Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

I BOTNEN AV BÅTEN

alltid har eg tenkt
at døyr far, døyr frendar
døyr eg det same, men aldri at
det skulle skje no, like etter stilla
på åkeren, ikkje noko kan eg seie, og
ikkje noko kan eg gjere, må berre sitje
her, ikkje sjå på kista eller mor mi som
sit under frynsesjalet sitt fremst i båten
ikkje sjå på systrene eller spelemannen
eller roarane eller abelone med barnet
i magen, berre på årene i det kalde og
klare vatnet, og vite at månen min
måne, far min sin måne, han lyt
eg gje vidare til son min og
son hans og son hans att
måne i ny og måne
i ne, i ring og
i kring

Godt sagt! (2) Varsle Svar

[...]

og sjølvaste
blåklokkehimmelen
skal eg hekte ned til deg
kviskrar eg, leggje han
som det finaste sjal
kring skuldrene
dine

Godt sagt! (1) Varsle Svar

MÅNEN

ligg og skal sove, men
i lyset frå grua ser eg røyken
som stig opp i ljoren og ut, og langt
oppe i det mørke er det noko så kvitt og
blankt, kva er det eg ser i himmelsynet, seier
eg, å, det er månen, seier far, tek meg på armen
og slår kvitelen kring meg, ber meg ut stovedøra og
ytste døra og så ut i den kitlande, kaldklare natta, ved
den store bjørka snur me, far peikar opp i det blåsvarte
og seier sjå månen, endre, han har alltid vore der og skal
alltid vere der, er det ikkje fint, jau, seier eg, og i dagane
som kjem, skal eg ofte spørje etter månen, og far min og
eg skal gå ut på trappa, stundom kan me skimte noko
bak skodde og regn, stundom kan me sjå han som
ein sigd oppe på himmelen, men mykje av tida
er han ikkje å sjå, og far seier at han gøymer
seg nok, gjer som han vil, er heldig slik
og sidan skal dette vere det første
eg hugsar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

gras og blomar er
ein heilagdom

gras og blomar
er som gull

så aldri vasse i graset
eller rive opp blomar
fånyttes

Godt sagt! (2) Varsle Svar

tenk at du lever
seier eg, ser på han som
alle stader har vore, som
alt har sett og alt har gjort

sjølv har eg ikkje gjort anna
enn å vere her, og å vere her
er det eg skal, til all tid.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Harald KJulie StensethEli HagelundKirsten LundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTorill RevheimTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaFrode TangenPernille GrimelandBerit RLars MæhlumLailaNina SolåsLene AndresenIngunn SDolly DuckHanne Kvernmo RyeKaramasov11RufsetufsaTine SundalSynnøve H HoelaRmaNdA BaisTine VictoriaTone Maria JonassenWilliam BillisonGodeminesiljehusmorVannflaskeSiri HelsethTom-Erik FallaAntheia