Jo berre hyggeleg, Tsjekov er nok ikkje det same som dostojevskij akkurat så han går det ann å lese meir av. Og eg må seie at Askildsen er noko av det beste du kan lese på kvelden, det er noko med den lune stemninga, pleide før å lese askildsen før eg la meg. Pessoa og Blanchot kan du alltid ha til gode, sjølv om eg tvilar på at du er for ung til å bevege deg inn på dei. Sjølv så er eg akkurat ferdig med Charles Baudelaire og den skapende fantasi, skal til med Vladimir Odojevkijs Russiske netter, ser fram til det.. Mykje meir eg kunne anbefalt, berre å seie i frå. Sikker på at både askildsen og fosse fell i smak..
Vel, eg ville kalle det flaks. Eg las Bjarne Fidjestøls "Norsk litteratur i tusen år" for nokre veke sidan, så Sivle sto friskt i minne, og Voss vart rein tipping (og ei stor mengde mannleg intuisjon) ;)
Takker for gode tips. Er nettopp ferdig med Tsjekovs tre år og likte den godt. Eg er overraska over kor lettlest boka var (eg har alltid sett for meg forfattarar som Tsjekov og Dostojevskij som tunge).
Fosse er eg svært glad i, men har berre lese nokre skodespel av han, så skal sjå om eg får tak i Andvake og kanskje Naustet i morgon.
Askilsen har eg også vore borti før, og fann utrulig nok, Samlede noveller i mammas bokhyller, så vert nok eit par av dei som kveldsaperitiff.
Blanchot og Pessoa har eg aldri høyrt om, men skal tråle biblioteket. Den anarkistiske bankier høyres svært interssant ut, men også litt tung. Lurer på om eg må bli vaksen før eg kan våge meg bort i den.
Takker igjen for gode tips og lukke til med di eiga lesing!
Ja det stemmer bra det. Riktig begge to, vess du ve bryne deg på fleire spørsmål så har eg lagt ut to postar til, men då litt vansklegare..
Heilt i starten tenkte eg at svaret på 1. måtte vere Montaigne (einaste forfattaren eg kunne kome på som "fann opp" ein ny genre), men etter hintet ditt er eg rimlig sikker på at det er Per Sivle som er svaret, meinar i alle fall at han skaut seg.
Har trulig aldri høyrt om forfattaren i spørsmål 2, men når tittelen på boka skal vere ei kommune i Hordaland kan eg ikkje tenkje meg at det kan vere noko anna enn Voss.
Du skal få ei stjerne for innsatsen, du klare det neste gong..
Den første krimboka jeg leste. Den hadde et godt budskap, men ufattelig kjedelig. Her skjedde det SVÆRT lite.
Riktig, riktig, Hint til 1 og 2: den første arbeidarroman, og Nobelsprisvinnar frå Australia skreiv denne romanen som har same namn som ein kommune i Hordaland.
Etter å ha snakka med ein del folk og etter å ha fått eit visst inntrykk av kva folk leser må eg spørre: Er det ikkje noko meir som ligg bak ei bok enn berre det å lese den for underhaldninga si skuld. Etter mi eiga meining bør ei god bok vere eit springbrett til ein debatt eller ein diskusjon, ein må kunne stille spørsmål til litteraturen, ein børr kunne skyve boka framfor seg, referere, tiltale og kritisere. På same måte kan eg ikkje tenke meg at underhaldningslitteraturen har same nytta. Eg vil ikkje seie noko vondt om denne typen litteratur, eg har som mange andre hatt same glede av dei. Men då er gleda kortvarig. Eg har hatt eit lite håp om at skjønnlitteraturen skal bevege seg i mot ei retning der den skapar open diskusjon, for det er jo akkurat dette som skil den i frå sakprosaen eller fiksjon kontra faksjon. I denne samanhengen har skjønnlitteratur ei større rolle fordi den ikkje er noko fasit, den bevegar seg utanfor rammene og kan ta fleire roller og tolkingar. Kvar ligg behovet? er det forfattar eller lesar som har ansvar? Tek underhaldingslitteraturen for stor plass eller er det prioriteringar som ligg til grunne for denne utviklinga. Og til slutt kva rolle meinar du kvalitetslitteraturen skal ha?
