Kjell Einar Thorkildsen har skrive ein svært lesverdig og lettlesen roman om to middelaldrande menn som har møtt kvarandre på psykiatrisk institusjon, og som reiser til Spania for å gå den mykje omtalte pilegrimsruta til Santiago de Compostela. Romanen er kort, men rommar likevel mykje. Dette er på ei og same tid ei fin reiseskildring, eit usminka portrett av to fortumla menn som er lette å kjenna igjen og ein kritikk av psykiatrien.

Det viktigaste er likevel at Thorkildsen skriv romanen med liv og overskot. Ein får lyst til å lesa vidare når ein les "Langt frå kort".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lesverdig analyse av veksten til partiet Enhedslisten i dansk politikk dei siste ti åra. Boka er ein pageturner, men blir noko overflatisk. Ho fokuserer mykje på strategien som ligg bak suksessen til Enhedslisten, men det politiske innhaldet og konfliktane i dansk politikk kjem for mykje i bakgrunnen etter denne lesaren sin smak.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er ei bok me har mangla i Noreg. Noko av årsaka til at det kjem få bøker om fiskeripolitikk er nok at det ikkje er det mest salgbare temaet her til lands. Røed har likevel skrive ein 300 siders pageturner om temaet, og han tek for både oppdrettsnæring og fiske langs norskekysten i eit globalt perspektiv. Røed viser at den norske forvaltninga av fisken fyrst og fremst er styrt av økonomi, og at kunnskapen om fiskeri og fangskvotar i forskingsinstitusjonar ofte må spela andrefiolin i møte med politikarar og næringsinteresser.

Dette er ei bok alle samfunnsinteresserte burde lesa. Røed viser i boka at fisken kan bli vår viktigaste næring i framtida. Medan oljeindustrien berre har nokre tiår att, kan me ha inntekter frå fiskeri i mykje lenger tid. Røed viser at framtida til næringa likevel svært usikker, både fordi overfiske og privatisering trugar felleskapet sine inntekter frå fiskeri- og oppdrettsnæringa.

Røed si bok er ei lesverdig blanding av nasjonal politikk, globale fiskeritrendar og artige anekdotar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er den mest lesverdige av dei tre 22.juli-bøkene eg har lese. Ifølge bokmeldaren i Morgenbladet er det ein veikskap ved boka at den manglar eit hovudfokus. Eg vil sei at dette snarare er ein styrke. Medan Aage Storm Borchgevink i den mest omtalte 22.juli-boka i haust, En norsk tragedie, i all hovudsak fokuserer på ABB sin barndom og bakgrunn, har Fatland si bok eit langt breiare perspektiv. Det er særskilt verdifullt å lesa om Fatland sine møte med dei etterlatne, og hennar skildring av hendingane på Utøya er dei mest fortetta og intense som er skrivne i ettertid av 22.juli. Denne lesaren sette også stor pris på presentasjonen av andre einsame ulvar som har begått terrorhandlingar dei siste åra.

Dag og Tid sin meldar av "Året uten sommer" meinte at dette er den boka om 22.juli som eignar seg best for omsetjing til andre språk, også fordi den opnar for fleire perspektiv enn dei andre bøkene om 22.juli. Det er ikkje vanskeleg å gje han rett.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Islendinger hører ingensteds hjemme. En islending har det best på Leifsstadir, den internasjonale flyplassen ved Keflavik. Den tollfrie sonen er hans fedreland.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Liten tvil om at Ryggvik si er meir omstendeleg, men det ser ikkje eg som noko minus. Det er uansett mogeleg eg er litt hard mot Fanebust her, eg hadde svært store forventningar til boka etter hans to fyrste svært gode bøker.

Eg har lese mange bøker om oljenoreg dei siste åra. Det er i hvert fall to bøker om Nordsjødykkarane og Kristen Skjeldal (og Unni Berge) si bok for å nemna tre som du ikkje nemner. Etter å ha lese desse bøkene fann eg lite nytt i fanebust si bok. Uansett har du heilt rett i at den er vel verdt å lesa, Fanebust er etter mitt syn ein av våre beste forfattarar av politiske debattbøker!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er sjølve bibelen for oss anglofile som er glade i gode pøbbar og godt øl. Kan tilrådast alle som set pris på god pøbbkultur og som skal til England, Skottland eller Nord-Irland!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Etter å ha lese dei to fyrste bøkene til Fanebust med stor interesse, var eg litt skuffa over denne. Det meste er kjent stoff for oss som har lese om den norske pionertida i oljebransjen, og som i tillegg følger samtidsdebatten om oljenæringa tett. Fleire bøker om same tema er meir interessante, til dømes Helge Ryggvik si "Til siste dråpe".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vores problem i dag er ikke demokratiet, og heller ikke våre ledere, skønt flertallet av dem er så inkompetente, at de fortjener vores foragt i højere grad enn våres stemmer. Vores problem er, at det netop er den type ledere, vi ønsker. Vi ønsker ledere, som ikke stiller krav til os, som er uambitiøse indtil det selvutslettende, og så snæversynede, at de ikke virker, som om de går ind for andet end, at dagen i morgen ikke er til at skelne fra dagen i dag

