Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Det at Stasi på 1980-tallet hadde 85 informantar som leverte materiale om den vesttyske industrigiganten Siemens, gir eit inntrykk av intensiteten i DDRs industrispionasje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Vi fekk aldri sjå dei andre fangane ( i Stasi sitt varetektsfengsel). Men nokre gongar prøvde vi å kontakte kvarandre ved å banke morsekodar i veggen, seier han. Lyden av dumpe slag frå nabocella gav ei kjensle av å høyre til. Det var godt å kjenne seg mindre einsam". Men han skjønte raskt at bankinga kunne vere farleg. Kanskje var det Stasi der også ? Eller kanskje fangen på andre sida var ein tystar, ein som rapporterte vidare ?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei sovjetiske utsendingane kjente uansett ikkje til noka anna form for kontroll enn full kontroll. Dei hadde svært avgrensa kunskap om andre samfunnssystem enn sitt eige. Men mange marka at kursen dei førte, var upopulær. Den skapte fiendar. Men dei kunne ikkje gjere noko med det. Politikken var avgjort i Moskva.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sachsenhausen er ein stad med dobbel fortid, ei nazistisk og ei stalinistisk. Historikarene synest det er så vanskeleg å fortelje om slike stader at dei gjerne viser til det dei kallar den Faulenbachske formelen. Den er oppkalla etter historikaren Bernd Faulenbach. Formelen er eit forsøk på å vise respekt for menneskeverdet. Den går ut på at når ein minnest offera for nazismen, må ein ikkje bagatellisere lidningane til dei som vart offer for stalinistisk vald etter krigen. Når ein minnest offera for stalinismen, må ein ikkje gløyme offera for nazismen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila