Ikkje lest noko av han. Kjem neppe til å gjera det heller.
Eg les Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde av Leif GW Persson. Er i skrivande stund omlag halvveges i denne altfor lange og omstendelege boka.
Som alltid har eg ei lydbok på mp3-spelaren min også, slik at eg kan lesa medan eg gjer noko anna, - no lyttar eg til den siste boka til Jørgen Brekke, Drømmeløs
Unyttig ja, men litt gøy.
Mine 120501 sider fordelt på 388 leste bøker gir eit snitt på 310 sider pr. bok.
Har stor sans for Fredric Drum-bøkene. Den fyrste, Honningkrukken, har eit særs stilig plott. (Lite truverdig, men altså stilig) Eg likar også humoren og ironien, samt det liksomvitenskaplege og liksomfilosofiske i bøkene.
Alle orkaners mor var tidvis spennande og held eit godt Drum-nivå. Vurderer boka til ein sterk 4'ar på terningen.
Mitt første møte med Paasilinna. Tragikomisk. Litt morosamt og litt grotesk. Ei grei lita bok.
Liza Marklund - Borderline - vert med meg til sengs i kveld
Bikubesong av Frode Grytten har eg faktisk aldri lese. Så difor slo eg til då eg i min lokale bokhandel fann lydbokversjonen av denne til kun kr. 49,- :)))
Glimrande nyhende! Det er viktig med eit godt utval, - også innan krimsjangeren.
Håpar det blir ei fin helg med mykje friluftsliv, då er lydbok på øyret eit "must".
Denne helga skal eg avslutte Fasandreperne og ta til på Flaskepost fra P. Begge er av Jussi Adler-Olsen, og begge er lydbøker. Ser fram til at neste bok i denne serien om avdeling Q, Journal 64, kjem ut til våren.
På nattbordet ligg Fare for gjentakelse av Chris Tvedt.
Dersom det blir ein tur på hytta har eg også ei påbyrja bok liggjande der: I sverdets tid av Jan Ove Ekeberg.
Jeg slo opp øynene og hadde ingen anelse om hvor jeg var. Alt var grønt. Glitrende, skinnende, saftig grønt. Og alt var i bevegelse, som om hele verden skalv og flimret foran meg, med små gylne glimt av lys
Ein idyllisk start på krimromanen Fare for gjentakelse av Chris Tvedt.
Godt spørsmål. Og vanskeleg å svare på.
Eg har plukka ut desse tre krimforfattarane
Kjedeleg bok. Aaalt for lang. Dårleg slutt. Hovudpersonar utan truverde. Hjelpelaus humor.
Langeland er eg ferdig med.
Takka vere opplesar Ivar Nergaard fullførte eg likevel lydbokversjonen.
Terningkast 1 til Langeland, terningkast 6 til Nergaard. Altså terningkast 3.
Eg fekk La Peregrina av Cecilia Samartin.
Har ikkje lese noko av henne før. Bør eg lesa Señor Peregrino før eg les den boka eg fekk? På omslaget står det at La Peregrina er ein frittståande oppfølgjar til Señor Peregrino.
Norsk utgåve??
Engelskkunnskapane mine er for dårlege til at eg kan lese denne boka på originalspråket. Difor har eg venta og venta på at ho skal komme ut i norsk omsetjing. Veit de som er innom denne tråden noko om når/om det skjer?
Likar godt Elizabeth George og har lese alle dei 15(?) tidlegare bøkene om Lynley og Havers.
Nær to timar dagleg pendling til jobb har ført til mykje lytting til lydbøker dette året. Det ligg også alltid ei bok på nattbordet.
Her er nokre av mine beste leseopplevingar dette året:
Tidlegare år har eg nesten berre lese krim, men denne nettstaden har ført til at eg har prøvd meg på andre genrar også. Takk til brukarar av bokelskere.no for tips og inspirasjon.
Både genren og språket i boka vart feil for meg. Så ja, - eg styrer unna.
Heldigvis er verda full av andre bøker som er interessante.
Neppe. Eg kjenner fleire, både vaksne og ungar, som har lese Ringenes Herre, - og dei er heilt normale ;) Poenget mitt er at det må vera heilt 'normalt' å ikkje lika boka også.
Dette er for sært.
Nokre av oss er ikkje "skrudd saman" slik som andre, og klarar rett og slett ikkje å lese slike eventyr som dette.
Ringenes herre er ikkje for alle. Avbraut etter 50-60 sider. Prøvde å sjå den første LOTR-filmen ein gong også, heldt ut i 10-15 minuttar. Undrar meg storleg over folk som er så fascinerte av krig og slag og hobbitar og alvar.
Som vanleg les eg ei lydbok og ei papirbok. Eg les Paganinikontrakten av Lars Kepler og høyrer på Innsirkling 2 av Carl Frode Tiller.