Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 22 sitater

  • Ein dag, det er lenge sia no, gjekk eg til bakaren saman med mi vesle dotter. Det var ikkje ofte eg gjekk til bakaren saman med mi vesle dotter. Det var ikkje ofte eg leidde ho, og enda sjeldnare at eg var åleine med ho. Det måtte være søndags morgon, for det var mykje folk hos bakaren, og mange kjøpte jordbærterte eller eggekake med krem. Da vi kom ut, spurde dotter mi om ho kunne få skalken på loffen. Eg nekta. Nei, sa eg, nei, ikkje no. Når vi har sett oss til bords. Vi gjekk heim, og alle serre seg for å ete lunsj. Ein hyggelig liten familie. Det var eg som skar opp brød. Eg ville det. Eg ville jo halde det eg hadde lovd. Men da eg gav skalken til den vesle dotter mi, gav ho den vidare til bror sin.
    "Men du sa at du ville ha skalken..."
    "Det var i stad eg ville det," svarte ho mens ho bretta ut servietten.
    "Men den smaker akkurat det same no," heldt eg på, "det er same..." Ho snudde seg vekk.
    "Nei takk."
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lykken var kommen, og eg hadde latt den gå forbi, eg var ikkje interessert i å gjere livet mitt vanskelegare enn nødvendig. Men det var jo så enkelt. Å rette frem handa var alt som skulle til. Alt det andre hadde sikkert ordna seg, på ein eller annan måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Livet er slik for dei aller fleste. Vi går utenom, vi jenkar oss, vi går med vårt vesle feige eg i armane som eit anna kjæledyr.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

To gamle vener fulle av arr. Vi hadde nettopp letta på ein diger stein, og straks sleppt han ned att. Det var for skremmande, alt som kraup og kravla under den steinen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tørkar tårene, klemmer væta ut av svampen, vrir opp denne store, triste kroppen og vendar bladet. Tenkjer på noko anna. Set den eine foten framfor den andre og begynner på nytt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fella ligg i å tru at det å vere lykkeleg er noko ein har rett til

Godt sagt! (8) Varsle Svar

For Livet, ser du, er sterkare enn deg. Om du fornektar det, eller ikkje godtar det, eller i det heile tatt ikkje bryr deg, så er livet likevel sterkare enn deg. Sterkare enn alt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg sit her og snakkar fordi det er du, og fordi det er her, i dette rommet, i dette huset, fordi det er natta , og fordi Adrien har gjort deg vondt. Fordi det valet han har gjort, gjer meg fortvilt, men også litt glad. Fordi eg ikkje liker å sjå at du har det vondt, til det har eg vore årsak til for mykje vondt sjøl... Og fordi eg heller vil sjå deg lide mykje no enn lide litt resten av livet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ja, det fortalde eg visst ikkje, men det hadde seg slik at eg var kona til denne guten. Kone, veit du, denne praktiske greia du kan ta med deg overalt, og som smiler når du klemmer på ho.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kanskje det passa meg å ha ei trygg hustru på den eine sida og den sitrande spenninga på den andre. Middagen på bordet kvar kveld, men samtidig kjensla av å leggje ut på ville vegar av og til... Med magen full og mageskinnet godt spent. Det var praktisk, det var komfortabelt. - Og så ringde du til ho etter behov? - Det var vel omtrent slik, ja ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ella_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEva