Fine refleksjonar, Bjørg og annelingua! Eg noterte dette mens eg las:

I kap. XII møter vi han som i kapitteloverskrifta er «el bravo Caballero de los Espejos» («Spegelriddaren»), men som i fortlejinga blir kalla «el Caballero del Bosque» («Skogriddaren»). Cervantes lèt dei to vennene våre snakke rett så fornuftig om teater og om livet; dette var jo eit velkjent motiv i renessanselitteraturen. I Hamlet møter vi «the play within the play», og i både As You like It og The Merchant of Venice står livet som skodespel sentralt – livet med sine mange roller som vi lyt spele på vegen frå vogge til grav. I originalen står comedia, men G&K set det om med «teater». Og skodespela set opp ein spegel for oss, «poniéndonos un espejo a cada paso delante».

Så er det at herren ser korleis væpnaren veks i visdom for kvar dag:

–Cada día, Sancho, –dijo don Quijote– te vas haciendo menos simple y más discreto.

Sancho ser samtalene med don Quijote som den gjødselen som fører til denne åndelege framgangen, og her kjem eg på ny på Hjalmar Ekdal, som trekkjer fram «det daglige samvær med mig» som føresetnad for tilsvarande utviklingar i familien under mørkeloftet.

Eg likte skildringa av forholdet mellom Rocinante og eselet godt – og samanlikninga med klassiske personar som Orestes og Pylades (Orestes er sonen til Agamemnon, og Pylades er kompisen hans – kanskje vi kan lese Aiskhylos og Euripides saman ein annan gong?) og dei mindre kjende Nisus og Euryalus, som vi altså finn i Æneiden, bok IX).

Men Cervantes har nok ein gong eit lyrisk innslag som G&K gir att i prosa, omvendt av når Rosa er på ball hos Evert Taube, der Fridtiof Andersson talar på prosa, men diktar «rimmande ord»:

No hay amigo para amigo: las cañas se vuelven lanzas

Orda er forresten henta frå ein romance, og kanskje gjer G&K rett, for caña kan jo tyde både «rør», «strå», «siv», «støvleskaft» og «skinnbein», for ikkje å snakke om eit glas fatøl, og alt dette forvandlar seg altså til lansar når ein venn ikkje lenger er ein venn. Det er noko i dette; jf. kva eg tidlegare har skrive om King Lear. Velkjent renessansestoff igjen, med andre ord. Etterpå har originalen

De amigo a amigo la chinche, etc.

Det er Cervantes og ikkje eg som legg til «etc.». Dette er frå eit ordtak, og det uttrykkjer vel at lusa flyg frå den eine venen til den andre.

Når riddaren kjem og dei begynner å prate, kjem don Quijote med den store utsegna, om at det ikkje er nokon av dei vandrande riddarane som ikkje er det, altså forelsksa: «No hay ninguno de los andantes que no lo sea.». Riddaren er forelska i Casildea de Vandalia, noko som ikkje gir grunn til kommentar frå LAMs side. Diktet som riddaren syng, har heller ikkje nokon fotnote, så dette er det vel Cervantes sjølv som har dikta.

Herrane snakkar saman, og det gjer væpnarane òg, «los dos escuderos», ut kap. XII og i kap. XIII. Det er interessant at også kollegaen til Sancho Panza snakkar om å få ei øy; kanskje var dette eit motiv i litteraturen – kanskje har eg t.o.m. lese om det, men gløymt det. Drikke vin gjer dei òg. Når kollegaen om dottera til Sancho seier «¡Oh hideputa, puta, y qué rejo debe de tener la bellaca!» (G&K: «O den horunge, for en sterk natur det må være i henne»), opplyser LAM at Sancho brukte det same uttrykket i I.25 – rejo tyder «styrke», «kraft». Så veit vi dét. Her blir det krangel, og det før Sancho hentar vinen, om uttrykket hideputa; kollegaen ror vel ganske kraftig her? Og Sancho bryt ut med «¡Oh hideputa, bellaco, y cómo es católico!» når han har smakt på vinen – LAM seier at católico tyder «fortreffeleg», «kjempegod». Sancho utnemner seg like godt til den beste vinkjennaren av alle! Den historia som han fortel om dette, skal, seier LAM, tilhøyre ein brei folkloretradisjon. Riktig rørande er denne scena med dei to, der Sancho sikkert meiner alvor når han seier at han er glad i don Quijote.

I kap. XIV har originalen to verselinjer som G&K gir oss på prosa:

Y tanto el vencedor es más honrado, cuanto más el vencido es reutado;

Dette byggjer på Alonso de Ercillas La Auracana (1569) (nei, eg har ikkje høyrt om det, eg heller); det er dette som hos G&K står å lese som "Jo navnkundigere den overvundne er, desto større blir seierherrens heder".

Eventyret med skogriddaren held fram i kap. XIV. Før identiteten blir avslørt i kap. XV trekkjer skogriddaren t.o.m. inn Giralda i Sevilla (LAM seier, som rett er, at dette er ein allusjon til og ein vits om tårnet i denne byen). Don Quijote reagerer forbausande sakleg når den andre seier at han har overvunne nettopp don Quijote, og når dei skal slåst, får vi vel ein fin parodi på riddarlivet når Sancho og kollegaen blireinige om korleis dei for syns skyld skal utkjempe ein kamp.

