P. D. James sine bøker om Adam Dalgliesh kan absolutt anbefalast! God, britisk krim!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne syns eg var lettlest, eg har større problem med Emma. Emma er ei bok eg gjerne vil lese igjen, for eg likar historia veldig godt, men slit litt med motivasjonen likevel.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bøkene skal lesast i kronologisk rekkefølgje, frå 1-16. Eg las dei fleire gangar som fjortis, og likte serien veldig godt. Kom over dei på loppemarknad for 10-12 år sidan og fekk heile serien for 100 kr, så då måtte eg jo lese dei igjen :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Kjøkkengudens kone" og "Lykke og glede" av Amy Tan syns eg er gode bøker som fortel noko om motsetnadene i amerikansk og kinesisk kultur.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg likte ikkje denne boka noko særleg. Forfattaren brukte alt for lang tid på å fortelje ei historie som med fordel kunne vore korta ned. Boka var grei tidtrøyte, men irriterande lang. Oppskrytt, spør du meg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja, eg veit iallefall at eg ikkje kjem til å kvitte meg med mine bokhyller. Likar å ha ei handfast bok mellom hendene, ikkje berre lese tekst på skjerm. Så om eg i framtida skaffar meg lesebrett vil det nok bli brukt som eit supplement til boka, ikkje som ei erstatning!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fekk 9 av 12. Lyrikk har eg ikkje peiling på, så der blei det litt gjetting, ja...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Grei tidtrøyte, men ikkje noko meir enn det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bienes hemmelige liv er utrolig fin, og foregår i et miljø som ligner litt på det i Barnepiken.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hurra!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dersom du likar serien bør du absolutt lese boka! Kan aldri tenke meg du blir skuffa. Boka gir eit endå betre inntrykk av forholdet mellom dei ulike karakterane. Spesielt syns eg Mr og Mrs Bennet sitt forhold blir godt skildra i boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Harry Potter er fantastisk, ja :) Likar veldig godt "Goblet of fire", sysn det er ei av dei mest spennande bøkene i serien. Klarte ikkje å legge den frå meg første gang eg las den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gutter er gutter likte eg og best i filmversjon, men trur i grunn det er fordi eg ikkje er så begeistra for Nick Hornby sine bøker. Historiene er bra, men likar ikkje skrivemåten. Dessuten likar eg den litt "slemme" versjonen av Hugh Grant :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heilt einig! Boka formidler dei ulike karakterane, og forholdet mellom karakterane, betre, men BBC-filmatiseringa er likevel veldig god! Filmen med Kiera Knightly og co når ikkje BBC-serien opp til anklane ein gang! Eg syns den nyaste filmversjonen framtstilte omgjevnadane til Lizzy og familien som litt sjuskete, huset var mørkt og dystert. Dette får ein ikkje inntrykk av i boka.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Bestilte heile Anne-serien på engelsk for eit par månader sidan, og no kosar eg meg med den komplette historia om Anne. Eg er berre komen til bok nummer tre, men eg la tidleg merke til at den norske oversetjinga eg har er noko mangelfull. Kjekt med "nye" historier om Anne :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Grei som lett underhaldning, ja. Men hovedpersonen var ikkje lett å like, så eg irriterte meg noko underveis.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dersom eg er i ein bokhandel er det oftast framsida av ei bok som gjer at eg i det heile tatt plukkar den opp. På eit bibliotek er det gjerne ein fengande tittel som får meg til å ta boka ut av hylla. For at eg skal få lyst å lese boka må baksideteksten fenge meg, og i tillegg må eg bla litt i boka for å få eit inntrykk av korleis den er skriven.

Eg har litt vanskar med å motivere meg til å lese bøker der det ikkje er noko "luft" i teksten, eller dersom dialogen ikkje er markert på ein tydeleg måte. "Gymnaslærer Pedersen..." er døme på ei bok eg ikkje har klart å begynne på, rett og slett på grunn av skrivemåten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Harry Potter var det første som slo meg og :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, ho er visst ung og pen, i følgje seg sjølv :) I tillegg hadde visst denne personen sett profilen min på my space, men denne profilen har ikkje eg kjennskap til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då er det vel kanskje mogeleg at vedkommande blir sletta? Eg var ikkje primært ute etter meldingar frå "beautiful, young girls" då eg registrerte meg her :)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHilde AasnurreBente NogvaEileen BørresenStein KippersundTone HSigrid Blytt TøsdalNinaGro-Anita RoenJohn LarsenLars MæhlumIngvild SPiippokattaSigrid NygaardMartinCatharinaFindusKent Ivar Aasten OlsenEvaHilde H HelsethAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjersti