Utruleg bra! Rishøi kjem til å bli ein stor forfattar!
Dette er noko av det beste eg har lest. Framtidsvisjon- eller det kunne og vera notid, spanande, tankevekkande. Kva er vi kapable til hvis vi blir satt på prøve? Skal ikkje røpe opplegget her, boka MÅ MÅ MÅ lesast! Spring til biblioteket!
Nydeleg språk, men eg vil gjerne høre meir om eg-personen.
Eg slukte bok 1, og venta med spaning på nr 2, da vart eg skuffa dessverre.
Tankevekkande om mor til forfattaren som kom til Sverige utan å kunne lesa eller skrive, korleis skulle ho klare omstillinga? Til tider sår og vond, men og fin fordi boka er skrive med stpr kjærleik til mor.
Harselas over Knutby-saka! Veldig morosam- med bismak pga alvoret i Knutby-affæren. Men på sin plass. Barn og vaksne les nok boka på kvar sine måtar, og får noko ut av lesinga, og når det går an er det og bra litteratur!
God debut om tvangstankar. Kvardagslege og kanskje trivielle hendingar, men det er og ein stor del av livet. Godt språk
Dette er ei viktig bok til trass for eit litt ubehjelpeleg språk. Eg klarte for ein gongs skuld å oversjå det fordi historia er så sterk. Hør på innvandrarjentene, mange av dei vil nå langt.
Det er så ein ikkje trur sine eigne augo... fekk ho Fritt Ords pris for dette? Utruleg usakleg, uhøfleg, ubehøvla av Monsen. Høgtlesing er eigentleg påkrevd for å klare å formidle kva ho seier her. Karakteristikkar av folk som er ueinige med henne som er heilt lågmål.Mykje verre eggh eg trudde da eg byrja lesinga.
Fantastisk! Leseoppleving av dei heilt store. Om å klare å halde ein lesesirkel gåande i skjul i Teheran, med fare for liv og helse.. Forbodne vestlege bøker kjem fram og dei unge kvinnene deler både litteratur og eigne liv med kvarandre. Eg får lyst til å lesa alle bøkene dei les også!
Essays om kjente og mindre kjente kvinnelege forfattarar, m.a Gertrude Stein, Elfriede Jelinek, Amalie Skram, Merce Rodoreda, Jean Rhys m.fl. Svært lesverdig, men eg ville gjerne ha meir om kvar forfattar!
Nifs og spanande!Og urovekkande... Sæterbakken skriv godt
Det beste eg har lest på år og dag! Ikkje lett å koma i gang med andre bøker etter denne.. Har lært mykje om at det går an å vera psykisk sjuk og samtidig ha enormt kreative periodar, om kor viktig vener kan vera, om kor skjørt livet er. Og for eit språk Grimsrud har, her er det ikkje eit ord for mykje. Må berre lesast.
Debutboka til Marita Fossum er så fin! Godt språk, kresent. Liza er besteven med Chris, han er sjuk av aids, så boka handlar om sorg. Men enda meir om kjærleik, mellom vener og mellom Liza og Mylene. Denne må lesast!
For ei tøff dame! Nini Haslund Gleditsch (1908- 1996) var med i Mot Dag-rørsla, frivillig i Spania under borgarkrigen, fredsaktivist, her kan ramsast opp lang rekke saker med stort engasjement. Les og bli klokare!
Svært god biografi om Lise Lindbæk, får også lyst til å lesa meir om og av henne.
Ungdomsroman. Godt språk, god innsikt i temaet spiseforstyrrelser. Historia er fengande. Trohaug blir betre og betre!
Fantastisk god roman! Tredelt: 1. Virginia Wollf siste timar. 2. Clarissa i New York. 3. Mrs husmor i Los Angeles. Språkleg god og inspirerande. Filmatisert i 2002 ( regi: Stephen Daldry)
Du kan kjøpe Vår egen stamme via antikvariat.net, her: http://www.antikvariat.net/get/search.cgi?post
Ja`ara blir seksuelt oppslukt av ein eldre mann... Også ein del innsikt i jødiske skikkar- og eindel frå Jerusalem