Så viser det seg at riddaren er Sansón, mens væpnaren med den digre pappnasen er Tomas Cecial, naboen. Ordet cecial tyder tørka (røykt eller salta) fisk, seier den spansk-danske ordboka mi. LAM seier at dette ordet vart brukt om torsk og annan fisk som vart tørka og salta.

Alt var del av eit komplott mellom barberen, soknepresten og artianaren. Når LAM seier at kamp mellom riddarar som viser seg å vere gamle kjenningar var eit vanleg motiv i ridarromanane, skjønner jo vi bokelskande dQ-lesarar at naturlegvis var det slik,

Elles ser eg i Dag og Tid for 16.9.2011 at Brit Bildøen i intervju med Ottar Fyllingsnes uttalar seg om den siste romanen sin, Adam Hiorts veg. Eg gir ordet til Fyllingsnes:

Det er fem år sidan Bildøen gav ut den førre romanen sin, Mitt milde vesen. Den gongen hevda ho at miljøvern måtte vera det viktigaste å skriva om, og på sparket konkluderte ho med at den neste boka kanskje måtte handle om ein norsk Don Quijote som kjempa mot vindmøller.

Og slik vart det.

Heller ikkje Jon Utskott [, hovudpersonen i den siste romanen,] er glad i vindmøller.

-Eg hadde litt større problem med å finna ut kven som skulle vera Sancho Panza, men så kom eg til at det måtte vera ein ung jypling – ein dokumentarfilmskapar. […].

Godt sagt! (6) Varsle Svar

ASLAKSEN
For det kunde kanske nok trænges at ha' os småborgere i ryggen. Vi danner nu ligesom en kompakt majoritet her i byen, - når vi rigtig vil da. Og det er altid bra', at ha' majoriteten med sig, herr doktor.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mens eg, gripen av møtet mellom Nancy og Rose, nærmar meg slutten av romanen, les eg i Dag og Tid for 16.9.2011 at Dostojevskijs fyrste spørsmål etter at han slapp fri frå Sibir i 1854, var: "Kan eg få den siste Dickens-romanen?" Eg skjønner han godt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ein stor roman, dette, om okkupasjonen og frigjeringa av Finmark. Brent jord, filmatiseringa boka, går i fjernsynet sundag kveld (18.9.).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Brent jord, filmatiseringa av Fimbulvinteren, går i fjernsynet sundag kveld (18.9.).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HOVSTAD
[...] Der må rygges ved den fabelen om de styrendes ufejlbarlighed. Sligt noget må ryddes ud ligesom al anden slags overtro.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

HOVSTAD
Den sump, aom hele vort kommunale liv står og rådner i.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Somebody did own that view, could sit there every morning with his muesli and orange juice, in his Yves St Laurent bathrobe and Gucci slippers, and look out on this sweep of Mediterranean heaven. It occurred to me that it probably was owned by Donald Trump, or the Italian equivalent, some guy who only uses it for about two minutes a decade and then is too busy making deals and screwing people by telephone to notice the view. Isn't it strange how wealth is always wasted on the rich?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I shall call him Edward, since that was his name.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fint. Mi dansk-spanske er grøn, ja, full av gode uttrykk, og den spansk-danske raude gir treff på det aller, aller meste.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det er vel grenser for kor PIRKete sjølv vi kan vere ...

Kva står VOX for? Eg har CLAVE-ordbok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

DOKTOR STOCKMANN
Hele badeanstalten er en kalket forgiftig grav, siger jeg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

PETRA
Der er så megen usandhed både i hjemmet og i skolen. I hjemmet skal der ties, og i skolen må vi stå og lyve for børnene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

MORTEN
Du må være svært syndig, du, Petra.

PETRA
Syndig?

MORTEN
ja, når du arbejder så meget. Herr Rørlund siger, at arbejde er en straf for vore synder.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

FRU STOCKMANN
Og iaften har du stile at rette, ser jeg.

PETRA
En hel bunke, ja.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk! Interessant å sjå kva dei driv med, dei som får dette verket over på norsk. Eg veit at Worren kontakta spesialistar på 1600-talsspansk under arbeidet. Hadde trud at eg skulle klare meg utan versjonen hans, men har altså bestilt og ventar spent på kva han har å by på av løysingar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje lese alt som denne nobelprisvinnaren har skrive, men her er den delen av forfattarskapen som eg har arbeid med. Den beste er utan tvil La fiesta del chivo, om diktaturet i República Dominicana - og om svik og tillitsbrot. Han kunne ha fått nobelprisen berre for denne.

Vargas Llosa har både spansk og peruviansk statsborgarskap, men eg har klassifisert han under Peru. Og snart skal eg høre han i Litteraturhuset i Oslo ...


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Styr unna. "Må aldrig opføres," skreiv Grieg om symfonien. Skulle ønskje at ein forlagsredaktør kunne ha sagt det same om denne tørre historia om livlause personar i Portugal. Forlaget skriv at dette handlar om forholdet mellom menneske, og at skildringa av dese forholda er så god. Villeiande reklame, altså. Hallbjørn Rønning les som ein helt i lydboka, men ånd av denne kalde steinen klarer hellerikkje han å skape.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sigbjørn Hølmebakk: Fimbulvinteren

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

HannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESKirsten LundsvarteperLilleviHarald KTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibekeMarenGodemineYvonne JohannesenKjerstiAgnesVariosaChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieIngvild SHeidiBjørg Marit TinholtStig TBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Linda Rasten