Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Høysand hadde lært og alltid trudd at det var kultureliten som forsto mest. Det var det som gjorde dei til kultureliten, at dei forsto mest. Elles var det jo ikkje bruk for nokon kulturelite. Nå oppdaga Høysand til sin store skrekk, og store forundring at nettopp desse folka, som levde så høgt på sine eminente kunnskapar, årelange utdanning og uovertrufne innsikt, eigentleg var dei mest uvitande menneska han nokon gong hadde møtt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kven talar idag om den humanistiske venstreintellektuelle kritikken av dei blodige offerrituala under det seine aztekimperiet? Kven prisar bondeopprørarane som i det 10. hundreåret knuste mayaimperiet i Sentralamerika og jaga det kulturberande presteskapet til Yucatán, der dei skapte ein ny og monumental sivilisasjon. Kven av dei som ser ruianane av Empire State Building om 1000 år, når den kapitalistiske sivilisasjon er endeleg knust, vil samstundes tenkja på det anti-imperialistiske arbeidet i Skandinavia i 1970 åra ?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så tok DC 9-en inn passasjerar. Eg såg ikkje meir til den fine dama. Henne hadde eg verkeleg tatt innersvingen på og sett skikkeleg på plass. Tatt rotta på, om ikkje musa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og eg vil at du skal lova meg ein ting når du blir kommunist, som du vil bli, fordi all oppvakt ungdom i søttiåra kjem til å bli det, og det er at same kva du gjer, så må du aldri reisa rundt og gjera deg stor på å snakka om det sosialdemokratiske helvetet. Forstår du det ?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og ingen barfotlegar skal få nærme seg meg med førstehjelpsveskene sine medan rikfolka i byane blir opererte av dokterar med dyre italienske skinnsko på spesialsjukehus. Derfor må me ha helsesenter og store sentrale sjukehus. Forstår du det ?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Min far er avskyelig rik. Og avskyelig reaksjonær. Politisk står han til høyre for Ivan den Grusomme.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

HeidiTove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteKristine Louise