For det første var dette i 2008. Altså før ungdommer fikk transplantert mobilen i håndflaten ved fødselen.
Det eneste han hadde å bidra med, var sin fraværende tilstedeværelse.
-lederen av damegruppa, forklarte han. -de er uvurderlige for oss. På mange måter grunnpilaren i klubben.
- som kvinner flest, altså.
Er enig, Lillevi...eg er heller ikkje sikker på kva eg meiner. Men, historia er god, så vi har bestemt oss for å gi det litt tid. "Gamal vane er vond å venda" seier ordtaket, og sånn er det nok når noko kjent kjem i ny drakt.
Eddi trakk pusten og slapp den lydløst ut. Blikket falt ned på magen. Han var i ferd med å vokse seg sin egen airbag.
Til jul ønska eg meg - og fekk - Når landet mørknar av Tore Kvæven. Stor var skuffelsen då eg opna boka ein kveld i romjula...heldt på å gi opp etter nokre få sider pga av eit svært nynorsk nynorsk!
Men, heldigvis - eg gav boka ein ny sjanse...og det tok ikkje lange tida før eg vart bergteken både av innhaldet og ikkje minst av akkurat språket, stilen. Det er ikkje få merknadslappar som har fått plass ved gode avsnitt og setningar.
No gler eg meg til å få lese boka vidare ....og kanskje igjen lese utsnitt høgt til gemalen. Han likar det han høyrer- trur eg :-)
Det er viktig, tenkte jeg. Når man slutter å drømme, er det over. Da mister livet sin glans.
Alle hadde sin historie. Det var de som motiverte meg til å skrive. Alle de ufortalte historiene.
Etter å ha telt på knappane, blir Hennes løgnaktige ytre av Selma Lønning Aarø mitt forslag.
Det er ei bok som har frista ei god stund, ei bok som handlar om konflikten mellom Knut Hamsun og Anna Munch.
Boka har fått gode kitikkar, og kastar lys over to forfattarar, den eine svært mykje meir kjend enn den andre...iallfall for mitt vedkomande.
Ein biografisk roman som skal vere både historisk og litteraturhistorisk.
..og det ser eg verkeleg fram til! Har lese bøkene fleire gonger, og har sett historia både på film og teater, men dette er stoff som tåler gjensyn! :-)
Dagsavisene var blitt vår tids desidert største spreder av sladder.
Det har blitt mindre lesing enn forventa...og det trass i at eg har hatt god tid! Skal no fullføre Et julekvad av Dickens. Alltid like triveleg, det.
Så,har eg såvidt starta på Når landet mørknar av Tore Kvæven. Er spent på om den er så god som eg har fått inntrykk av. Alt skrytet gjorde at den stod høgt på ønskelista til jul.
Ser at Readiggirl20 les "Min historie" av M Obama. Las den før jul, og likte godt, spesielt den delen der ho fortalde om oppveksten sin.
Vil ynskje alle eit godt nyttår 2019! :-)
Sidan jula er svært nær, lurer eg på kva bok eg får denne gongen. Nesten litt tull å gi meg bøker sidan eg har ein "haug" uleste bøker i hylla. Men- veit nok at det kjem iallfall ei...Då vil eg ønske meg Når landet mørknar avTore Kvæven ...eller Alt er mitt av Ruth Lillegraven.
Så får vi sjå....har uansett planlagt å lese litt Dickens i jula.
(Og om du lovar å ikkje sei det til nokon, så har eg kjøpt ein god del bøker til å gi bort i år-MED byttelapp i tilfelle dei blir skuffa!) God jul!
Historiene til dei to fredsprisvinnarane rørte meg så sterkt i dag, at no har eg bestilt boka til Nadia Murad! Ser fram til å få boka i hende, på same tid som eg grur meg til å lese innhaldet!
Heia - til deg og alle andre som kosar seg med ei god bok. Eg er i gang med Min historie av Michelle Obama. Eg fekk så lyst til å lese den at eg kjøpte....Likar det vesle eg har lese godt, ho fortel triveleg om ein ganske normal oppvekst i ei lita, trang leiligheit i Chicago.
Gler meg til å lese vidare.
Då må både du og alle andre ha ei triveleg helg, og ei god adventstid!
"Som jeg sa for noen dager siden,så lider mennesker som vil begå selvmord av et slags tunnelsyn. De tror at livet blir lettere for omgivelsene deres hvis de tar livet av seg."
Han lyfter bogen og spelar.
Spelar så himmelen opnar seg.
Spelar så geitene byrjar å danse.
Spelar så graset reiser seg og fuglane flyg i ring.
Han spelar til han søkk saman og blir sitjande i stilla.
Synd at det ikkje ordna seg med julelesnad.....kanskje folk er opptekne med så mykje at dette kom på sidelinja. Eg hadde alt lese, "Snøsøsteren" og Dickens har eg lese fleire gonger før, så om det blir den igjen, det får vise seg. Noko fint skal eg iallfall kose meg med.
Ha ei fin førjulstid!
For ei perle! Sit framfor ein sprakande omn og kosar meg. Er nesten irritert på meg sjølv fordi eg les den no, den hadde vore ei perfekt julegåve til meg.
Mytting meistrar skrivekunsten, ja!
Eg såg han forresten på NRK i går i programmet som Brenner hadde.