Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Gamlen stelte seg upp og stod og såg på deim. Der kom Isak Abrahamsen Opgjorden i si fjørprydde vadmålskufte og med eit hovud så urydigt som eit kråkereir; full hadde han vori, og vaska seg hadde han ikkje; bøkane sine hadde han gløymt; «gjeng’e du reint laus du,» sagde Gamlen, «liksom øyken i fjellet, he!» Der kom dei tvo unge herrane Wall og Presler, innstrokne og strake, med flosshattar, lorgnettar, sigarar, spaserstokkar; dei letta fjongt på hatten for «rektor», gjorde eit byks burtyvi pultane og sette seg på sine plassar med dundrande applomb.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gjekk ein ut frå det eine, so kom ein hit, og gjekk ein
ut frå det andre so kom ein dit; og den som ikkje hadde
noko å gå ut ifrå, han vart gangande i ring,
som mann i myrkeskodd. ...
At ein ikkje kunde hava det i all ting som i trui: at
ein hadde det rette og sanne fastsett!
Ei litande politisk katekisme vilde vera ein umissande
ting for ungt folk.
Som det no var stod ein mest upprådd. Skulde ein tenkje
utan rettleiding, var ein som eit skip utan kart og
kompass. Det kunde hende ein fekk ein god tanke.
Men kor kunde ein vita um tanken var galin eller god?

Vilde ein spyrja andre til råds, kom ein ikkje stort
lenger. Det var likso mange meiningar som meinarar,
og kvar heldt si meining for den einaste rette.
Alle hadde dei grunnar i hopetal.
Det var nok ikje kvar manns sak å finne seg til rettes
i slikt eit Babel.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dess meir drøymde han um Byen og um den formelle Daning. Ein ting kunde han skaffa seg strakst, som vilde hjelpa paa det formelle, meinte han, og det var Brillur. Han tok til å jamra seg yver, at han vart so veik i Augo, og daa Proprietæren reiste til Kristiania i Marknaden, fylgde Daniel med for aa faa Raad for dette, og Brillur fekk han. Det hjelpte utrulegt. Brillurne tok burt noko av det blide og godslege i Andlitet og lagde ein kald Glans yver det, som gjorde det strengare; Daniel speglad seg i stor Gleda og fann ut, at naar han no berre fekk litt større Skjegg, so skulle ingen kunna sjaa, at han hadde voret Bonde.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Daniel kunde ikkje annat enn enn finna det staut, at ei so fin Dame heldt Lag med han; men det hadde voret væl så gildt, dersom ho hadde voret fagrare.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det var ikkje so poetisk aa svelta som Daniel hadde tenkt.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Det var eit underlegt hol, denne latinskulen. Alle gutane var so vituge og so vaksne; dei kunde flire og læ åt all ting. Men dei hadde visst aldri drøymt um anna enn karakterar. Dei visste at i denne verdi galdt det å klara seg; og etter den visdomen livde dei; kunnskapen i seg sjølv vedkom deim liksom ikkje.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Daniel Braut drog på seg sine svarte klede og sette høgtidssamt duskeluva på hovudet sitt. No var han student. Med bankande hjarta gjekk han framfor spegelen. [...] Daniel kolna der han stod. Han freista på nytt; la dusken bak, la dusken fram, la dusken midt på aksla; nei. Det vart ikkje den rette svingen. Og frakken, - frakken sat som alle frakkane hans hadde seti. Han såg ikkje ut som student. Han var ikkje student. Han var ein forkledd bonde.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Harald AndersenDolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun Svensli