Dette er ei bok eg tek fram igjen og igjen. For ei nydeleg bok! Vakre akvarellar med motiv frå plante- og dyreliv. Edith Holden hadde verkeleg auge for nyansane i naturen.Fine dikt og sitater i tillegg til dagboknotatane. Ei dekorativ bok som er fin å ha liggjande framme.
Eg er saman med Mma Ramotswe (frå No. 1 Ladies`Detective Agency) ute på landsbygda i Botswana for å løyse ei litt komplisert sak. Elles nærmar det seg bryllaup for sekretæren Mma Makutsi. Koseleg og sjarmerande bok.
The Saturday Big Tent Wedding Party av Alexander McCall Smith. (Bok nr 12 i serien)
Francois Mauriac: - "Si meg hva du leser, og jeg skal si deg hvem du er" er sant nok sagt, men jeg ville kjent deg mye bedre om du sa meg hva du leser om igjen.
Vera Henriksen er ein av mine favorittar når det gjeld historiske romanar. Ho har ein utruleg god kunnskap om norsk historie, og har evne til å formidla han i fine, interessante og truverdige romanar. Eg har skaffa meg dei aller fleste av bøkene hennar. Har plan om å lese dei omatt.
Boka er skriven av Knud h. Thomsen, forfattaren til Klokken av Makedonia, ei veldig morosam bok. Den irske presten er nok ikkje fullt så god, men ein finn mykje underfundig humor her òg. Handlinga er frå den irske fridomskampen 1919-20 i Dublin. Rufus Finn er katolsk prest. Elskeleg, velmeinande, begersvingande, modig "antihelt" som har sjelesørgar-ansvar for nokre nonner. Han kjem opp i situasjonar ssom er alvorlege og humoristiske på same tid. Mellom anna ei bussreis med nonnene han har ansvar for. Thomsen gir gode og humoristiske person- og situasjonsbeskrivelsar. Her er mykje ein kan både humre av og også le så tårene renn.
Eg skal først og fremst lese ferdig Fatimas hånd som eg har hatt ein lang pause frå, deretter flest mogeleg av "skal lese-bøkene". Men kjenner eg meg rett, kjem det nok fleire nye bokfreistingar innimellom. Har ein stor svakhet for slike freistingar.
Eg kunne veldig godt tenke meg å ete middag med Erik Fosnes Hansen, ein interessant og kunnskapsrik forfattar. Det må vel finnast ein brukbar restaurant der han ikkje har gjort seg upopulær...
Vil anbefale Å bake kaker i Kigali av Gaikle Parkin. Boka handlar om Angel Tungaraza som bur i Rwanda og har eit heimebakeri. Me får hennar historie, og i tillegg får vi kundane sine historier. Sjarmerande, lettlesen bok.
Har det akkurat på same måten.
Hestehov
Våren har dyppet
vingen i solefallet i kveld.
Se! det har dryppet
gulldrøpp i gustne bakkrhell...
Eg er heilt avhengig av lydbøker! Når eg køyrer bil (mange mil i veka), gjer husarbeid eller når eg driv med hobbyarbeid av ymse slag. Brukar cd-ar og i-pod. Vanlegvis er eg godt fornøgd med opplesaren, men det er enkelte forfattarar som les sjølv, og nokre av dei er irriterande dårlege til å lese.
Eg har lytta til fleire bøker som eg har lese tidlegare. Ein får eit litt anna inntrykk av boka då. Legg betre merke til språket, og elles andre ting som ein kan ha sprunge litt lett over.
Meinar du Helter og monstre på himmelhvelvingen av Maj Samzelius? Dei bøkene handlar om gresk mytologi, skrive for barn.
Det har blitt skrive veldig mykje positivt om denne romanen på alle trådar, og eg sluttar meg heilhjarta til dette! Har nettopp avslutta lesinga av boka og vil vere fylt av henne ei tid framover. Eg tykkjer mange av romanane for tida er svært, kanskje unødvendig lange, - men denne skulle eg ynskje hadde vore lengre. Herleg bok!!
Dette er ei god og realistisk miljøskildring frå distrikts-Norge. Hoem viser stor innlevelsesevne og livsvisdom. Boka har vore pensum på nordisk grunnfag, og det er jo eit kvalitetsteikn.
Eg lytta på lydboka. Hoem har god stemme, men eg tykte han las noko monotont, - i same tonefall. Språket i boka inneheld korte setningar, mange utan subjekt, så det er vel ikkje så lett å lese nyansert. Men eg trur at ein god skodespelar ville greid det betre. Papirutgava av boka vil nok heller vere å anbefale.
Eg les ikkje krim, men Agatha Christie kan gå an. Då på engelsk, - på norsk tykkjer eg dei verkar noko banale. I påska skal eg lese nummer 12 i serien om Damenes Detektivbyrå av Alexander McCall Smith. The Saturday Big Tent Wedding Party. Gledar meg! "Snillare" krim finn ein vel ikkje.
Eg er lærar og har mellom anna tatt grunnfag i nordisk. Lika absolutt best litteraturdelen.
Eg lærte på eit kurs at dersom ein er redd, skal ein plystre ein melodi. Ein skal ikkje kunne vere redd og plystre på ein gong. (Har ikkje fått testa det ut....)
Har lese fleire anmeldelsar av denne romanen, og ser dei er blanda. Sjølv likte eg boka godt. Tykkjer det er ein realistisk samtidsskildring. Bjørnstad skriv ut frå sitt eige liv. Han har vore sterkt plaga av hjerteflimmer, og han har foreldre som måtte på sjukeheim. "Omsorgsklemma" som hovudpersonen er komen i, er det nok mange som kjenner seg att i. Lækjaren Brenner byrjar å dra på åra, er ikkje heilt frisk, har gamle, skrøpelege foreldre som treng omsorg og barn som slit med å etablere seg, og som også treng hjelp. Me får hans tankar om problema og hans refleksjonar over livet.
Bjørnstad sa i eit intervju at dette også er ein politisk roman. "Det handler om respekten for livet. Den må vi aldri miste" Han seier og at i vårt samfunn "er det mye snakk om profitt og lite snakk om menneskeverd".
Medan ein er inne på dialekt.... Eg har lurt på kor mange ord det finst for matretten kompe (Sørlandet), komle (Rogaland), raspeball (Bergen), klot (Tinn). Er det andre betegnelsar ute i distrikta?
Fekk nyleg i posten bok nr. 12 i serien om No. 1 Ladies Detective Agency. Kjøpt på amazon.no. Tittelen er The Saturday Big Tent Wedding Party. Skal kose meg skikkeleg med denne i påska!!!