Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Kvar gong eg ropar på deg
siv ei anna røyst fram like under mi
Ho stig med ein uminneleg klang
som slår mot lødeveggane
og legg seg over garden

Eg ser deg kome over markene
Kor sterk du er der du går
og ber namnet hans vidare

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein gong var krigen også her
Ein soldat stogga på tunet
Auga var svarttrekte av lengt
Han lyfta opp vesle far min
og heldt han inntil seg
Kviskra fram ord på eit språk
alle fedrar og mødrer skjønar:
Eg har eit barn eg har eit barn
eg har eit barn eg ikkje har møtt

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du skal få eit namn
Du skal dele namn med ein sjeldan fugl
som landa på tunet den dagen du vart fødd
Han kvilte her under trekket

og fuglen var kvit som snø
og fuglen var kvit som mjølk
og fuglen var kvit som utskrivne blad
i spora stod namnet ditt skrive

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I grålysninga teiknar steingardane
mjuke linjer kring dei bleike markene
Tippoldefar fann desse steinane
Kvar ein stein festa han auga på
og såg etter former og kantar
søkk og kvelvingar
som kunne høve saman

Stundom stødde han seg
mot den nylødde muren
Han drog handa over panna
Ei stripe jord smelta inn i sveitten
og la seg som ein skugge i andletet

Mose og lav grør over
der dei seige nevane hans
tok tak og lyfta

Stein på stein kransar garden
Eit lysande omriss av tid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Sol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEvaHilde H Helseth