Eg gløymte Askildsen, (merkeleg) her er fleire novellesamlingar som er utrulig facinerande og intressante. Blant anna Thomas F.s siste nedtegnelser til allmennheten. her handlar det om død. Og Askildsen prøver å formulere seg rundt standpunktet; har du ingen ting å leve for, så har du ingenting å dø for..
Tsjekovs tre år er ein god start. Ein av mine favorittar er Pessoa: han har tre tynne bøker; Djevelens time, Stoikeren og min favoritt Den anarkistiske bankier..den handlar kort om ein samtale mellom to personar, der poenget er å gå legitimere sin ideologi med arbeidet sitt som bankier. Argumenta treffer presist og oppstår som ein moral utanfor samtalen.. slår til med eit sitat herifrå; "Den sosiale fiksjon er ikkje menneske du kan skyte".. Vidare; dødsdommen av Blanchot, dette er to historier om ei kvinnne som skal henrettast. vi følger forfattarens trådar inn i eksistensielle spørsmål, utan riktig å forstå dommen.
til slutt Nokon norske og der har Jon Fosse eit utval av korte romaner: Andvake er ei gripande forteljing med ein grammatisk kunstleg friheit. Det er Ales følger opp i same Fosse-stil. + Blod, steinen er, Prosa frå ein oppvekst (Fosse sa om denne at den er så lett leseleg, at kven som helst i utgongspunktet kunne skreve den.).. LUKKE TIL! Har sjølv planar om å kaste meg over nokre bøker før eg legg meg...
Den første boka av sitt slag, skreve av ein forfattar som tok livet sitt etter ei avgjerdsle i stortinget?
Den utenlandske romanens namn er det same som ein norsk vestlandskommune?
81 år gammal forfattar flyttet til Frankrike i eksil, er født i same by som Robert Musil?
Denne lista var ikkje dum! Berre i dag har eg starta på 7 tjukke bøker, men stoppa etter nokre titals sider fordi eg er rastlaus og vil lese noko anna. Men svaret er naturligvis å lese tynne bøker!
Fann Tsjekhovs "tre år" på nb.no så kastar meg over den i natt =)
Nokon som kan anbefale 3-4 andre frå denne lista?
Essaysamlingar! I første omgong berre det eg sjølv har lest, kom gjerne med anbefalingar eg klør etter å lese fleire essays..
Askildsen er ein av mine favoritter, så den er å anbefale. Vidare Øystein Lønn-Thranes metode og Hva skal vi gjøre i dag? Ellers har Tor Ulven satt djupe spor i meg så det må eg anbefale. Eit tips er å lese Cargo av Sigbjørn Hølmebakk her finn du dei beste novellene frå uttallige amerikanske forfattera.
Prøva å trappe litt ned ja sjølv om det er vanskeleg, er nok sosial til tider men det hadde vel ikkje gjort noko om eg prioriterte dette meir. Ein gylden middelveg ja det hadde vore noko. Prøver stadig.. Takk.
wow, prøvde til og med å jukse med å søke på nettet jeg, men kom ikke noe nærmere et svar av den grunn, dette var hjernetrim på et høyt nivå må jeg si!
Hmm...jeg har ingen virkelige signeringer, uff uff. Men som liten hadde jeg en yndlingsbok i mormor sin bokhylle, "Peter og skøyestrekene hans." Og til min bursdag fikk jeg boka av mormor, og hun hadde signert den. Til Stine fra Mormor. Og det er min mest fantastiske signerte bok <3
Okei, da så. :)
Artig du tek med den, eg satt med den akkurat i stad, flott bok. Tsjekov fortjener abselutt ein plass på lista.