Annette Mattson er ein god forfattar som fortener å bli lest av fleire. I mørket handlar om Alma som er gift med Markus, ekteskapet skrantar, ting berre skjer tilsynelatande... Skrivestilen til Mattson kan minne om Hanne Ørstavik, men dog noko meir utbrodert

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Juleoratoriet av Gøran Tunstrøm. Fleire bøker av KEtil Bjørnstad, skal sjekke titlar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eller du kan jo alltids låne dei på biblioteket! Nina M. Evensen har skrive forord og kommentarar.Mine gamle Albertebøker, (svært velbrukte), er og frå 70-talet, Lanternebøkene, og eg kjem ikkje til å kvitte med med dei heller, dei har stor affeksjonsverdi for meg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne vesle boka er svært god! Det er ei flott skildring av ein sorgprosess, ei historie med god utvikling og sterkt språk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne har eg lyst til å lesa! Hørte litt på byrjinga som tysk lydbok og likte gdt klangen i språket og tenkte eigentleg å høre heile boka på tysk. Men det krev MYKJE tid, så no trur eg at eg heller satsar på den norske utgåva, fekk lyst til det etter dine terningkast, Elisabeth!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig med deg,Heidi, denne boka er unik! Har ikkje lest noko liknande, boka er rar, fin, merkeleg... unndreg seg kategorisering. Eg trur at Jenny Hval kjem til å bli ein god forfattar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så enig med deg, eg blir aldri ferdig med Alberte! Eg las ho no igjen i januar og denne gongen vart eg betatt av det tette forholdet Alberte har til naturen, og også korleis Cora Sandel har medkjensle med alle personane i boka. Menneskets lodd er så forskjellig her i livet.. Og for eit språk! Ingen over- ingen ved sida! No kjøpte eg alle tre bøkene i ei såkalla tekstkritisk utgåve som kom i 2002, og det tok nokre minutt å koma inn i rettskrivinga til Sandel som var litt spesiell, men eg er glad for at bøkene no kan lesast slik Sandel skreiv dei. Mykje vart sensurert i utgåva som kom under krigen og sidan vart det ikkje retta opp før altså i 2002

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ja, Bojer er stor! Eg las han nok i ungdommen, men tok opp at Den siste viking da eg var på Lofotferie og vart fengsla av boka. Eg anbefaler også sjølvbiografien til Bojer: Læregutt. Nydeleg skrive, interessant, og imponerande av han å koma seg fram til den posisjonen han fekk internasjonalt, han er jo mellom dei mest oversatte norske forfattarane. Oppfølgaren, som heiter Svenn, tykte eg ikkje var så god som Læregutt

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalPer LundJ FKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid NygaardHarald AndersenBjørg L.Synnøve H HoelHarald KAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard HolvikKirsten Lundmay britt FagertveitNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESsvarteperLillevi