Morn!
Då er "Resten av dagen" leita fram frå bokhylla. Skal starte på den litt seinare i dag.
Er spent på innhaldet som har fått så mange lovord. Håper boka og samlesinga vil gi oss ei god oppleving. Gler meg...
(PS...får eg tak i filmen vil sjå den etter at boka er ferdig..)
Har berre vorte ei mammutbok på meg...til no...Den forbudte elven
av Obioma. Men, kven veit...det kan bli meir. Utvalet var no ikkje så aller verst.
Har lese ei bok av han før, spesiell, men god.
Mi bok kom hus for ikkje lenge sidan- eit sånt tilbod som var "Ta to - betal for ei."
Ser fram til diskusjonen! ...også eg vil takke deg som organiserer så godt! :-)
Folk flest klarer ingenting uten mobilene sine. Noe så enkelt som å lese et kart er blitt en glemt kunst ingen lenger behersker.
(Frå novella Jern & metall)
Så har eg greidd å lese ferdig boka om Den siste jenta- og skulle ha gitt mykje for at det skulle skje; At det no snart må vere den siste jenta som opplever så mykje vondskap.
Det gjorde nesten fysisk vondt å lese om ein del ho måtte gå gjennom, og å vite at ho ikkje var/er åleine.
For oss er det vanskeleg å fatte at menneske kan vere så totalt utan medkjensle!
Som eg skriv lenger nede her- reint språkleg er det ikkje mellom dei fremste, men bodskapen veg opp for det.
Det er viktig at verda får vite.....
Nadia Murad er ei sterk dame!
Har lese ca halvparten av boka- og dette gjer inntrykk!
Stor litteratur er det ikkje, men eg lærer mykje om ei folkegruppe som var heilt ukjend for meg.
Det dei måtte gå gjennom er nesten usannsynleg...gjer så vondt å lese om.
Men, det er ei bok som fortener mange lesarar, og trur den må lesast på dagtid! Iallfall av meg!
Som vanleg har eg luksusproblemet med litt for mykje å velje mellom, men trur eg endar med å foreslå Resten av dagen av Ishiguro.
Boka vert rekna som hans litterærere gjennombrot, og er filmatisert. (Lurer nesten på om eg har sett filmen).
Ser at mange har boka, og at den har fått varierte kritikkar, mest positive verkar det som når eg ser raskt over.
Kanskje ei bok som er veleigna til diskusjon?
Han var mer en dreng enn en sønn, det forsømte Augustus aldri å understreke, blod er tykkere enn vann,og det blir ingen silkepung av et griseøre.
Hmm, har boka på vent i bokhylla. Kanskje det er ei historie eg kan sjå fram til? Den har ikkje fått prioritet til no, sidan den sterkt fargerike framsida nesten gjorde meg litt skeptisk.
Må kanskje revurdere og la den rykke fram i lesekøen? Skal bli spennande å sjå...
Wherever the TV glows, there sits someone who isnt reading.
Hei!
Her i huset har det vore svært passivt, både med å lese og skrive.
Les på ei bok eg har spart på ei stund, Hjertet er en ensom jeger, og lurer nesten på om eg må ta den igjen seinare. Så rykkvis lesing gir ikkje fullgodt inntrykk av innhaldet, som skal vere godt.
Håper leseforma stig på same vis som sola- lysare dagar gjer godt!
Ha ein god morsdags-søndag! :-)
Også den boka eg les, eller rettare sagt har lese, er full av markeringslappar i kulørte fargar.
Dei gode tankane er mange, og der er ganske mykje som gjer inntrykk, som nesten må lesast fleire gonger. Har lese nokre av dei høgt til gemalen....
Sidan situasjonen min er som den er, så har eg nok lese boka ut i dag.
Synest innhaldet er best dei første 2/3 av boka...siste delen gav meg ikkje like mykje. Vart nesten litt trist av ei av hendingane der.
Men- ei bok eg skal minnast med glede!
Etter nokre dagar med opphald - eg måtte ta pause, enten eg ville eller ei - så opna eg boka i dag på s 77: VENZIA.
Om eg ikkje huskar feil, så er hovudpersonen Pietro ei einsleg, men ikkje einsam sjel. Han har selskap av hunden Parisha og no og då av Siamak, fattigkaren som manglar tunge men kommuniserer godt.
Sjølve historia om desse tre blir stadig krydra med innslag/ forteljingar som Pietro sjølv har opplevd, eller som han har fått fortalt. Likar forteljemåten, eg...
Ser fram til å lese vidare!
Jeg snakket høyt og tydelig. Det var bare oss to - den brune hunden og jeg. Jeg liker å ha noen å snakke med. Og de trenger slett ikke å gå på to ben. Er det så merkelig?
Må tilstå at også eg har tjuvstarta. Eine unnskuldinga mi er at lånetida er kortare enn vanleg (sikkert fordi det er ei ny bok), og den andre er at eg sit med ein broten fot på ein skammel og prøver å korte ned dagen med noko som gir meining.
Utan å seie for mykje, så kan eg sei at eg likar det eg har lese- det er spesielt og dei gode formuleringane er mange.
Bringsværd skriv på framsida at det er ein fragmentroman, som Lillevi skriv om lenger nede. Spennande!
Det ante meg, så boka er alt i hus...bibliotekbok, så har litt avgrensa tid. Men, det går sikkert bra! Er spent på denne, har likt det eg har lese av han før....
Du er sterkere enn du tror. Du har masse i deg som trengs i denne verden. Du er verdt noe. Du er viktig. Du kommer til å klare deg.
Hver og en av de unge menneskene som kommer inn i hennes klasserom, skal gå ut derfra med en visshet om at det er mulig for dem å få til noe. At det er en plass for dem i fellesskapet. At de kan bli til gagns mennesker.
Synest også at komposisjonen i romanen er god, og at språket held høg kvalitet (med sin svært konservative,ordrike nynorsk). Likte svært godt første halvdelen med så mange gode skildringar av natur og miljø og forholdet mellom Arnar og Eir!
Siste halvdelen hadde i overkant mykje æresdrap og hevnhandlingar - det drog noko ned for meg.
Men ei sterk bok om sterk kjærleik er det...etter mi meining.