" som Michelet nyttar for å henge faktaopplysningar frå andre bøker på?
Det er sikkert berre eg som har litt tungt for det. Og no slit eg litt med å bringe nye moment inn i diskusjonen utan å gjenta meg sjølv eller gi meg ut på flisespikkeri. Derfor nøyer eg meg med å konstatere at vi sikkert ikkje blir samde om dette med det første. Men det har uansett vært fint å lufte problemstillinga.
Eg trur eg forstår kvar du vil, men eg vil ikkje bli med deg heilt fram. Eg er tilhengar av å lese variert, og inndelinga av lesesirkelbøkene i 4 kategoriar var meint å vere ei hjelp i dette. Variasjonen har så langt ikkje blitt slett så stor som eg hadde håpt på, men eg trur ikkje ei vidare inndeling i kvinnelege/mannlege forfattarar vil hjelpe vesentlig. Eksempelvis, Middlemarch vs Far Goriot representerte ikkje for meg eit særleg stort spenn i leseoppleving.
Angåande det siste punktet, om sorteringskriterier, så er eg djupt usamd. Eg håper og trur at deltakarane i lesesirkelen stemmer på dei bøkene dei meinar egner seg best for ei felleslesing, altså ei kvalitetsvurdering.
Eg har lyst til å vri på det siste poenget, og påstå at dersom ein verkeleg greier å sjå bort frå forfattaren sitt kjønn så vil det over tid bli god balanse, forutsatt at begge kjønn i omlag like stort monn har skrive bøker som lesesirkeldeltakarane meinar egner seg for felleslesing.