Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Denne mat-Joi likte så godt å ete, og det var ikkje få historier om det. Han hadde eit lite hus der i bygda som brann ned ein solskinsdag han rodde fiske. Då mat-Joi kom att og såg dei rykande ruinanene, sa han desse vidgjetne orda: Her vert det ikkje kokt saltkjøt i kveld.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Presten sa at notida er meister i å formidle meldingar til folk, men at ho ikkje har noko å melde. Det er pinade ikkje fritt for at ein på sett og vis er mindre fortvila før desse preikene enn etter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var som om kvart einaste menneske stod han nær og var eit svært merkverdig vesen som var verdt å handsame med den største omhug.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For meg er det berre to slags politikarar, det er sparkdeisomliggnede og sosialistar. Desse sparkdeisomliggnede stør "det private initiativ" og er oftast godt i gang med å snyte på skatten rundt 20, har etablert eiga bedrift rundt 30, vorte respektable menn med hengemage som syslar med vinklubbar og jakt rundt 40, og rundt 50 har dei vorte frimurarar for å prøve å vinne tilbake den for lengst selde sjela si...

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fyrst må ein ha ein draum, så må ein tru på han til han vert verkeleg.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Stilt og roleg spurde Dufgus filosofikaren kvifor folk eigentleg studerer filosofi.Filosofikaren såg tankefull ned i lòvane sine både lenge og vel, som om han verkeleg ville gjere seg umake med svaret, og sa så: Eg kan ikkje svare for andre, men eg studerer filosofi for forstå verda betre.
Då var det slik at somme lyfte auga mot fjella og såg på all isen som hadde bråna i gjela i mildvêret, andre såg utover fjorden på bårene som braut innafor skjera og hindra dei i å dra utpå. Så såg Ebeneser og Bernharð på kvarandre før begge såg på filosofikaren, og ein av dei sa: Kva er det, gode ven, som du ikkje forstår?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

VibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete Rambølbrek