I løpet av denne bokhelga fekk eg avslutta ei bok, lese ei og fekk begynt på bok nummer tre. No er det "Et rom med utsikt" av E. M. Forster eg held på med, reknar med den tek noko lenger tid enn dei eg las ut i helga, så den held nok til bokhelga i veke 47 og :)
I dag har eg avslutta "Norwegian wood" av Haruki Murakami og begynt på "Kinamann" av Brynjulf Jung Tjønn. Sjeldant effektiv leseøkt på meg i dag med andre ord!
Einig med deg :) Like fin no som eg er 32, som då eg var 12!
Eg les gjerne bøker om igjen. Dei som oftast blir tekne fram på nytt er "Stolthet og fordom"( på norsk eller engelsk, alt etter som), "En liten sang om kjærlighet" (fantastisk fin ungdomsbok som eg har lese jamnleg sidan 12-13 års alderen), Harry Potter-serien.
Eg er ein ivrig nynorsk brukar. Har alltid skrive nynorsk, og som student i bokmålmiljø var eg bevisst på å ta vare på skriftspråket mitt. Men eg er lite flink til å lese bøker på nynorsk. Eg er lite oppdatert på kva som fins av nynorsk litteratur, og syns faktisk det kan vere vanskeleg å lese ei nynorsk bok. Grunnen til dette trur eg er at nynorsk alltid har vore eit skulespråk/fagspråk for min del. Alle skulebøker eg hadde i grunnskule og vidaregåande var skrivne på nynorsk, og i ungdomsåra valgte eg alltid/oftast bokmålsbøker når eg skulle lese for underhaldninga sin del. Nynorske tekstar var nok forbundne med ei viss kjensle av plikt, ikkje underhaldning. På tross av at eg sjeldan les bøker på nynorsk er eg glad i skriftspråket mitt, og oppteken av å skrive rett og godt nynorsk.
Så vidt eg hugsar ville ikkje Olivia at Harry skulle vite om ungen. Og sidan Bill hadde tatt med ungen til Harry og Lidia heim, måtte vel Bill love å holde seg unna? Eller noko i den dur...
Samme her! SVK, Matilda. Heksene og Georgs magiske medisin blei lesne om og om igjen. Like gode kvar gang! Gler meg til eg kan lese Roald Dahl til mine eigne barn, og håpar dei får den samme opplevinga av bøkene hans som eg fekk.
Bukkene Bruse i badeland er ein stor favoritt her i huset! Morsom vri på historia ungane kjenner så godt frå før, og artige illustrasjonar.
Fordelen med å lese bøkene på engelsk er at dei er komplette. Iallefall opplevde eg at dei 3 første bøkene er mangelfullt oversatt i forhold til den engelske utgåva. Eg har ikkje samme inntrykket av dei siste bøkene, så eg forstår ikkje heilt kvifor oversetjar har valgt å kutte ned bok 1-3. Men uansett språk så er eg veldig glad i Anne frå Bjørkely, og eg blir stadig like rørt av dødsfall, retur frå krig, trufaste hundar osv :)
Eg har ein 6 åring som er svært glad i å bli lest for. Bøker som har falt i smak hos han er til dømes: Historiene om Reven og Grisungen (Bjørn Rørvik), Tidsreise-serien (Mary Pope Osbourne), bøkene om Megagutten (Martin Olczak), Albert Åberg, noko av Thorbjørn Egner og noko Roald Dahl. Ofte er det eg som velger ut bøker for han fordi eg oftare er innom biblioteket, men det er opp til han om vi skal fortsette med ein serie eller lese ut bøker vi held på med. Om han les noko vi har heime er det han som bestemmer.
3-åringen i huset vil gjerne lese alt som handlar om prinsesser, men er og glad i Vesle Pinne, Mamma Mø, Mummitrollet, Barbafamilien, diverse eventyr osv.
Eg vil jo gjerne at mine ungar skal bli glad i dei samme bøkene eg likte som barn, men eg trur vi les ei god blanding av nytt og gammalt.
Inger Hagerup eller Andre Bjerke kanskje? Eg var veldig glad i mi Andre Bjerke-bok som barn iallefall, mange humoristiske dikt!
P D James sin serie om Adam Dalgliesh! God, britisk krim.
Henning Mankell og Åsa Larsson er andre alternativ.
Det var spesielt ein twist forfattaren kunne spart seg. Det blei rett og slett for dumt! Ellers klarte boka seg greit som tidtrøyte. Pløyde gjennom den her ein dag no i veka då eg var både barnlaus, internettlaus og fri for husarbeid eg gadd å gjere...
Ringenes Herre er fantastisk!
Einig! Den urolige mannen var kjedeleg, men dei andre Wallander-bøkene har eg likt godt!
Greit tidsfordriv og betre i bokform enn som film, syns eg :)
Etter mi meining er denne boka høgst middelmådig. Notidshistoria var rett og slett dårleg, men fortidshistoria var ganske interessant. Eg har lese boka på norsk, og syns språket i boka var dårleg. Mulig det inntrykket hadde endra seg om eg las den på originalspråket?
Det viktigaste er at boka fenger meg. Gjer den det kan den aldri ta slutt for min del :) Men har eg ein dårleg leseperiode er det vanskelegare å motivere seg til å lese ein murstein.
Eg har lese både den engelske og den norske versjonen. Innhaldet er det samme, men på norsk er boka delt i to bind.
Eg les gjerne gode bøker opp igjen, og har enkelte favorittar som eg tek fram jamnleg. "Stolthet og fordom" har eg sikkert lese ti gangar, men den er like god kvar gang :) Ei anna favorittbok er "A little lovesong". Dette er eigentleg ein ungdomsroman, men eg er like glad i den no som då eg var 14.