Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

  • Konjakken er på veg, seier han belevent. Og ser føre meg to konjakkglas ute på ein aud landeveg, der det blæs, og sjeldan ferdast folk.
Godt sagt! (2) Varsle Svar
  • Vi er aldri ufine, seier eg. - Vi har trass alt ei viss danning og held oss i skinnet når trongen til å vere litt ufin kjem over oss.
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og som så mang ein gong før: I det eg passerer landsdelsgrensa der oppe på fjellet, flerrar sola eit stort hòl i himmelen, og det vestlandske flaumlyset skyl over meg som om eg skulle ha vore velsigna, noko det er liten grunn til å tru at eg er.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

-Vi må ta litt ansvar, sa Nummer tre.
-Det er klart, sa eg.
-Ikkje minst du som er eldst, sa Nummer tre.
Dette overraska meg litt, sidan eg alltid hadde sett på han som den eldste. Det hadde vel å gjere med advokatdraumane hans og måten han snakka på. Men det stemmer nok, om ein reknar år, så vil dei fleste hevde at eg er den eldste.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du trur du er på veg mot ein plass, seier eg, - og brått er du inne i eit landskap du aldri har sett før, og som ikkje eingong liknar på eit landskap du har sett før. Og du aner ikkje kor du er, eller kor du kjem til å hamne.
Margot tar ein slurk til.
Ja ja, det høyrest no ut som ein slik busstur eg kan tenkje meg. Eg tar sjansen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Tomas har ikkje mange bøker i hylla, men eg ser at han, i tillegg til det meste av Mykle, har ein roman av Ragnar Hovland, ein annan forfattar her frå distriktet. Eg sjølv er jo av lærarslekt, mens han kjem frå ein familie av lett alkoholiserte lennsmannsbetjentar. Sidan vi altså er frå same distrikt, var det uunngåeleg at eg lenge såg på han som ein slags konkurrent - ja, forfattarar er ikkje frie for å ha slike tankar - men i seinare tiår har eg ikkje tenkt så mykje på det. Vi har drive med nokså forskjellige ting. Men eg meiner å hugse at Tomas ein gong sa noko slikt som at det var Hovland som hadde lært han å snakke.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg går spenstig inn i meg sjølv og ser etter spor av draumar, ute på markene, på begge sider av vegen, men det er lite å finne, anna enn sjaskete restar.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg pakkar ut pc-en mens eg i det fjerne høyrer den roande, tunge sovepusten til brørne mine. Det er natt,og det suser stilt frå trea og vatnet der ute og frå mitt eige hovud,etter alle glasa med kartongvin.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mørket dunkar igjen mjukt på rutene. Trea kler seg i kveldsfargar. Harane i skogen skiftar til kveldspels. Folk på vegen snakkar lågare saman,som om dei er reddare for å røpe seg no når mørket fell på,

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg tenkjer over om det er noko anna eg skal på laurdagen,og kan ikkje for mitt berre liv komme på noko.Laurdagen ser heilt vidopen ut. Ein rein prærie.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtBertyHarald KSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveTanteMamieLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeJulie StensethRufsetufsaCarine OlsrødMarianneNInger-LiseNorahTine SundalVariosaSverreKristin71Tone SundlandWenche VargasMorten JensenMarit HåverstadChristoffer SmedaasCamilla