Eg planlegger sjelden kva eg skal lese. Eg må ha lyst å lese akkurat DEN boka, for at eg klarar å byrje på ei, så eg trur det hadde fungert dårleg om eg skulle planlegge.
Animal Farm er vel ei tilnærma menneskefri forteljing? Bonden har iallefall ikkje ei stor rolle.
Heilt einig. Eg syns denne var skikkeleg dårleg.
Eg hadde mange favorittar, som blei lesne jamnleg. Mellom anna: Anne fra Bjørkely, Lille lord Fountleroy, Den hemmelige hagen, Emily-serien, Syv små australiere, dei fleste bøkene til Roald Dahl. Før eg begynte å lese sjølv gjekk det mykje i Anne Kath Vestly og Astrid Lindgren.
Eg har ikkje sansen for denne boka. Språket var dårleg, og notidshistoria uinteressant. Historia om lepraøya var i grunn spennande, men eg syns ikkje forfattaren formidla historia på ein god måte.
Ja, denne likar eg og godt. Eg har fleire gongar lese denne for elevane mine, og introen fegslar dei fleste. Eg gler meg til mine eigne barn er store nok til at eg kan lese Roald Dahl for dei.
Kom i postkassa her og i dag. Gleder meg til å lese den, men må fint stille meg i lesekø bak min betre halvdel.
Eg likte ikkje boka noko særleg. Den var forsåvidt lettlest og underhaldande, men historia var noko tynn. Eg har lese dei to andre bøkene til samme forfattar, og desse likte eg betre.
Den fins som høyrespel, ja. Kjempefin bok!
Høyrespelversjonen har eg aldri fått med meg, men eg har eit vagt minne om at eg har sett utdrag frå ein film med bakgrunn frå denne boka. Denne boka likar eg så godt, at eg treng ingen ungar som alibi for å lese den :)
"God natt, Mr Tom" har og handling frå andre verdskrig. Den handlar om ein gutt som blir evakuert frå London og havnar hos ein eldre enkemann. Både guten og enkemannen har opplevd mykje, og eg blir like rørt og gripen kvar gang eg les denne boka.
Roald Dahl fortener absolutt ein sjanse til! Som fleire over meg kan eg absolutt anbefale Mathilda, Heksene, Georgs magiske medisin og stort sett alle andre bøker han har skrive. Eg har alltid vore Roald Dahl-fan, og håper at mine barn og kjem til å kose seg med desse bøkene :)
Eg og! Las den første gang som tenåring, og les den framleis med jamne mellomrom, no stort sett på engelsk. Har du lese "God natt, Mr Tom" av samme forfattar? Eg er veldig glad i denne boka og.
Eg er delvis einig med deg i dette. Eg likte fortidshistoria, men dårleg språk gjorde at heilheitsinntrykket av boka blei godt under middels.
Snømannen er den eg hugsar best, den var til tider skikkeleg creepy! Eg likte ikkje Panserhjerte så godt, kom ikkje heilt inn i historia. Gler meg til Gjenferd, og den skal lesast så snart den kjem i postkassa!
Eg likte boka veldig godt! Syns den var litt treg i starten, men historia tok seg veldig opp. Eg blei til tider irritert og frustrert over hovedpersonen sine valg og prioriteringar, men eg hadde likevel sympati for han gjennom heile historia. Slutten var til tider litt langdryg, men eg syns likevel det var synd at boka var slutt då eg var ferdig med den. Kjem vel kanskje ikkje til å lese den igjen, men syns det var ei fantastisk bok!
Eg syns den var kjedeleg og intetsigande. Gav opp etter knappe 100 sider.
Fins forresten eit par-tre andre trådar om samme boka, trur eg har svart i alle etterkvart :)
God og gripande bok om ulike skjebner under 2 verdskrig. Eg har lese den fleire gangar på norsk og engelsk, og kan absolutt anbefale den!
Denne boka les eg jamnleg, både på norsk og engelsk. Absolutt ein favoritt! BBC-serien er fantastisk, men boka gir mykje meir djupne til karakterane, spesielt syns eg forholdet mellom Elizabeth sine foreldre blir godt skildra i boka. Mr Darcy er, og blir min absolutte romantiske helt!
Einig. Fins ingen andre enn Colin Firth som Mr Darcy :)