Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

"For av alle dei pilegrimsvegar som Vårherre har lagt til rette for oss, er vegen over slåtteteigen den vakraste. Ein går med ljåen til ein møter gjerdet til grannen, så går ein tilbake og byrjar på ein nå skår. Ja, den vegen er Herrens veg, men smikka er djevelens verk."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gjertine lærte, under overfarten til Amerika, det som ho ikkje hadde forstått, eller ikkje brydd seg om å forstå medan ho enno var i gamlelandet: At den fryd som ikkje får anna mæle enn stille sukk, kan vera like stor som den som kunngjer seg sjølv med høge rop og gledesskrik for all verda.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Somme gonger var dei ein tanke og eit sinn. Andre gonger var avstanden mellom dei uendeleg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Somme har det best når dei legg stein til andres bør.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Same kor tungt det var for dei som var foreldre, for Eilert var det rett, for det var for trongt for han der heime. Eilert skulle ikkje gå og tråkke på bygsla jord alle sine dagar, slik dei hade gjort. Og når Vårherre la alt så godt til rette for ungdommen, måtte ikkje foreldra stille seg i vegen, og ikkje måtte de tenke ut frå det som dei sjølve hadde mest glede av. Den sanne foreldrekjærleiken spurde etter kva som gagna barna best, og korleis dei kunne få seg ein leveveg så dei kunne forsørge seg og sine.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Serianna kom ut etter at ho hadde gjort melkesilen rein og skylt bytta, ho sto ved sia av han og var som alltid hans tause vern. Mange gonger hadde han kjent seg merkelig framand for henne, men i sorga kom dei kvarandre nær. I dagane som følgde gjekk dei og viste ei stillferdig omsorg for kvarandre, for dei visste at den andre gjekk og bar på si smerte utan at eit ord vart sagt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Stine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHarald KHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten Jensen