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det etableres sterkere politisk kontroll over pressen og akademia, og borgernes politiske handlingsrom, herunder demonstrasjonsretten og ytringsfriheten, innskrenkes. Situasjonen er at kjerneverdier i vestlige liberale demokratier er truet, og det for å bekjempe en fiende som har tatt færre liv enn lynnedslag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig med den, Karin. Ein liten veikskap med boka er at Hegge sjølv vert i overkant suveren og polemisk i sin omtale av rettspsykiatrien. Uansett har Hegge eit utal gode poeng, boka er ein svir å lesa!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Never doubt,that a small group of thoughtfull, commited citizens can change the world. Indeed, it is the only thing that ever has.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei siste dagane har eg lese den svært fascinerande soga om korleis slaveriet vart avskaffa i kolonimakta Storbritannia, gjennom Adam Hobschild si grundige framstilling i boka «Begrav lenkene».

Det fascinerande ved denne forteljinga er den påverknadskrafta eit dusin slaverimotstandarar som møttes i London i 1785 for å starta ein foreining mot slaveri, fekk i eit land som var så økonomisk avhengig av slaveriet. I løpet av to år greidde desse tolv aktivistane å snu den britiske opinionen frå å vera likegyldige til slavehandel, til at store delar av befolkninga deltok i ei folkerørsle mot slavehandel! Heile slaveriet som institusjon tok det noko lengre å reisa motstand mot og til å avskaffa, men i løpet av nokre tiår greidde dei denne oppgåva også.

Slaverimotstandarane lukkast fordi dei greidde å knyta forbindelsar mellom det nære og det fjerne, fordi dei greidde å gjera slavane sine lidingar til eit spørsmål om menneskeverd som nasjonen Storbitannia var ansvarleg for. Slavemotstandsrørsla var både den fyrste menneskerettsorganisasjonen og den fyrste sosiale rørsla, dei utvikla mellom anna mange av dei reiskapa som dagens politiske og sosiale organisajonar brukar for å påverka opinionen og politikarane. For dei av oss som er engasjerte i slike organisasjonar i dag, er boka «Begrav lenkene» av uvurderleg verdi.

Når tolv menn utan stemmerett på eiga hand kunne mobilisera ein nasjon til å avskaffa ein institusjon som var så sentral for økonomien som slaveriet, er det nærliggjande for ein samtidig lesar å spørja kva me kan få til i dag? Dei to mest nærliggjande analogiane til avskaffinga av slaveriet i vår samtid, må vera dei globale fattigdoms- og klimautfordringane.

Det er sjølvsagt ein stor forskjell mellom slaveritilhengjarane på 17- og 1800-talet og vår tids tilhengjarar av det politiske hegemoniet. På 17- og 1800-talet forsvarte slaveritilhengjarane slavehandelen og slaveriet med reine ord, i dag vil ingen kalla seg motstandarar av miljøvern eller av utvikling i fattige land. Vår tid er i staden prega av ein dobbeltmoralens retorikk og politikk som 17- og 1800-talets Storbritannia i stor grad var skånt for. Til dømes går ikkje dagens norske politikarar av vegen for å kalla seg miljøvernarar, trass i at dei fører ein politikk som fører til at Noreg aukar CO2-utsleppa år etter år. Det manglar heller ikkje på norske politikarar som er opptatt av internasjonal solidaritet, men som likevel forsvarar norsk våpeneksport og norske imperialistiske posisjonar i WTO-forhandlingane.

Sjølv om utfordringane er annleis, er det ingen tvil om at nokre få aktivistar kan ha stor påverknadskraft også i dagens dobbeltmoralske politiske klima. Framveksten av den vekstkritiske organisasjonen «Fremtiden i Våre Hender» i Noreg på -70-talet, og framveksten av den globale sosiale rørsla for demokratisering av finansmarknaden no på 2000-talet, er berre to døme på dette. Begge desse døma viser uansett at omstillinga frå engasjement til gjennomføring av praktisk politikk, er like krevjande i dag som for 200 år sidan.

