Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 27 sitater

min kropp avgrensar
verda
held meg
att

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bror din lyfter
hendene frå auga, frå
arra på overkroppen, din bror
lyfter sin tunge augelokk
for fyrste gong
lyfter
auga
frå bakken, sola
over horisonten, spreier
armane ut og kjem
deg i møte, din nyfødde
storebror smiler som aldri før

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Frå begeret av kronblad
reiser arret seg
omkransa av dei som ber støv
og berre det vert ståande
når blomen blømer av
Ber frukt og frø

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg skapar meg
eit namn
Kroppen er
min logo

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I ei verd der to kjønn
får plass i eitt sniglehus
krølla saman i spiral
kryp eg ut og vert hann

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skulle du felle tårer
over at bror din
feller sine bryst slik
trea
feller sine kongler

Skulle du bry deg
om kva som veks
i di systers boksershorts

Kven er du i dette landet
mellom fitte og kuk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg snører inn brysta
og auga
til eg ikkje ser lenger
enn til nasetippen
sjølv med briller på
Knyter meg saman
får vondt overalt
ventar på at skalpellane skal skjere meg
laus frå meg sjølv

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mannen sperra inne
i ei mappe for vidare utgreiing
nedfrosen i påvente av diagnosen

Eg er mitt eige prøverørsbarn
overmoden
krafsar mot innsida av kjøleskåpsdøra

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alt kvinneleg
klumpar seg
i halsen og vert
eit adamseple
som vekst umerkeleg
til det fyller luftrøret

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Psykiateren ifører seg
si kvite dommarkappe
vaskar hendene
og tek imot meg mellom kvite vegger
der eg balanserer på stram line
mot diagnosen
frå kvinne til mann
Ikkje sjå ned!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

KatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliJulie StensethBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid Kjendlie