G&K ordlegg seg ikkje slik:
-Det kan jeg forsikre dig, mit barn - sa Don Quijote -, at dersom ikke ridderskapet optok alle mine tanker, så var der intet jeg ikke kunde gjøre, og intet kunststykke jeg ikke kunde utføre.
Men det er W som har dekning i originalen (og skam få eg som ikkje tok meg tid - som om eg hadde hatt noka - til å lese Cervantes parallelt med G&K), der det står "especialmente jaulas y palillos de dientes". Bur og tannpirkarar, verken meir eller mindre.
Kanskje G&W ikkje skjønte poenget med dette? Ikkje dei heller? Ein gong eg og kona mi var på Brøndums Hotel i Skagen, kom det nokre brautande landsmenn av oss og slo seg ned ved nabobordet; det er jo så godt å sitje ute på Brøndums og ete frokost med ein lille. Dei skulle ha fyrstikker, og hadde vel lese sin H.C. Andersen, så dei bad om "tændstikker". Serveringsdama tolka dette som noko heilt anna - og kom ut att med tannpirkarar. Så dette kan vere vanskeleg, det.
Likevel: All ære til W, som seier det som står. Og LAM ofrar ikkje tannpirkarane ein einaste kommentar.
Ja, her har medlesarane sett mykje før eg har komme meg til tastaturet! Eg vil komme litt tilbake til det som tidlegare er sagt om Don Quijote som metaroman; i kap. X får eg assosiasjonar både til «han som skriv» i Edvard Hoems Kjærleikens ferjereiser (sjølv om vi i vårt tilfelle ikkje har nokon som skriv som går inn i handlinga, som hos Hoem). Også med Denis Diderots Jacques le fataliste er det nokre narratologiske parallellar. Så Cervantes går inn i ein tradisjon, men kva som var før han på dette området, veit eg ikkje så mykje om, bortsett frå at eg vel tidlegare har sitert LAM om at riddarromanane ofte hadde fleire – sjølvsagt fiktive – manuskript som forfattaren kommenterte.
Nå vel, kap. IX opnar med «Media noche era por filo» («Det var alt langt over midnatt»), og dette, seier LAM, min venn i filologiske naudsituasjonar, er det fyrste verset i ein romance, «Romance del conde Claros de Montalbán». Også seinare i kapitlet er det allusjonar til romancer. Og når don Quijote seier «Con la iglesia hemos dado, Sancho» («Vi er komne til kyrkja, Sancho»), opplyser LAM at denne setninga kom til å bli namngjeten i tolkinga av «[el] sentido esotérico», altså den esoteriske tydinga av Don Quijote på 1800-talet. Kva som ligg i dette, får eg grunne på til neste runde med Don Quijote.
I kap. X ser eg at G&K bruker prosa for å gi att eit par verselinjer i originalen:
Mensajero sois, amigo
no merecéis culpa, non.
I omsetjinga står det – heilt rett – «[…] at eg kun er et sendebud som handler etter befaling og følgelig utan enhver skyld». Det skal bli interessant å sjå kva W gjer her. G&K får i alle fall ikkje fram at dette er poesi, henta frå ein romance av Bernardo del Carpio. Rett etterpå har originalen eit par utbrot som ikkje er med hos G&K, noko av eit ordtak som er vanskeleg å omsetje. Å leite etter ei Maria i Ravenna vil seie å leite etter noko der det er, men her står det for, stadig etter LAM, å leite etter noko unyttig og unødvendig, noko vanleg og svært synleg, som ein artianar frå Salamanca, eller ei Dulcinea som ikkje finst.
Det er litt artig å sjå korleis Sancho trekkjer fram at namna på dei som doktorerte, vart skrivne med raud farge på veggen, for dette ser vi restar av på domkyrkja i Granada og på universitetet i Salamanca.
Så kjem noko anna artig, nemleg at Sancho forvekslar cananeas («kanaanear») og hacaneas (som eg ikkje finn i ordbøkene), men at G&K bruker «studeri» og «stutteri», aldeles glimrande, synest eg. Eg skriv G&K og ikkje K&G, enda det står på tittelbladet at boka er omsett av Nils Kjær og Magnus Grønvold, for eg har tenkt at Grønvold, som jo har laga ei heil ordbok, har stått for det filologiske grovarbeidet, og så har Nils Kjær gått etter i løypa og fått litterær sving på dette arbeidet. Eg undrar meg over kva som har hindra annelingua frå å undersøke dette spørsmålet i detalj, flink som ho er til å oppspore både det eine og det andre!
