Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Etter at ringinga gav seg, lyste telefonen nokre sekund til, sendte ei blå pust ut i rommet, för lyset brått blei kutta.
Elskar du han framleis? spurte James McGregor i mörket.
Ja, svarte ho.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

(...) det vakre er alltid innan rekkevidd, det er bare å strekke seg ut og ta på det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dei sov slik ein søv når ein elskar kvarandre, tett omslyngte og utan å vite kor den eine tar til, og kor den andre sluttar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Han visste at han ikkje var nokon stor fotograf, men han sette æra si i å gjøre folk vakre. Han var dyktig til å gjøre folk meir attraktive enn dei i realiteten var. Fotografar kunne snakke om den avgjørande augneblinken så mykje dei bare orka, om korleis dei fanga sjela til objektet, om evna til å gripe sanninga eller visualisere ei innsikt. Det var noko piss. Folk ville ikkje ha sanninga hengande på veggen heime, dei ville ha noko dei kunne leve med.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

... han såg for seg alle typar kjærteikn, alt ein kan gi og ta før ein åpnar seg opp og blir sårbar, før dei lange åra saman gjør det legitimt å gå laus på den andre.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Han skjønte at dette utvikla seg til ein av dei telefonsamtalane han ville hugse seinare, som ein slags forbanning, noko katastrofalt der alt blir korta ned og forma til setningar han ikkje kom til å glømme.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anita NessIngvild SsomniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TKirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BHanneDemetersiljehusmorMads Leonard HolvikSigrid Nygaard