Eg likte også illustrasjonane, sjølv om dei ikkje alltid likna bileta eg laga meg i hovudet medan eg las.(Lillevi er vel inne på det ein annan plass i denne tråden, kor lett det er å sjå for seg personane i boka)

Illustrasjonen på side 50 og 51 inneheld forøvrig ein artig feil, teikninga illustrerer ø-buarane som har vært og satt poteter ein vårdag. Men i bakgrunnen ser ein at det har vært hesja, der er tre, kanskje fire fine hæser nedom våningshuset. Det var nok litt for tidleg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I etterordet i mi norske utgåve er det gjort greie for at dialogen i originalteksta gjeng i ei særprega dialekt frå Västerbotten, og det skin igjennom at det ikkje var heilt enkelt for oversetjaren å handtere dette, enn seie å finne ut kva det rette tydinga av enkelte ord skulle vere.

Har du nokon eksempel på "umulige" passasjer? Det kunne vere moro å sjå kva oversetjaren har hatt som utgangspunkt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gjerne!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jaudå, den kom for 8 dagar sidan. Har lest den ut, men har hatt det så travelt i det siste at eg ikkje har funne tid til å take aktivt del i diskusjonstråden. Får prøve å rette på det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Venter og venter og venter på pakke i posten.
Og venter.
Og angrar på at eg ikkje har lånt ei utgåve på biblioteket medan eg venter.
Og venter

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men er dei ubrukelege? (med referanse til definisjonen på samlemani som wikipedia viser til)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

wikipedia les eg at

"Samlemani som lidelse er ofte definert som det å anskaffe, og ha vanskeligheter med å kvitte seg med eiendeler som er ubrukelige eller av lav verdi."

Av dette sluttar eg at omgrepet "samlemani" ikkje kan nyttast om bøker.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sjølv bestilte eg frå Skrotnissen, dei har 10 til på lager, sjekk her.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hmm ... det blir litt stusseleg med berre fire forslag (sjølv om dei er gode), så eg skøyter på med Jenny av Sigrid Undset. Boka kom i 1911, og er reikna som Undset sitt gjennombrot. Frå det vesle eg har lest om boka så er det eit godt portrett både av ei ung dame og av kunstnarmiljøet i Roma på tidleg 1900-tal.

Boka burde vere grei å få tak i, den var m.a. med på mammutsalet nyleg, og finnest truleg framleis i div restkasser i bokhandlar rundt omkring. For ikkje å snakke om i bruktbutikkar.

Og så vonar eg at det ramlar inn enno fleire forslag dei nærmaste 100 minutta.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Her er mammut-bonanza til fryd og besvær
Og det dyngast opp bøker i krokar og krær
Men for utgåande, som eg nær hadde sagt
Les eg Resten av dagen i høveleg takt

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jau det snøvar og snøvar, hei tiddelibom
Men min ulestbok-buffer den blir aldri tom
Så no er eg i gang med ein lang monolog
Der Karthago skal øydast av ein pedagog

Godt sagt! (7) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det vart farting i helga, i aust og i vest
Men eit hundretals sider, det fekk eg då lest
Så med Plogjernet kom eg til endes hin da’n
No er Livet i skogen min nattbordsroman

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er friveke rundtom i landsdelen her
Men den gjeld ikkje lesing, nei menn om den gjer
Så for tida så fyl eg An-Magritt sitt strev
Som med Plogjernet ryddar seg jordflekk så gjev

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Femte til 16. mars, men ein kan tinge bøker på førehand alt no.
Nettsida til mammutsalet er her (klikk på den blå teksta).
Her finn ein også eit oversyn over kvar for nettbokhandlar som er med på salet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jepp, då har det gått eit år sidan sist. Då skulle eg ikkje ha noko, og endte opp med 31 bøker. Så skundar eg meg å legge til at 26 av dei var kjøpt til halv mammut-pris etter at salet hadde slutta.

Eg tenkjer eg køyrer etter same opplegg i år. Is i magen, og sjå kva som blir til overs til slutt.

Er det noko spesielt de gjeng og vonar skal dukke opp i Mammut-katalogen? Sjølv har eg ingen konkrete titlar i tankane, men bøker frå Afrika og Oseania er mangelvare i ulest-delen av bokhylla. Meir enn mangelvare faktisk, der er ingenting. Derfor kjem eg nok spesielt til å sjå etter om der er bøker frå desse verdsdelane som verkar lovande.

Eg reiknar med at katalogen kjem her i morgon mandag 18. februar. Kanskje alt rett over midnatt? Skal i alle fall sjekke.
Det kan også sjå ut som om Haugenbok så smått har begynt å legge ut nokre titlar, men i skrivande stund ligg der berre 10 bøker.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Her er mildver og fint, og med fønvind iblant
Og den snøen vi hadde, i bekken den rann
Så eg roar ned reka med årgangs-roman
Ja, for Fønhus sin Trollelg er helga sin plan

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg er samd med deg angåande omslaget, eg kunne ha funne på å kjøpt boka berre på grunn av det. Eller i alle fall plukka den opp og sett nøye på den i bokhandelen.

Men for å kome til poenget; eg har bestilt boka, det er berre å spikre leseperiode så er eg med.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hvor slutter en historie?
Bestefaren min var arkitekt. Han sa at streken - og historien - slutter der den begynte. Og omvendt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Hm. Lea er et fint navn. Ingen grunn til å bytt..."
"Det betyr 'ku'," avbrøt hun. "Jeg ville hete Sara. Det betyr fyrstinne. Men far sa at jeg ikke kunne hete Sara Sara. Så i stedet er jeg blitt kalt ku i tjueni år. Hva sier du til det?"
"Vel." Jeg tenkte meg om. "Mø?"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

HeidiTove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteKristine Louise