Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 11 sitater

Den vanskelege definisjonen er slik: Prokrastinering er ein mekanisme for å takle "angsten" som kjem når ein må begynne på eller avslutte ei eller anna oppgåve. Den oppgåva kan vere stor eller lita, altså frå å svare på ein sms til å skrive ei måsteroppgåve. Den enkle definisjonen er "aktiv utsetjing". Min personlege definisjon er: å surfe så lenge på internett at du får vondt i magen og tenker at livet ditt blir gradvis øydelagt utan at det er noko du kan gjere for å hindre det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Spelar det nokon rolle om me er blitt døve for blodets hvisken og benpipernes bøn? Det kjem litt an på kva slags liv du kunne tenke deg. Eit av dei finaste minna mine frå dei siste åra, er ein busstur om kvelden frå Lillehammer til Oslo. Då eg omsider kom fram, tenkte eg fortumla: " Kva i alle dagar var no dette?" Eg hadde sett ut av vindauga mens tankane for forbi, heile turen, det var ei merkeleg intens oppleving, eg kjende meg bortimot fornya, og først etterpå gjekk det opp for meg: Eg hadde vore tom for batteri på telefonen.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Har ein begynt handlerunden med å stappe ein brokkoli i korga, er samvitet så godt at ein kjøper potetgull og øl seinare. Og grunnen til at sjokolade alltid er ved kassa, er at ein er utmatta etter først å ha valt mellom atten typar knekkebrød og tretti sortar frukostblanding og dermed dårlegare rusta til å ta gode avgjerder til slutt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Menneske er generelt ikkje særleg flinke til å tenke langsiktig. Grunnen til det er som vanleg å finne hundretusenvis av år tilbake, då me stort sett gjekk rundt og tenkte på ein ting: neste måltid.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

.. Og elles: fjernsyn - gjerne med ein laptop i fanget og ein telefon i handa. Det norske folk er eit manisk sosiale medium - og nettverkssjekkande folkeferd, alltid påkopla, men likevel isolert. Lykke til.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Prokastinering er truleg den mest utstrekte, og den mest fortvilande, forma for sjølvdisiplinsvikt. Alle menneske prokastinerer. (Bortsett frå kanskje slike folk som Hadia Tajik, som tar tre mastergrader og lærer kinesisk mens dei er statsråd).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det aller beste ein kan gjere, er å sikre at ingen viktige avgjerder blir tatt på tidspunkt der ein veit ein vil vera utsliten.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Absolutt aldri multitask - multitasking er å redusere hjernekapasiteten din samtidig som du aukar stressnivået.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Prokrastinering er truleg den mest utstrekte, og mest fortvilande, forma for sjølvdisiplinsvikt. Alle menneske prokrastinerer (bortsett frå kanskje slike som Hadia Tajik, som tar tre mastergradar og lærer kinesisk mens dei er statsråd), men i sterkt varierande grad.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

I dag er det heilt feil folk som har sjølvkontroll. Ein av Noregs fremste sjølvdisiplinistar heiter til dømes Fotballfrue. Mens forskarkarrierane til dei lysaste hovuda i landet går til grunne i twitterdiskusjonar, har Fotballfrue ikkje rørt kveitemjøl eller sukker på eit tiår. Me kunne gitt henne ein leikedokterkoffert, og ho ville ha løyst kreftgåta innan halvtanna år.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

SolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-Lise