Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 22 sitater

Det likaste eg visste då eg var veldig liten, var at far bar meg i seng. Kveld etter kveld bar han meg i seng, til det brått var slutt.
Slik er livet. Ein går rundt og er for liten. Så brått er ein for stor. Den vesle glipa då ein er akkurat passe, er ikkje lett å oppdage.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Så var det gubben med blå invalidemoped som hadde protese på eine beinet. Ei venninne av mor fann beinet stikkande opp frå ei veigrøft. Han hadde vore hard på gassen i ein sving. Sjølv hadde han ikkje merka at beinet datt av. Han tok ikkje ting så nøye. Då han skulle bygge seg hus, starta han med uthuset. Då det vart ferdig, flytta han berre inn. Kvar vår byge han seg ny skigard. Om hausten hogg han skigarden ned som ved."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Slik er livet. Ein går rundt og er for liten. Så brått er ein for stor. Den vesle glipa då ein er akkurat passe, er ikkje lett å oppdage

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Pengar betyr mykje i ei livsforteljing

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Livet vi lever har alltid minst to lag rundt seg. Det fyrste er kroppen. Det andre er romma vi ferdast i, enten dei er heimen, familien, arbeidet, den geografiske plassen eller reisemålet. Livsforteljinga vår er flettverket av desse to faktorane. Somme gonger er dei kryssande trådene i dette flettverket lettare å sjå, som den gongen ein var boren i seng for siste gong av ein far.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei som var i den lågaste enden av rangstigen, fekk stadige påminningar om det. Morfar vart fram til dødsdagen sin fuktig i auga når han fortalde om då skolen arrangerte hopprenn. Han var flinkast og hoppa lengst av alle. Men fyrstepremien gjekk til son til læraren. Lærarsonen var fødd til slike prisar, det var ikkje bestefar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den einaste vegen til anerkjenning og status i eit liv som husmannsson låg i hardt arbeid. Då hadde ein i det minste noko. Ein var ein skikkeleg arbeidskar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mor fekk aldri jobb på posten. I staden fekk ho og far meg. Eg kravde mykje, så ho vart gåande heime i årevis for å passe meg. Det var alltid noko å gjere med meg. Det var stadige undersøkingar, operasjonar, behandlingar, medisineringar, legetimar og besøk hos spesialistar. Men mor lærte mykje av dette. Ho måtte sette seg inn i eit profesjonelt språk rundt helse, ungar og det å vere annleis.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om folk som ikkje veit at eg er homo, spør om eg har ungar, hender det seg at eg spøker med dei. Då seier eg at eg og sambuaren min dessverre ikkje kan få ungar. At vi har prøvd og prøvd. Då blir dei så triste i auga. Så bryt eg den triste stemninga med å forklare at sambuaren min, Peder, manglar noko spesialistane kallar livmor. Då ler dei sjokkert. Igjen, det er eit privilegium for homofile å få lov til å vere vulgære på eigne vegner.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den som har ein storebror som min, er heldig. Alle skulle vi hatt eit digert sett av storebrør, slik at det alltid var nokon der som kunne seie sikkert om det vi opplever i livet, er farleg, om det går over, og om det vil ende godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

KatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliJulie StensethBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid Kjendlie