Skilnad på
Det er så stor ein skilnad
som millom kvitt og svart,
det som du tenkte bli til
og dette du vart.
Og ofte er det skilnad
imillom det du gjer
og det som du vil at andre
skal tenkje at du er.
Lett er å tykkje synd i
den som er langt ifrå.
Men tyngre er å hjelpe
din neste du kan nå.
Ho er så lett å bera
den bør som andre ber.
Det er så lett å gjera
alt det dei andre gjer.
Men det du sjøl lyt bera
et er så tung ei bør
at tyngre bør har ingen
i verdi bore før.
Så milelangt og audt
millom ordi i din munn
og det du ærleg meiner
i djupe hjartegrunn.
Kvi skal det alltid vera
så stor skilnad på
det ljose som du drøymer
og røynsla tung og grå?
Ved kjelda
Ause or opprørt vatn,
skjenkje grums.
Vent til det klårnar.
Hast ikkje slik!
Lite er det
du vinn likevel
og dagar kjem
etter deg.
Vente til kjelda fløder
da kan du gje
av di overflod.
Av det som du sjøl
er fylt av.
Av ditt.
Vente ei stund
til det klårnar.
Gjev ikkje uro
gjev ikkje grums
til desse som står
ved kjelda og ventar.
Vente til vatnet klårnar
før enn du
byd dei drikke.
Då kom *du*
-Så gravla eg alt eg elska.
Dagen var grå.
No stod eg her ferdabudd
og ville gå.
Livet, det hadde ikkje
meire å gje.
Eg stunda imot den stille
gravsens fred.
Stod eg der, budd til å fara.
Trudde alt slutt.
Men tvika enno-
Kan avskilstundi
s å lenge vara
og vera så stutt?
Alle og alt eg var glad i
heldt meg att.
Tåreblind sprengde eg bandi
til alt som batt.
Endeleg var eg ferdig-
Då kom du, du
Vekte mitt trøyte hjarta
og gav meg tru.
Midt i mitt mismods myrker
vart verdi ny
då du kom. Undrande såg eg
morgonen gry.
Stumt klaver
Tonane teier. Alt er tomt.
Kvar er dei hender som før fylte
mit rom med tonar?
No står klaveret
i kråi, stumt.
Å, alle tonar
som kunne løysast!
Alt ikring
er myrker og tomleik.
Augo er såre av vaking, og ser
ser berre natti.
Lyder-
og høyrer
stilla som spelar
sitt stumme klavér.
Moder Jord
Teiande, med eit tolmod
som berre ei mor kan eige,
nækjer du bringa
og let oss få syge
livsens saft.
Medna vi krev deg
for meire og meire
i ei hækne som aldri tek ende,
tappar vi or deg
og øyder di kraft.
Livgjevande straumar
renn og fløder
i dine ådrar.
Mange er vi, dine born,
som du mettar og føder.
Mange er vi som sårar.
Tappar deg meir
enn vi treng.
Gråduge er våre munnar.
Hjartelaust syg vi deg, mor.
Um vi enn anar
at dine brunnar
ikkje er bornlause.
Umsynslaust, hardt,
syg vi deg
Moder Jord.
Rømling
I
Trygg gjekk eg heime
på eigi jord.
Vondt er rotlaus å vera
og heimlaus for den
som var bufast.
Rømling og rotriven er eg.
Ingen stad
mine røter kan gro.
Under føtene flyt det alt,
finn ikkje feste
her som eg siglar
fredlaust på havet
ut i mot ukjent
utan ro.
II
Der ser eg landet
stige or havet.
Velberga hit er eg komen,
frelst ifrå fallgard og flu.
Her har mine høgsetestolpar
drive i land.
Her er det.
Her vil eg vera.
Her vil eg finne
grunn under føtene,
mold for røtene.
Her vil eg feste bu.
Etter oss
Kven vil syngje
um susande skogar
etter oss?
Kven um kyrkjestille dalar
og kyrre fjell.
Um åkrar som
bøygjer seg i blåsten
tunge av grøde.
Um utamde fossar
og elvar i flaum.
Um perlande friskt
uppkomevatn,
stjernesildre ved åbreidd
og glitrande fuglekvitter,
og um den klåre
og reine luft.
Kven vil syngje
etter oss,
um eit hjarta
så fylt av samhug
med alt som lever,
at det vil sprengjast
av sorg
-eller glede.
Kven kan vel måle
djupn og høgd
i mannasinn?
Kven måler tanken,
glede,sorg og lukke?
Den rikaste er han
som vel er nøgd
jamvel om han har lite.
Aldri ser våre augo betre, enn når dei granskar andres lyte.
I tettskogen kan ikkje storfuglen få luft under vengene så han kan flyge upp.
Slik og med tanken, i tette skogar av ord.
Fatig og arm er den som ikkje arbeidet gjer rik.
Ikkje rik på pengar og gods, det er ein fiktiv rikdom, men rik på arbeidsglede, rik på livsinnhald. Den usynlege, men den einaste rikdomen som ikkje skifter med konjunkturane.
Alt må ha si tid. Tid til å røte seg og gro, spire, vekse og bløme. Ein kan ikkje dra i ei spire for å få ho til å vekse fortare
Virkelig godt sagt, jeg måtte humre for meg selv da jeg leste den siste setningen. Du har jo helt rett, noen bøker må man være i et spesielt humør for å lese.
Mamma, våkn opp, sa mummitrollet forskrekket. Det har hendt noe forferdelig. De kaller det jul. Hva mener du, sa mummimamma og stakk nesen i været.
Jeg vet ikke riktig, sa hennes sønn. Men ingenting er i orden og noe er blitt borte og alle løper rundt som gale.
(fra Grantreet)
Det er en kveld for en sang, tenkte Snusmumrikken. En ny vise som skal ha én del forventning i seg og to deler vårmelankoli og resten bare grenseløs begeistring over å vandre og være alene og trives med seg selv.
( fra Vårvisen)
Dagen ble avsluttet på et vakkert vis og jeg anbefaler en hver som har et urolig hjerte å betrakte et vellaget vannhjul som snurrer rundt i en bekk.
(fra Mummipappa på eventyr)
Snusmumrikken satte seg ved siden av ham og sa vennlig: Jeg forstår. Alt blir vanskelig når man vil eie ting. bære dem med seg og ha dem. Jeg bare ser på dem, og når jeg går min vei, har jeg dem inni hodet mitt og kan drive på med morsommere ting enn å bære kofferter.
Jeg kunne hatt dem i ryggsekken, sa Sniff dystert. Det er slett ikke det samme å se på ting, som å ta på dem og vite at de er mine.
(fra Kometen kommer)
Abyss, n.
There are times, when I doubt everything. When I regret everything you've taken from me, everything I've given you, and the waste of all the time I've spent on us.
autonomy, n.
" I want my books to have their own shelves," you said, and that's how I knew it would be okay to live together.
Jeg vil ha lett og "lys" litteratur nå i ferien, såkalt feelgood, er det ikke? Det skal bli godt etter et studieår med mye tung litteratur (men spennende selvfølgelig).