Lou Clark mistar serveringsjobben ho er glad i fordi kafeen ho jobbar i vert lagt ned. Ho ser seg om etter ny jobb, og får eit halvt års engasjement som personleg assistent til ein mann i rullestol. Dette vert ein mykje vanskelegare jobb enn ho har sett føre seg, men også ein mykje meir gjevande jobb enn ho trudde på førehand. Ein verkeleg god roman om eit aktuelt tema, aktiv dødshjelp, av ein av mine yndlingsforfattarar. Kan anbefalast!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei er to søstre, og den eine av dei blir svært sjuk. I denne diktsamlinga er historia sett med den friske søstera sitt blikk. Her finst hennar kjensler og observasjonar i sjukdomsperioden. Boka gjorde sterkt inntrykk på meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På landsbygda i Pennsylvania, USA i 1968 bankar eit ungt par på døra til Martha, som bur aleine. Ho kjenner dei ikkje, men sidan det plaskregnar ute, let ho dei kome inn. Ho legg merke til at dei har eit lite spedbarn med seg. Ikkje lenge etter kjem vaktene frå ein institusjon som ligg i nærleiken på Marthas dør, og tek med seg den unge kvinna. Mannen klarer å rømme ut av eit vindauge. I det kvinna vert dregen ut av huset, kviskrar ho til Martha: ”Ta vare på henne!”
Dette er ei sterk historie med rot i verkeleg, amerikansk samtidshistorie. Vi får følgje Martha og korleis ho tek vare på barnet, samstundes som vi også følgjer korleis den unge kvinna og den unge mannen får det vidare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mike er hakkekyllingen i klassen, har ei mor som er alkoholikar og ein far som gjer alt han kan for å halde på familiens fasade. Då russiske Tschick startar i klassen, og tek kontakt, oppstår det, trass i det Mike ønsker, vennskap dei to gutane imellom, og dei to vennene dreg ut på ein biltur nedover Tyskland. Her er humor og humør, men bakom ligg det såre. Ei godt skriven bok som godt kan lesast både av ungdom og vaksne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forlaget skriv om boka: ”I det kjæresten skal til å fri til henne, gjør den fremgangsrike
advokaten Emily Haxby det i stedet slutt med ham. Problemet er at hun
ikke engang ovenfor sine nærmeste venner kan forklare hvorfor hun gjorde
som hun gjorde. Snart er det sommerferie og hun lurer på om hun har tatt
det riktige valget. I tillegg står andre utfordringer i kø, både på jobb
og privat. Emily er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt og hun
forstår at hun er nødt til å ta et oppgjør med sin store frykt. Dette er
en roman om å elske, miste og elske igjen.”
Hovudpersonen er redd for å binde seg, av di ho er redd for å miste dei ho bind seg for sterkt til. Interessant og godt om bindingsangst.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

To historiar: Elsie Schmidt er 17 år i 1944 og vert invitert til sitt første ball – av ein SS-offiser. Journalisten Reba Adams har mange uavklarte forhold, både til den døde far sin, til mor si, søstera si, og ikkje minst til sambuaren Riki. Historiene til dei to kvinnene har mange likskapar, og i boka vert dei fletta saman. Ein oppslukande historie, spennande. Innheld kjærleik, drama, familiekonfliktar og verdshistorie. Ei bok det er vanskeleg å leggje frå seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forfattaren Jens M. Johansson har intervjua forfattarar og andre kulturpersonar om det dei driv med og om livet. Dette vert korte, men interessante portrett. Godt skrivne, og med andre spørsmål og vinklingar enn vi elles ofte finn i intervju i media. Dei fleste av intervjua har stått på trykk i Aftenposten tidlegare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Handlinga i denne romanen går føre seg nokre få månadar i 1686 og 1687 i Amsterdam. Attenåringen Petronella Oortman (Nella) vert gifta bort til ein av dei rikaste handelsmennene i byen. Sjølv kjem ho frå ein landsby utanfor hovudstaden. Livet som frue i byen vert heilt annleis enn Nella har sett for seg, på fleire måtar. Romanen er godt skriven, men eg er usikker på om eg liker eller ikkje liker distansen lesaren får til det som hender. Dette er ei heilt spesiell og fascinerande historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei tilfeldig hending i ein butikk gjer at Judith treffer Hannes. Dei innleier eit forhold, og Hannes sjarmerer snart både Judiths familie og venner. Judith sjølv, derimot, er ikkje heilt sikker på om forholdet til Hannes er noko ho kan tenkje seg å halde fram med. Boka, som tilsynelatande er ein enkel kjærleiksroman, er skriven på ein thriller-aktig måte, og tek overraskande vendingar undervegs. God underhaldning, og ein pageturner!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ein biografisk roman frå ein av mine yndlingsforfattarar. Jens er bare tjuto då far hans døyr av hjarteinfarkt. Dette dødsfallet, samt det at foreldra hans skilde seg då han var ganske liten og har gifta seg på nytt på kvar sin kant, har prega korleis han ser på seg sjølv og korleis han lever livet sitt. No er Jens snart førti, og tenkjer i romanen gjennom alle sine relasjonar. Ei interessant og gild bok, sjølv om det ikkje er ei bok med mykje handling.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I første kapittel møter vi Rebecca medan ho spring på ein sti. Etter henne kjem ein mann ho trur forfølgjer henne. Ho slepp unna mannen, og vi får innblikk i korleis ho har det heime, med treåringen Niley som ho stort sett har eineansvar for, og mannen som bare stundom er heime, og som er valdeleg når han er til stades. Gjennom boka følgjer vi Rebecca i det ho klarer å flykte frå mannen sin, og medan ho flyttar frå plass til plass i frykt for at han skal finne henne. Dette er ei bok om ei sterk kvinne. Det er ei sterk historie, som har blitt til ein svært god roman! Bare hald ut gjennom første kapittel – det tykte eg var litt kjedeleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I denne romanen finst det to eg-personar. Det er litt forvirrande i starten, men ein kjem raskt inn i det. Alice, den yngste av tre unge søstre, reiser heim til London frå eit langt opphald i Mongolia fordi faren ligg på dødsleiet. Ho kjem heim i tide, men ikkje mange dagar etter at ho kjem heim, døyr faren. Gjennom romanen får vi innblikk i hennar forhold til faren, søstrene og ekskjærasten.

