Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Eg ville ha gjort kva som helst for henne denne morgonen då vi fann kvarandre igjen: rømme heimanfrå, forlate bydelen, sove i ein stall, leve av røter, krype ned i avløpsrøyra gjennom kumlokka, aldri meir komme tilbake, ikkje ein gong om det blei kaldt, ikkje eingong om det begynte å regne.
Dei små kjenner ikkje betydninga av i går, dagen før det, og heller ikkje av i morgon, alt er her og no: Dette er gata, dette er portrommet, dette er trappene, dette er mamma, dette er pappa, dette er dagen, dette er natta.
Eg var nøgd med alt i dei dagane, kjærleiken min til Nino, den triste kjensla, omtanken som eg kjende omkring meg, mi eige evna til å observere, tenke og reflektere i einsemd.
Ein gong sa ho : Du har vel sett kor stygge folk er når dei vaknar, heilt deformerte, utan blikk.
Vi gav det berre ein rytme, no og då eit heilt orkester.