Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Dei vakre orda kjem når eg er på mitt styggaste [...]. Dei kjem fordi dei må, fordi eg treng eit lys.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er ikkje redd, for han er så menneskeleg, fullstendig til stades i hendene kring kaffikoppen og den stive ryggen. Knapt klår over at han har ein kropp, bortsett frå når den gjer han vondt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi er så ulike, men likevel vakkert plasserte i dei same avsnitta i lærebøkene til reparatørane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Somme tilsette har pusestemmer og kaffiande, har studert i årevis for å få redde jenter som meg. Andre har tydelegvis møtt mange av oss, ser trøytte og nesten irriterte ut. Eg hatar dei alle saman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg blir flytta til ein strengare stad, men han kan umogeleg vere strengare enn eg. Ikkje noko er strengare enn eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alle stader eg har vore, byar og tettstader eg har besøkt, er fulle av svarte flekkar. Fingeravtrykk, fotspor og skit. Eg har drege med meg sjukdommen inn i rørande møblerte heimar, med på familiebesøk og feriar. Det skitne og ekle har kravla inn i sofakrokar og gjestesengety, kor det ikkje høyrer heime, kor det aldri var min rett å plassere det. Overalt eg snur meg, ser eg skabb, infeksjon, galle, ei gul åre gjennom menneske og minne. Eg er så lei meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har ikkje lenger nokon alder, no er eg ein diagnose, storslått og sinnssjuk.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

OleMorten MüllerTanteMamieKirsten LundHanne Kvernmo RyeLilleviAvaTine SundalHilde AaDaffy EnglundTom-Erik FallaÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergJulie StensethPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTurid KjendlieTheaEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindusSolveigBertyHilde Merete GjessingBjørg RistvedtSolDolly DuckTonesen81Pi_MesongretemorEivind  Vaksvik