Eg strevde meg gjennom, det blei mykje skumlesing på slutten, berre for å bli ferdig. Uengasjerande!
Eg likte begge bøkene veldig godt, men held ein knapp på "Hånden som først holdt min". Kunne godt tenke meg å lese fleire av bøkene til Maggie O'Farrell, men det ser ut til at dette er dei einaste som er oversette til norsk. Er det nokon som har lese bøkene hennar på engelsk?
Blakke
Eg las bøkene i rekkefølge 3, 2, 4, 1. I grunn heilt uproblematisk, men ville nok valgt kronologisk rekkefølge, berre for å få med meg starten på relasjonen mellom Carl, Assad og Rose.
Eg las tre bøker om den ville ungen til elevane mine seinast i dag faktisk :) Boka eg las frå såg ganske ny ut, det var ei ei samleutgåve med alle tre historiene i ei bok. Fornøyelege vers med morsomme illustrasjonar!
Eg trur det er Kvinnen i buret som er den første boka. Så kjem vel Fasanjegerne som nummer to, Flaskepost fra P og tilslutt Journal 64. Spennande bøker!
I min barndom gjekk den slik Husker du den gang da de døvstumme sang, og de fingerløse spilte på klaver, -ver, -ver? Og en halvdød mann satt på bussen og sang, vil du være med i graven når jeg død, dør, dør? Nei, det vil jeg ei, for jeg heter Nikolai, og var enogtyve år da jeg ble født, født født Og min mor er undulat og min far er tinnsoldat, og de begge to ble født i en tomat, -mat, -mat. Oliohoho, oliohoho, og de rompeløse måtte gå på do, do, do Oliohoho, oliohoho, og de rompeløse måtte gå på do, do, do.
Ja, det var akkurat den linja eg tenkte på og :)
Boka er skummel og fantastisk bra! Eg gler meg til den dagen eg skal lese den for elevane mine. Introen er jo genial! Men trur kanskje den blir litt for hard kost for mine andreklassingar, men kanskje i tredje klasse ein gang? Boka skal definitivt lesast for eigne barn og når dei berre blir store nok!
Eg held på med Emma av Jane Austen og Revolutionary road Av Richard Yates. Målet er å iallefall komme litt lenger i begge to. Men med eit halvsjukt barn og diverse rapportar som skulle vore skrivne før skuleslutt er eg redd lesing blir nedprioritert.
Ja, siste avsnittet var veldig godt skrevet. Veldig god bok, og kjempegøy å nå kunne lese den på orginalspråket! :D
"alvorleg talt, kapein Jack!" brølte Rebecca. "kor mange hjelparar treng du eigentleg? Moby Dick, Anna, han dusten frå Havanna, Pukkelryggen i Paris? Skal du ha med fleire no treng vi Barnepiken og! Kan du ikkje berre kvitte deg med rasket og så drar vi to vidare? Eg er så lei av alle omveiane! No tar vi strake veien til det usynlige fjellet, så lar vi bermen vere igjen her på Øya!"
Skatten finn vi nok, svarer Rebecca. Men ikkje pokker om eg blir med før eg Har fått meg ein lang frokost på Tiffany's!
Løvekvinna fekk Boktyven ut av buret, og saman kom dei seg vekk frå kaptein Jack sitt skip i ein av livbåtane. Kartet var igjen i kapteinen sitt eige. Men Boktyven gav ikkje opp så lett! Han hadde sett nok av kartet til å forstå kvar skatten befant seg, og saman med Løvekvinna la han i vei mot det usynlige fjellet i "det rene landet" .
Kaptein Jack klarte å overtale Rebecca til å slå følgje, og saman la dei ut på vegen nordover. Vegen var lang, og bølgjene høge, og den etterkvart svært sjøssjuke Rebecca forlangte at kaptein Jack skulle legge til kai ved næraste havn. På kaia møtte dei "Boktyven", og før våre heltar visste ordet av det hadde han stukke av med skattekartet.
Brødrene Karamasov hadde dessverre ikkje anledning til å hjelpe sin gode venn, kapteinen, då dei for øyeblikket låg strak ut grunna eit frykteleg anfall lumbago. Men kapteinen visste råd, og ba sin vakre nabo, "Rebecca" om hjelp.
Tusen strålende soler, Khaled Hosseini
På biblioteket vårt er det veldig mykje lettles-bøker for alle aldersgrupper, så sånn sett er det i grunn lett å finne gode og tilpassa bøker. Dersom vi les meir avanserte bøker, eller teikneseriar, pleier han oftast å lese alle overskrifter og enkelte avsnitt eller snakkebobler. Han har etterkvart begynt å like og lese til oss, så eg håper vi kan bevare den gleden! Å lese ei side kvar var heller ikkje dumt :)
Vi skal delta på Sommarles, arrangert av det lokale biblioteket, og. Reknar med det blir mest høgtlesing med 7-åringen, men noko må han lese sjølv og. Han blir ein stadig betre lesar, så det er best å passe på at lesefarten held seg over sommaren :)
Stort sett einig med Elisabeth, men for min del kjem En bønn for Owen Meany på topp, medan dei tre andre deler andreplass. Eg har lese Enke for et år også, men den hugsar eg rett og slett ikkje. Sirkusbarn begynte eg på ein gang, men kom ikkje langt før eg la den vekk.