Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

Og dei passande situasjonane kjem alltid, det er det ein må vite.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dear Sofia Coppola,
This question I wanted to ask you earlier about surfaces: I want to rephrase it. What I would like to ask you is this: What do you do when you're in a grown up man's kitchen and he is crying his heart out over some eggs and you are having a hard time trying to understand what has happened, why he is crying, and you think that it might be that he is thinking of his ex-girlfriend whom you've just discovered, when you were looking for some soap in the bathroom cupboard to wash away the blood you bled on his floor earlier on because you suddenly got your period getting out of bed, has left her expensive creams and make up there, as some kind of promise, as if she's never left? As if she's going to turn up any second, starting to rub her face in with moisturising cream with a hint of apricot?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ho må bli annleis. Ho må bli tøffare. Ho må slutte å analysere ting og slutte å vere opptatt av ting i så stor grad at ho gløymer det som elles finst rundt henne, og ho må dessutan slutte å tru at folk er interessert i det same som henne. For det er dei ikkje.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og då ho seinare kom heim og las dikta følte ho at alle dikta hans var heilt slik som det blikket. Som om det så rett inn. Dikta sa ting rett ut.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nok ein gong har verda stengt for henne og sagt: DU! Du kan gå tilbake til hovudet ditt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg lengtar etter alt, tenker Sigrid, det er det som er saka. Ho lengtar etter "det". Det som er alt. Og som ho aldri har opplevd. Og som ho i alle fall aldri kjem til å oppleve med Magnus.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

...han hadde denne litt alarmerande kjensla av at Sigrid, moglegvis mor til hans framtidige barn, likna eit møbel eller ei pute eller noko som ein har kjøpt i den tru at det skal passe perfekt inn i leiligheita, at dette møbelet stemmer på ein prikk overeins med nokre kvalitetar i ein sjølv med omsyn til estetikk, og kvalitet, men at det på ein eller annan måte stikk seg ut no når det har kome på plass, og ein ikkje veit heilt kva ein skal gjere med det. Kvar skal det stå. Dyrt var det, og alt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viggo har heile sitt liv vore ein lesar. Ein drøymar, ein tenkar, ein einsam ulv. Eller sau, om vi skal plassere Viggo metaforisk hos eit dyr han heller høyrer heime hos enn ein ulv. Ein einsam sau i utkanten av flokken, med skjelvande ull.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Heilt til nokon kjem og legg ein unge i senga di og ungen festar seg på brystet ditt. Ikkje som ei igle, ikkje som ein parasitt, men som ein liten, varm unge med ein enda mindre munn som prøver å suge på brystvorta di, og med armar som innimellom rører på seg som om dei var under vatn, berre at nokon har tømt ut alt vatnet.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Den ein snakka med og var forelska i, blei på en måte ei kjensle av seg sjølv, ved vindauget, med snøen som dalte ned i greinene. Deretter, når ein hadde stått der ved vindauget og hatt denne gode kjensla, kunne ein halde fram med det ein gjorde på, og ein kunne halde på denne kjensla fordi den andre ikkje var der og forstyrra biletet med heilt andre ting enn magisk daling ned i tre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudWenche VargasHanne Kvernmo RyeLinda NyrudKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_Meson