Spørs kva som ville ta lengst tid; saksbehandlinga eller fjellfjerninga
God helg, ja.
Eg tolkar utsagnet ditt om Gösta Berlings saga som at du har likt det du har lest så langt. Det ville i så fall vere ein lettelse, eg har vært litt uroleg for om eg har bidratt til å lokke deg til å lese ei bok som ikkje fell i smak.
For min del har gått smått trått med lesinga dei siste par vekene. Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde har vært litt meir krevende enn venta, og Várias Histórias av Machado de Assis tek også tid. Sistnevnte er faktisk litt lettare enn venta, tidlegare bøker eg har lest av Assis har vært tildels vriene å kome inn i. Men no har eg kome såpass langt i begge bøkene at eg kanskje blir ferdig før denne helga er over.
Neste bok ut blir uansett Paktens voktere av Tom Egeland, bok nummer 2 om arkeolog(anti-)helten Bjørn Beltø.
Nei eg har ikkje sett filmen. Venter med å oppsøke den til etter eg har lest boka. Men skulle den mot formodning dukke opp på TV-programmet ei sjeldan stund eg disponerer fjernkontrollen så kan eg fort finne på å sjå på den.
Høyr her, eg kunne ha lagt ut om heile livet mitt, det er mange andre interessante hendingar å fortelje om, men i såfall trengs det tid, vilje og papir. Eg har berre papir.
Dersom du tenker på det eg trur du tenker på, så er det årstala for dei ulike utgåvene av boka. Når eg til dømes søker på Beatles på bokelskere.no, så får eg opp denne utgåva frå 2008, og lengst nede på denne sida så er det linka til andre utgåver frå 1993, 1984, 2002, 1985 og 2009.
Eg trudde også på førehand at Hvite niggere kom først, men Beatles kom i 1984, altså 2 år tidlegare.
Strålande omtale, denne boka har eg hatt på ønskelista ei stund. Har lest The painted bird av same forfattar, og den gjorde eit visst inntrykk.
Forøvrig får plottet i "Being there" meg til å tenke på den australske filmen Bad boy Bubby frå 1993. Også her er det ein lettare tilbakeståande mann som har levd isolert heile livet, for så å måtte greie seg ute i samfunnet på eiga hand.
Er det fleire enn eg som opplever å finne uventa "kontaktpunkt" mellom bøker ein les etter einannan? Til dømes dersom den same historiske personen dukkar opp i to bøker på rad, utan at det er opplagt ut frå temaet til bøkene?
Eg reflekterte litt over dette i dette diskusjonsinnlegget for nokre månadar sidan, der det var heile 4 bøker på rad som var knytt saman på uventa vis.
No i januar opplevde eg det same igjen, i boka Beatles var hovudpersonane innom gravplassen til Jim Morrison på Père Lachaise i Paris. Neste bok ut var Bildet av Dorian Gray, og forsyne meg så er der eit forord av Jan Kjærstad der han innleier med å fortelje om korleis han tilfeldigvis snubla over grava til Oscar Wilde på, ja nettopp, Père Lachaise i Paris.
Underlege greier.
Oppvekstskildringar er ein favorittsjanger for denne lesaren, og Beatles må då vere det beste eg har lest av dette slaget. Her var det mykje bra.
I boka fylgjer ein 4 middelklassegutar frå Oslo, Gunnar, Ola, Seb og forteljaren Kim, i ein periode frå 1965 til 1972, eller frå gutane er 14 til dei er 21 år gamle. Ei flott forteljing om sterkt venskap og lojalitet, men også om kjærleik (og sorgene som høyrer med), svik, opprør, samfunnsforhold og om den nære forhistoria vår. Skildringane av miljø, både i tydingane «fysiske omgjevnadar» og «mellommeneskelege forhold», er av høg klasse. Foteljinga er stort sett i ein lettbeint og til dels humoristisk tone, men der er også et djupare lag av alvor og tragedie.
Den reativt kjende engelske popgruppa «The Beatles» er ein del av bakteppet for historia. Dei fire gutane i boka identifiserer seg med medlemmene av Beatles, og drøymer om å starte eit eige band. Men det bortimot geniale med boka er at utviklinga til gutane gjeng i takt med utviklinga til The Beatles sin musikk, frå det litt naive og truskuldige frå 1965 og tidlegare og til det meir utforskande og komplekse etter kvart som åra gjeng. Dette blir understreka av at kapitla i boka har namn etter Beatles-sangar (og enkelte post-Beatles sangar). Dei enkelte Beatles-albuma markerer også milepælar i historia til gutane.
Suksessen til boka skuldast nok til ein viss grad ein heil generasjon som kjenner seg att i oppvekst frå 1960- og 1970-talet. Men det virker som om historia også fenger lesarar som vaks opp både før og etter dette tidsromet. Det er vel også rimeleg å anta at Beatles har fått ein viss gjenklang i seinare litterære verk. Eg kan til dømes ikkje forstå anna enn at Ingvar Ambjørnsen sin Hvite Niggere og del 2 av Roy Jacobsen sin Seierherrene, og kanskje enno fleire som eg ikkje kjenner til, må vere delvis inspirert av denne boka.
Til slutt sit eg berre att med eit enkelt spørsmål: Kvifor i alle dagar har eg ikkje lest denne boka før? For å seie det med The Beatles: «I should have known better». Men no blei det til slutt likevel.
Eg tenkte å legge ut lenke til sjølve programmet, forstår du, sidan du tilsynelatende hadde lagt ut berre til omtalen. Men så oppdaga eg at lenkene var identiske (derfor min kommentar), og det viste seg jo å ha ei logisk forklaring. Ålreit med litt logikk av og til.
Solveig Christiansen formulerer lenger nede i tråden ganske presist kva eg tenker om saka. I tillegg trur eg at dersom valet skulle stå mellom ei "berre 4'er-bok" og ei "2'er + 6'er-bok", så ville eg vere mest nyfiken på den siste. Når ei bok får både svært lave og svært høge terningkast så er det truleg slik at den engasjerer både på godt og vondt, og då er det verdt å kike nærmare på den.
Men når det er sagt, så vurderer eg aldri bøker berre etter terningkast, her på sidene, dette kjem faktisk ca midt ned på lista over kriterier. Det viktigaste for meg er at handlinga eller temaet ser ut for å interessere meg, og også inntrykket eg får av omtaler av og diskusjonar om boka. Eventuelle anbefalingar veg også tungt.
Lenken er vel ikkje berre til omtalen av programmet, men også til sjølve programmet?
Heilt tilfeldig så blei også eg sitjande og høyre på dette programmet, uvitande om boka annelingua nemner og om denne diskusjonstråden. Mektig interessant, og eg MÅ berre sjekke ut denne boka.
No er ikkje dette ein sjanger som eg spesielt opptatt av, men når eg ser igjennom lista over bøker eg har lest dei siste åra så lurer eg på om desse to, som er av noko eldre årgang, kan passe med ynskjet:
- Uncle Tom's Cabin, Harriet Beecher Stowe
- Keiseren av Portugallien, Selma Lagerlöf
Den sat i alle fall som eit skudd hjå delar av den yngre garde då den kom på slutten av 70-talet. Kanskje er noko av forklaringa at det å raljere over kjende personar ikkje var fullt så utbreidd den gangen som det er no.
Det er umogleg for meg å sjå denne utan å tenke på Prima Vera sin fantastiske parodi, Arne Belinda. Teksta er OK som parodi, men det er først og fremst framføringa som tek Erik Bye på kornet.
ARNE BELINDA
Dette er historien om Kaptein Stunt og hans stumme papegøye Arne Belinda. Arne Belindas stumhet var et hardt slag for Kaptein Stunt. Og han ville ikke innse at han måtte leve sitt liv i ensomhet. Derfor engasjerte han to av sine nærmeste og letteste matroser til å overta Arne Belindas plass. Dette er historien:
Arne, Arne Belinda
Å tyst, kan du høre hans nebb
Arne Belinda sov trygt under masten
Sov trygt under masten min venn
Jeg kaster en Salty til Arne Belinda
Å tyst, kan du høre hans nebb-b-b?
Arne, Arne Belinda - ja vel
Å tyst, kan du høre hans nebb
Det låter en klage fra Arne Belinda
En Salty var slett ikke bra
Men hva er det du liker da, kjære Belinda
Bruk nebbet og ønsk hva du vil
Pølse, Pølse med lompe - Pølse med lompe?
Å fy, for en nebbete fugl
For ikkje å snakke om at ho har oversatt Gösta Berlings saga, som lesesirkelen skal i gang med no.
Tusen takk for tips. Eg har lagt merke til boka ved eit tidlegare høve, men no seilar den inn på lista over bøker eg skal sjå etter på bruktbutikkar, loppemarknadar, bibliotekssal etc. For den er vel ikkje å få i bokhandelen, veit eg?
Eg dømer ikkje, men eg let meg nok påvirke, og umedvite let eg meg sikkert påvirke i større grad enn eg vil like å tenke på. Og klart, eit tiltalande omslag er medvirkande til korvidt eg kikar på ei for meg ukjend bok. Eller kanskje ikkje først og fremst tiltalande, men heller det at omslaget gjer meg nyfiken.
Når det er sagt, så er det svært sjelden eg faktisk vel bøker ut frå omslag, eller tittel for den saks skuld. Pris er også ein faktor. Temaet for boka, og omtaler av den, er derimot langt viktigare. Denne nettstaden er for eksempel gull verdt når eg prøver å finne ut av om ei bok er verdt å lese eller ikkje. Og enkelte gangar er det berre slik at eg bestemmer meg for at eg skal lese noko av ein gitt forfattar.
Det gjekk forøvrig ein liknande diskusjon her inne for 2 år sidan (utgangspunktet for tråden var eit anna, men deh handlar etter kvart ganske mykje om omslag), og den gangen utfordra eg meg sjølv til å lese ei bok med eit omslag som IKKJE virka tiltalande på meg. Det gjekk ikkje så verst.
Eg tenkte nok mest på å male som i "teikne", og i vidare forstand også "skrive". Men eg er ikkje heilt nøgd med biletbruken i ytringa mi over, den kan nok tolkast i andre retningar enn det eg hadde i tankane.