Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 30 sitater

Kvar morgon finn enkemann (73) fotoalbumet og stansar ved bildet der kona (1938-2011) lener seg fram for å kviskre noko i øyret hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kvar dag spør mann (80): Kven er du? Kvar dag svarar kvinne (77): Kona di. Kvar dag streifar handa hennar kinnet hans.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

22:58 | han kjem etter og legg seg tett inntil henne | eg har eit viktig møte i morgon, seier ho | eg har eit viktig møte akkurat no, seier han.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enkemann (82) leitar overalt, men gifteringen er borte. Han blir sitjande med fotoalbumet, stirar på bryllaupsbildet der ho smiler mot han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han forsøker seg med å seie noko fint, men ho ser ikkje ein gong opp frå iPhonen. Han hugsar den tida ho ikkje makta å ta auga vekk frå han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nokon har strødd et lag melis i gata. Litt utpå dagen kan ein sjå fotspora til leikande jenter (3). Ingen djupe tankar, bare litt lykke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rusa på kyss og kvarandre oppdagar dei ikkje at snøen sakte dekker bilen dei sit i. Så ler dei. Gut (20) er blitt kjærast med gut (22).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Først dei små håra på armane hennar. Så armane. Så halsen. Så munnen. Leppene. Kinna. Auga. Øyra. Håret. Så er han forelska i heile ho (22).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Faren gir han Ronaldo drakt. Mora gir han snop og cola. Han er åtte, heng på McDonalds i Madrid-drakta, vil aldri skåre eitt einaste mål

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Klede. Tøflar. Toalettsaker. Amme-bh. Helsekort. Coelho-bok. Mann (28) sjekkar konas bag.
-Coelho? På klinikken?? Då får du føde utan meg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Ella_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEva