Fleire av dei nominerte har fine begynnelsar. Men eg likar også godt innledningen til Kilden av Gabriel Scott:

Et menneske kommer til verden, det vandrer rundt i en ham av støv, det lever og spreller og strir en tid, det trekkes med sykdom, urett og savn. Så dør det og går i glemme og blander sitt støv stille med jordens. Markus står det kanskje på brettet, hva for en Markus var det?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg lærde både nynorsk og bokmål i mi grunnskoletid. (Grunna flytting). I jobben har eg måtta bruke bokmål. Men eg har ein nynorsk dialekt, og eg har alltid bruka nynorsk privat, då det er mitt "hjartespråk". Dikt på nynorsk er vakkert, tykkjer eg. Kling betre enn bokmålsdikt ved opplesing, og har eit rikare ordtilfang. Mange songarar tykkjer det er godt å syngje på nynorsk, på grunn av klangen i vokalane og diftongane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg likar så godt tittelen Stillheten mellom tonene. Forfattar: Gita Mehta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lytta til Broene i Madison County, lesen av Janne Kokkin. Nydeleg musikk, "Autumn leaves", mellom kapitlene. Fin bok, tykkjer eg, sjølv om ho kanskje blei noko patetisk til tider. Interessant å lese anmeldelsar av boka på amazon.com. Stort sett får ho berre ei stjerne - eller full pott. Ho gir tydeleg ulik gjenklang hos dei ulike lesarane. Det har vel noko å seie kor romantisk ein er....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg og lika denne boka veldig godt. Spennande og interessant lesing. God komposisjon og gode personbeskrivelsar. Her er mange personar og fleire tidsepokar, men forfattaren held ein fast tråd, tykkjer eg. Fengslande historier om Viktor Scott sine forfedre. Den minst interessante personen,tykkjer eg, er Viktor sjølv, nåtidspersonen. I historiene kjem uventa og overraskande ting for dagen. - Forfedrene var nok ikkje dei heltane dei tyktest å vere i utgangspunktet... Det er vel sant at "Fedrenes misgjerninger nedarves......"

Spennande å lese Tom Egeland sine eigne ord om korleis boka blei til. Sjølv om han skreiv på ei anna bok, kom desse historiene stadig opp i hovudet hans. Han måtte leggje det andre prosjektet frå seg og "skrive frå seg" denne boka først.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott anmeldelse som vanleg, Rose Marie. Jonathan Franzen er ein talentfull og intelligent forfattar. Boka er velskriven, flott språk og god kompososjon. Han skildrar moderne amerikanarar i deira moderne liv.(Truleg ikkje den jevne amerikanar, - heldigvis). Hovudpersonane er umogne og til dels usympatiske og egoistiske. Eg må innrømma at eg blei noko sliten av dei ei stund. Inga positiv utvikling før heilt på slutten. Tittelen er vel meint ironisk, sidan personane tydelegvis ikkje hadde ryggrad til å takla friheten i noko særleg grad. Slutten vart noko lettvint, - etter mi meining.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har lese 49 av desse bøkene. I bokhylla har eg seks til som står på "skal lese-lista". - Førebels....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Juhu! Er de gitt bort eller har du de fortsatt? :) Jeg vil gjerne ha Kvinner som løper med ulver og Juice & Smoothie :D

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Historien er fremtidens kladd.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Er usikker på om eg skal velge S. Unset sin serie om Kristin Lavransdatter eller J. Fakkberget sin serie om An-Magritt som beste bokserie. Begge fenga meg. Men den koselegaste serien som lett tidsfordriv, er Alexander McCall Smith sin serie om Damenes Detektivbyrå. (Har bestilt nr. 11).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Smaken av eplekjerner kjøpte eg på grunn av freistande tittel og omslag + anbefaling frå bokinspirator Liv Gade. Men eg tykkjer ikkje boka svara til forventningane. Historia er fin og interessant, men framstillinga synes eg er noko ujamn. Språket er heller ikkje heilt tilfredsstillande. Minner om ein "ungpikeroman". Skjønar ikkje heilt at dette er ein bestseljar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så er eg atter ein gong gjennom boka om fiskaren Markus. (Som lydbok denne gongen). Ikkje rart at boka er blitt ein stor klassikar! Ei fantastisk bok! Scott sine skildringar av Markus, hans liv og tankar er nydelege,og poetiske. Markus er einfaldig, men har ein djup klokskap. Filosoferer over livet og døden. Han har eit positivt sinnelag og gledar seg over og er takknemlig for det vesle han eig, for naturen rundt seg og for at han klarer å livberge seg som fiskar. Men han blir ikkje verdsett stort i nabolaget sitt. Fleire held han for narr Men Markus er nok eit større menneske enn mange av "besteborgarane" rundt han.

Gabriel Scott får sagt mykje om sin eigen filosofi gjennom Markus. Å sjå det store i det små og enkle, vere audmjuk og glede seg over naturen. Det er ikkje alltid at dei rike og mektige er dei største menneska. Dette er ei bok som alle burde lese, særleg i ei tid som vår.......

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Du kan glede deg!!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp avslutta lesinga av Det lovede landet, siste bindet i Toril Brekke sin utvandrartrilogi. Må seie at eg er mektig imponert over hennar kunnskap om norsk utvandringshistorie i Amerika! Og så har ho fletta det fint inn i tre interessante, fengande romanar. Eg lika aller best dei to første bøkene. Kanskje fordi eg har tilknyting til både Ryfylke og Tinn. Personane i desse to bøkene kom tydelegare fram, tykkjer eg. Det siste bindet sveipa over veldig mange stader der nordmenn slo seg ned og mange hendingar i amerikansk liv og politikk på slutten av 1800-talet. Dette blei kanskje noko mykje, iallefall for Lasse sin del. Elles var det spennande å sjå korleis det enda med Lasse og Agnes. Dette fekk me vite på siste side. Det blei vel litt for tilfeldig til å verke heilt truverdig....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har skrive tidlegare i denne tråden at eg ikkje er imponert over språket i Morgon i Jenin. Boka er slett ikkje stor litteratur, - men det er ei viktig bok. Eg kjenner nokre som etter å ha lese denne boka har skifta meining om Israel/Palestina-problematikken. Etter å einsidig halde med Israel, har dei fått eit meir nyansert syn på konflikten. Ei lettlestbok med det du kallar "kjærlighetskliss" fengar mange meir enn ei tyngre bok ville gjort. Etterkvart vil det komme fleire bøker om temaet, meir eller mindre tungtvegande, - så det blir nok noko for einkvar litterær smak.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Førebels har eg kjøpt desse bøkene (bestilt på førehand):

Löwenskölds ring og Charlotte Löwensköld av Selma Lagerlöf, Regnbuen av D H Lawrence, Om så det gjelder av Hanne R Beck, Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832 - 1875 av Edvard Hoem og Kunst fra antikken til vår tid.

Eg kjem nok til å snoke i bokhandlane etter fleire bøker......

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg lever med fiskaren Markus. Hjelper han med å mure opp ein mur og fylle på jord, slik at han kan få seg blomar og rabarbra, og kanskje eit plommetre der han kan sitje og kvile i skuggen. Har vore saman med Markus fleire gonger før, men denne gongen har eg støtte av Sverre Anker Ousdal.

Kilden av Gabriel Scott på lydbok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er mange år sidan eg har lese bøker av John Steinbeck. Hadde nesten gløymt for ein fantastisk forfattar han er. Har lese Perlen nå. Det er er ei lita bok, skriven i eit enkelt, lettfdatteleg språk. Men ho har ei djuptgripande handling og ein bodskap som er relevant til alle tider. Skildringane av hovudpersonane er gode og truverdige. Eg har fått lyst til å lese omatt fleire av bøkene til Steinbeck.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig.Det ergrar meg og. Ikkje berre kan det forekomme trykk på feil ord, men også på feil staving i ordet. Då kan orda få feil tyding. Har opplevd det fleire gonger i nynorske lydbøker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sur!

Lyset er grått og været er vått,

og føret er kun for vadere,

og jeg er sur,

og det gjør meg så glad,

for nå kan jeg kun

bli gladere.

Piet Hein

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

JBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNorahNinaHeidiHarald AndersenPerSpelemannLars MæhlumTine SundalTanteMamieAnniken RøilTralteKaren RamsvikToveRisRosOgKlagingKjell F TislevollNora FjelliHarald KSynnøve H HoelLeseberta_23Ellen E. MartolEivind  VaksvikRune U. FurbergMarteJarmo LarsenRonnyLailaKirsten LundReadninggirl30Marit HøvdeVannflaskeMonica CarlsenDemeter