Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

To venner om sommaren er altfor lite.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om me er kule den første dagen, blir me kule resten av ungdomsskulen, har Pelle sagt i fleire år. Me får ein sjanse, har ho sagt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det går bra, seier eg og smiler sånn ein skal smile til vaksne

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det einaste som er feil, er at eg er fjorten, at eg må komme hit kvar einaste dag og vere i same rom som folk eg ikkje har noko til felles med, og at eg er ukyssa halvvegs inn i ungdomsskulen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På ettermiddagen har eg heile huset åleine. Eg distraherer meg sjølv for å ikkje legge meg under den store, varme dyna. Leitar etter godteri i skapet. Fyller badekaret med så varmt vatn at eg må senke meg sakte, sakte nedi. Brukar badesaltet som får vatnet til å sjå ut som grøn melk. Blar i eit leksikon. Fyller solsikkefrø på fuglebrettet. Ringer Pelle utan å ha noko å snakke om. Prøvar å stå på hendene i stova.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vekkerklokka ringer, eg trykker på stopp, reiser meg opp av senga og gjer alt i sakte film; går på do, vaskar fjeset, pudder, rouge, vel mellom kvit, sølvgrå, rosa og lyseblå augeskugge, det blir sølvgrå, maskara, svart kajal rundt heile auget, hardt blikk i spegelen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg teikner celler i naturfagboka. Fargar cellemembranen gul, teiknar mitokondrium med tynn blyant. Om Magnus er i same rom som meg, skjønnar alle cellene mine at cellene hans er i nærleiken. Eg teiknar fleire celler og føresteller meg at alle tilhøyrer Magnus. Jo fleire eg teikner, jo betre, eg fargar dei i alle mogelege fargar: hårceller, hudceller, sædceller, blodceller. Eg teiknar et tverrsnitt av eit auge, mitt auge, som tek i mot lyset frå strekmannen som er Magnus. Bildet av Magnus reflekterer inn i synssenteret i hjernen som begynner å sende signal til resten av kroppen, til pusten min, magen min og hendene mine. Alt dette på grunn av mine celler som oppfatter hans celler. Eg får femmar på veggavisa om menneskeceller, ho får henge lenge i klasserommet, kun eg veit at det er eit bilde av Magnus, sett på veldig veldig nært hald.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle i klassen er delt inn i eit periodisk system av gassar og metall, av elektron, atom og kjemiske forbindelsar. Nokon av stoffa er umogelege å blande, som stein/saks/papir. Sjølv om me ser kvarandre kvar dag, har me aldri blitt kjente og me kjem aldri til å bli det. Alle blir verande i sin tilstand, fast form, væske eller gass. Om det er sånn, om me er stein/saks/papir, vil eg vere ein stein, ein stor stein som ligg heilt stille, som har gjort det så lenge at ingen legg merke til han lenger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

AvaGladleserTove Obrestad WøienStig THarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindusBjørg Marit Tinholt