Den andre eg-personen er ein eldre mann. Han er uteliggjar og går rundt i London og leitar etter ei kvinne. Kva dei to har med kvarandre å gjere, kjem fram etterkvart. Kvart kapittel vert innleia av ei liste med punkt frå ein til ti, som handlar litt om same emne som det komande kapittelet handlar om.

Dette er ei vakker kjærleiksforteljing av ein roman som kan anbefalast!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Familiedrama over tre generasjonar, frå okkupasjonstida i Danmark til Berlin i notida. Hovudpersonen Helena Tholstrup, operasjef i Berliner Oper, skal motta ein demokratipris av den tyske kanslaren. Innimellom kjem også forteljinga om Helenas foreldre, og ikkje minst forholdet hennar til dottera Sophie. Hanne-Vibeke Holst er ein av mine yndlingsforfattarar, og i denne boka skriv ho som vanleg intelligent, samfunnsengasjert og fantastisk godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Helene vaknar opp på sjukehuset etter eit hjerneslag. Ho har mista både språk og hukommelse. Etter kvart går det opp for henne at ho ikkje bare må finne igjen språk og rørsler, ho må også prøve å finne ut kven ho eigentleg er, eller var; ei gift kvine som er like ved ei skilsmisse. Sterk roman som velfortent fekk Deutscher Buchpreis i 2009.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sophie vert enke som trettiseksåring. Ho går gjennom mange stadier i sorgprosessen, og trur at det finst ein perfekt måte å vere enke på. Ho vert innhenta av eigne kjensler, og det går raskt nedover med henne. Boka er likevel skriven på ein sorgmunter måte, og er ei god bok å setje seg ned med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forfattaren Tordis hamnar i Sandefjord fengsel for fyllekøyring. Her er tonen tøff , og miljøet er heilt annleis enn det Tordis er van med. Fengselsopphaldet vert også ei reise i Tordis sjølv, og går på psyken laus.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å, dette var bra! I et Gotham uten Batman finnes det andre skurker og helter. En blanding av realistisk krim og svart magi gjør dette til en nærmest perfekt tegneserie i mine øyne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Litt tung å komme inn i, men da jeg skjønte hvordan den er bygget opp med flere parallelle tidsplan, fikk jeg sansen. Original og ulik det meste annet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Glitrende fortellerkunst, selvfølgelig, og rykende fordumsfullt overfor alle andre enn hvite middelklassemenn. Akkurat den delen velger jeg å se som et underholdende tidsbilde. Men blir jeg skremt? Ikke ganske. Terskelen for hva som er skremmende har nok hevet seg en del siden salig Lovecrafts dager...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESKirsten LundsvarteperLilleviHarald KTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibekeMarenHanneGodemineYvonne JohannesenKjerstiAgnesVariosaChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieIngvild SHeidiBjørg Marit TinholtsomniferumStig TBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Linda Rasten