Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

eg låg i land i ei einsleg vik,
eg sleit i bandet i tjue vårar!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Utrolig

Det er så utrolig
ikkje til å fatte
så reint bort i veggene
reint bort i natta
så utanfor alt
ein kunne ha tenkt seg
så vrangt å handtere

-og det gjer meg så meningslaust glad!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tøysevers om katten

Eg sette brillene på min katt, san,
for at eg betre skulle kjenne'n att, san.
Men katten sa at det var reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei å nei å nei å jasså!
Nei å nei å nei å jasså!
Katten sa at det var reint umogleg
å bruke briller på musejakt.

Så tok eg brillene av min pus, san,
og da tok katten seg straks ei mus, san.
Da skjønar eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei å nei å nei å jasså!
Nei å nei å nei å jasså!
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Frø

Flaum, flaum er livet,
og vi er frø,
frø i ei vårelvs vald.
-Kvar er vår mold?

Like ned til vår straumveg
stig skog og enger.
Vi óg skal bli
til skog og enger ein dag
-er det her?
Men støtt går straumen forbi.

Vår elv skal ut til havet.
Men vi er frø.

Flaumen glitrar og syng om leiken vår,
er vår vogge
og våre venger.
Ein er hans vilje:
alltid lenger, alltid lenger.
-Kvar er vår mold?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nesten ingen ting

Utgangsporten i sikte.
Da samlar ein saman
det ein vil ha hos seg
så lenge ein er på denne sida.

Sorterer ut.
Streng sortering.
Likevel så mykje
som er verdt å halda fast på?

Det. Og det. Og det.
Kva som er mest verdt
veit eg ikkje,
og kva tyder vel mål og vekt?

Men no i solefallet
i dette tunet der eg har trødd i seksti somrar
blir hjartet fullt av takk og pris
for noko som er nesten ingen ting.

Kvitkløveren som myldrar
rundt skolt tett ved rund skolt
rundt steinane og i vegkanten
og lar sin søte, blyge pust
så vidt merkast i den lufta ein andar inn.

Og linerla. Vipestjert i soloballett på rekordraske bein
fram og tilbake, hit og dit.
Alltid berre ei.
Skulle tru det var den same
gjennom alle dei seksti somrane.

Kvitkløveren. Linerla.
Så smått. Så stillferdig.
Ja. Og så dyrbart.
Nesten nok, berre dette, i kveld

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kvistrar ditt namn

Eg kvistrar ditt namn i den store natt.
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn.
Men natta er mørk som før.

Mitt sinn er ein loge avdi du er til
- er til, men er ikkje her -
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.

Ustanseleg gir eg, berre med det at eg er,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I haustmørkret

Vi sat og skremde oss sjølve så titt
kring åren i Skrubbhulu-koia,
med hauststormen herja i skogen vidt
og bar seg og mest-som oia.
Så mykje var hendt just i traktene her,
vi kvistra om alt vi visste:
då mordaren låg på sitt siste.

Ein haug innved vegen var sikkert ei grav,
og attom ei steinrøys der gret det.
Han Stor-Halvor høyrde no' rart her ein kveld,
som sang frå ein kjellar, slik lét det.
Og det som han godfar såg då'n var ung
var for fælt til å bli opendaga.
- Vi tagna fortenkt. Og fór saman med eitt - ?
nei det var berre stormen som klaga.

Han Knut som var eldst, han lova ein kveld
ei krone til den som torde
gå ut litt aleine. Ein freistande sum -
vi torde ikkje ta han på ordet!
Vi trykte oss tettare saman og la
på varmen. Som haustnatta ruvde
svart innpå ruta! Snart laut vi vel gå
- det var ikkje fritt for vi gruvde.

Vi hadde ei von at ein vaksen kom
og henta oss heim, men det nytta
så sjeldan å venta. Og elden brann ned,
då var ho ikkje trygg lengre, hytta.
Då smaug vi oss ut og tok vegen heim,
tvers gjennom skrømt-skogen gjekk'n.
Vi klumpa oss saman og labba i veg,
men tykte vi kom kje av flekken.

Lell heldt vi redsla vår inne, som glør,
så lenge vi følgdest åt alle.
Men snart var dei heime att, unga frå Mo
og Hagen og'n vesle-Per Fallet.
Og tre-eine vart vi att, vi som sku' lengst.
Då spraka ho opp i ein loge,
vill - ja vellystig - den mørja av angst,
og sanselaust la vi på floget.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenStine SevilhaugTorill RevheimTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaHarald KKirsten LundFrode TangenPernille GrimelandBerit RLars MæhlumLailaNina SolåsLene AndresenIngunn SDolly DuckHanne Kvernmo RyeEli HagelundKaramasov11RufsetufsaTine SundalSynnøve H HoelaRmaNdA BaisTine VictoriaTone Maria JonassenWilliam BillisonGodeminesiljehusmorJulie StensethVannflaskeSiri HelsethTom-Erik FallaMonica CarlsenAntheiaKikkan HaugenBenediktemarithcHilde H HelsethOddvarG