I desse motgangstider får me henta inspirasjon i Margaret Mead sine ord som er sitert i innleiinga til «Begrav lenkene» : «Ein skal aldri tvila på at ei lita gruppe omtenksame og engasjerte borgarar kan endra verda. Faktisk er dette det einaste som nokonsinne har endra den.»

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg må innrømma at eg var både overraska og imponert over denne framtidsskildringa til Knut Faldbakken frå 1974. Boka er endå meir aktuell i våre dagar, kor det økologiske samanbrotet er meir nærliggjande. Flott skildring av folk på utsida av samfunnet.

Hadde boka vore skrive i dag ville eg ha sagt at den var inspirert av "The Road" av Coman McCarthy. Kanskje ein i staden frå sei at MCCarty er inspirert av Faldbakken?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Orda dine om boka vert for storslegne etter min smak. Bra bok, men når ikkje dei store høgdene. Avstanden mellom den motviljen den vesle Per har for garden og bygda og den voldsomme godhugen den vaksne Per har for gardslivet verkar urelistisk. Boka er uansett ei fin skildring av eit sårt barnesinn...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ein av dei få bøkene som har forandra livet mitt. Christie skriv som alltid engasjert om å arbeida og leva i Camphill, antroposofane sine institusjonar for psykisk utviklingshemma. Eg las boka då eg gjekk på økologisk jorbruksskule tidleg i 20-åra, og eg vart umiddelbart fascinert av at det faktisk finnes små samfunn kor folk lever etter prinsippet "Yt etter evne, få etter behov".

Eg flytta til ein av desse institusjonane etter å ha lese boka, og vart buande i halvtanna år. I mange år etter at eg flytta ut lengta eg tilbake til eit liv som er mykje meir intenst og krevjande enn det eg lever i til kvardags. Christie si bok bør lesast av alle som drøymer om eit heilt anna samfunn enn vårt forbruks- og fritidsjagande!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ifølge Bilden er det tre mytar om mat som pregar ordskiftet om maten sin storpolitikk her på berget. Den fyrste er at kortreistmyten, som går ut på at kortreist mat er meir miljøvenleg enn mat som kjem langveisfrå. Bilden peikar på at om ein tek med energibruken i produksjonen, kjem både norsk kjøt og norske grønsaker til kort mot mat som er produsert på sydlegare breiddegrader. Den andre myten er ressursmyten. Bilden hevdar nokså overraskande at det er ein myte at det er for lite mat i verda, og at problemet skuldast fordeling, og ikkje matmangel. Den tredje myten handlar om handel: Ifølge Bilden finnes det ei rekkje aktørar i ordskiftet om maten sin storpolitikk som hevdar at berre marknadsliberalistar meiner at handel er betre enn bistand.

Gjennom heile boka ynskjer Bilden å lansera ein solidarisk handelspolitikk som går i rette med desse mytane. Bilden hevdar at årsaka til at desse mytene har overlevd så lenge, er slett journalistisk arbeid og manglande kompetanse om globale utviklingstrekk i norsk presse. Han går dessutan til åtak på såvel Senterpartiet som Handelskampanjen, som ifølge Bilden tek til orde for ein proteksjonistisk politikk som underkjenner at utvikling fyrst og fremst skjer gjennom handel.

Kva for ein norsk handelspolitikk er det så Bilden ynskjer? Fyrst og fremst tek han til orde for ei sterk auke av norsk matimport frå land i sør, i takt med reduksjon av norsk matproduksjon. Dette vil Bilden gjera gjennom å redusera produksjonssubsidiane i norsk landbruk, og vri støtta over på ivaretaking av kulturlandskap og biologisk mangfald. Ifølge Bilden vil dette både gagna miljøet og fremja utvikling i landa i sør som treng eksportinntektene. Bilden stør seg dessutan på synspunkta til den afrikanske union, som mellom anna tek til orde for at berre land i sør har rett til å verna sin eigen produksjon mot import.

Det er mange gode poeng og mykje bra i Bilden si bok. Bilden sine besøk hos matfolk og bønder i sør og nord utfordrar einkvar som er opptatt av landbruk og handel til å tenkja gjennom kva som er rett medisin i handelspolitikken. Han teiknar også eit truverdig bilete av Afrika som eit «overflødighetshorn», der sjansen for å bli overvektig er vel så trugande som sult for overraskande mange. Det som likevel svekker Bilden si bok, er at han på såpass mange område forenklar biletet av den globale matvaresitusjonen og dei gjeldande maktkonstellasjonane. Dette blir eit paradoks, når hans uttalte føremål med boka er å avliva norske mytar om mat og makt.