Dette får klare seg – eg lyt vidare i neste bolk …
BYFOGDEN
[...] Den enkelte får sandelig finde sig i at indordne sig under det hele, eller, rettere sagt, under de myndigheder, som har at våge over det heles vel.
DOKTOR STOCKMANN
Men en videnskabsmand bør dog leve en smule fornemt.
DOKTOR STOCKMANN
Å jo, nu kan jeg nok tillade mig det. Katrine siger, at jeg tjener næsten lige så meget, som vi bruger.
Eg tenkte at eg skulle forske litt på "særlig bur og tannstikkere" i dag, men eg finn det ikkje i teksta (G&K). Kan du vise meg kvar det står (kapittel og avsnitt)? Eg har forresten bestilt Worrens omsetjing på virtuelt bakgårdssal hos Aschehoug - så blir eg lettare å kommunisere med.
Nei, faraoner er nok ingen trykkfeil; det er fleirtal av den eldre forma faraon (etter mønster av klassiske språk).
Lindsey Davis er vel den einaste moderne kriminalromanforfattaren som eg har sans for - sikkert fordi ho skriv om Roma under keisar Vespasian. I bøkene tek ho oss med rundt til stader i Romarriket, denne gongen til Cordoba. Helten heiter Falco, og han er truverdig. Sjølvsagt er det vår eiga tid ho skriv om, men under dekke av at vi er i antikken. Det verkar som om ho har pussa på kvar einaste setning i bøkene sine. Og ho gjer det med humor. Ingen skal ha klart å arrestere henne for alvorlege eksempel på feil bruk av historiske fakta.
Da burde du kanskje vurdere medlemskap i Sigrid Undset-selskapet?
BYFOGDEN
Tak; jeg deltager aldrig i toddygilder.
BYFOGDEN noget dempet
Det er mærkeligt med de folk, som stammer fra bønder; aldrig kan de lægge taktløsheden af.
Eg har uttalt meg rosande om Dikterdronningen - det ser du ved å klikke på boka. Kanskje også om Kristins verden; i alle fall er boka god som bakgrunnsstoff til Kristin Lavransdatter. Sigrid Undset og Roma håper eg å kunne ta før vi dreg til Roma i haust.
«Eg veit ingenting,» svarte Ragna alvorlig. «Eller altfor lite. Men eg veit kva eg kjenner på meg. Kva som kjennest rett, og kva som ikkje kjennest rett.»
Bøkene mine om Sigrid Undsets liv og forfattarskap
'Are you going to sit snoring there all day?' inquired Mrs. Bumble.
'I am going to sit here as long as I think proper, Ma'am,' rejoined Mr. Bumble; 'and although I was not snoring, I shall snore, gape, sneeze, laugh, or cry, as the humour strikes me, such being my prerogative.'
'Your prerogative;' sneered Mrs. Bumble, with ineffable contempt.
'I said the word, Ma'am,' said Mr. Bumble. 'The prerogative of a man is to command.'
'And what's the prerogative of a woman, in the name of Goodness?' cried the relict of Mr. Corney deceased.
'To obey, Ma'am,' thundered Mr. Bumble. 'Your late unfort'nate husband should have taught it you; and then, perhaps, he might have been alive now. I wish he was, poor man!'
CHAPTER XXXVII
In which the reader may perceive a contrast, not uncommon in matrimonial cases
Zigong sa: 'Det eg sjølv ikkje ønskjer at andre skal gjera mot meg, det ønskjer eg heller ikkje å gjera mor andre.' Meisteren sa: 'Ci, så langt har ikkje du nådd!'
It seemed odd and sad that mankind could for centuries have so effortlessly graced the landscape with structures that seemed made for it - little arched bridges and stone farmhouses, churches, windmills, winding roads, hedgerows - and now appeared quite unable to do anything to the countyside that wasn't like a slap in the face.
Interessen ble i alle fall vekket, og ønskelisten min på capris.no blir stadig lengre og lengre. :)
Eg er einig i at det er mange - eller i alle fall fleire - opne spørsmål i Gengangere. At ein del av det som Ibsen skriv om syfilis, ikkje held vitskapleg mål i dag, synest eg er mindre viktig; poenget er korleis sjukdommen skal tolkast symbolsk som bilete på gjengangarane. Slutten ser eg på som open; ein gong var det oppsetjing der fru Alving kasta pillene og ville kjempe vidare for Osvald.
I eit innlegg over her står det at stykket ikkje er så aktuelt i dag, og dette er eg ikkje einig i. For meg er dette skodespelet eit drama om kampen mot alt som stengjer fof frigjering av mennesket. Livet i syden blir ikkje eit geografisk alternativ, men eit ideal, eit bilete på livet utan dei stengsla som det borgarlege samfunnet set.