Den mest oppsiktsvekkjande forenklinga gjer Bilden når hevdar at det ikkje er matmangel i verda, og at det heller ikkje vil bli det dei neste 40 åra! Denne opplysninga har Bilden funnet på ei nettside som er er ein del av FN sitt tusenårsprosjekt og dessutan i ein rapport frå FN si landbruksavdeling FAO, og han tek derfor opplysninga som god fisk. Problemet er at FAO sin rapport byggjer på ei rekkje føresetnader som kvar for seg synes urealistiske. Eitt døme er at FAO i sin rapport ikkje tatt omsyn til at mykje av jordbruksarealet vil bli brukt til energiproduksjon i framtida. Dessutan føreset FAO ein 80% auke i jordbruksavlingane (på same areal) dei neste 40 åra i land i sør. Dette synes urealistisk med både med omsyn til den energibruken dette vil krevja, og med tanke på dei utfordringane mange land står overfor i høve til klimaendringar (td. erosjon og tørke). Ei rekkje internasjonale ekspertar kjem då også til diamentralt motsette konklusjonar av Bilden. Til dømes har grunnleggjaren av Worldwatch Institute, Lester Brown, skrevet at dei rekordhøge kornprisane dei siste åra er innleiinga til ein epoke kor matmangel og kamp om knappe ressursar vil prega verda.

Bilden har sjølvsagt rett i at kortreist mat ofte er langt mindre miljøvenleg enn importert mat. Eitt iaugnefallande døme er norske tomatar, som ofte er produsert i energislukande drivhus. Då seier det seg sjølv at spanske og marokkanske tomatar dyrka på friland er langt meir miljøvenlege. Samtidig saknar ein som lesar ei breiare drøfting av krisa i industrilandbruket hos Bilden. Med dei globale utfordringane me står overfor knytt til klimaendringar og bruk av energi, vatn og kjemiske sprøytemiddel, er det ingen tvil om at industrilandbruket i løpet av dei neste tiåra må bli langt meir miljøvennleg og ekstensivt. Anten me satsar på matproduksjon i nord eller sør, representerer dagens industrilandbruk ein av dei største truslane mot miljøet på jorda.

Er det i ein slik situasjon særleg lurt å satsa mindre på norsk landbruk, som har betre føresetnader for miljøvennleg drift enn dei fleste andre vestlege land? Me har stor tilgang på vatn, mindre behov for å bruka kjemiske sprøytemiddel på grunn av lite smittepress, små gardsbruk og svært store utmarksressursar. Den norske landbrukspolitikken er rett nok feilslegen, og derfor har me fått eit energikrevjande og lite miljøvenleg landbruk i dag. Føresetnadane for det motsette er likevel dei aller beste.

Det er også grunn til å trekkja fram Bilden sin visjon for ein meir solidarisk utviklingspolitikk som eit forenkla bilete av dei utfordringane land i sør står overfor. Sjølv om Bilden brukar nokre sider på slutten av boka til å drøfta idear om korleis verdas handelsorganisasjon (WTO) kan bli meir demokratisk, er det påfallande kor stor tru han har på at ein ny handelsavtale skal gje fattige land sjansen til å utvikla seg ut av fattigdom gjennom handel med mat. Bilden hevdar at WTO på grunn av konsensusprinsippet (alle land må vera einige før noko vert vedtatt) er ein eigna organisasjon til å sikra fattige land sine interesser. Utfordringa er at all erfaring viser at dei fattige landa vert overkøyrt i desse forhandlingane, trass i konsensusprinsippet. Det er til dømes ikkje vanskeleg å vera eining med Bilden i at vestlege land sine eksportsubsidiar ofte øydelegg marknadane i sør, og at slike subsidiar burde vera ulovlege. Likevel synes det urealistisk at desse subsidiane skal bli tatt vekk gjennom WTO-forhandlingane. Korleis kan me då fortsetja å ha tiltru til dette systemet?

Mat- og handelspolitikk er eit svært komplekst politisk felt. Kaare Bilden skal ha honnør for at han gjer eit heilhjarta forsøk på å foreina miljø- og utviklingsomsyn i sin visjon for ein ny handelspolitikk. Då er det synd at han må forenkla biletet av ressurssituasjonen og maktkonstellasjonane i verdssamfunnet såpass mykje for å få visjonen sin til å bli truverdig.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Opplysande om korleis olja har prega den økonomiske politikken i Noreg dei siste tiåra. Ein pageturner for alle samfunnsengasjerte!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Glitrande reportasjebok av Strøksnes. Morgenbladet har ikkje vore det same etter at Strøksnes slutta i avisa. Denne kan tilrådast!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHarald KHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine Bore