Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 18 sitater

Eg blir forelska i alle kvinner eg er åleine i eit rom med. Ser ein litt stort på det: alle kvinner i verda som eg kunne enda opp med å vera åleine i eit rom med. Det er, potensielt, veldig mange. Eg forvekslar ikkje dette med seksuell lyst. Det er snakk om sann forelsking. Den første som så vidt hadde hinta, på eit eller anna vis, ville eg ha fridd til og støtta økonomisk og på alle vis elles.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dagane et kvarandre, eg går gjennom tida, kroppen skjør av lengt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette sitatet, frå siste side i boka, kan kanskje brukast som forsvar for fengselsbiblioteka: "Min teori er at det er få steder folk i dag har større mulighet til å lese bøker enn i fengsel. I fengsel har en teoretisk sett fortsatt tid nok, og dermed en liten mulighet til å forstå hva som er sant, hva som er frihet, hva som er livet"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som lyrikar med bok på eige forlag hevdar eg å kunna sjå om folk ser einsame ut.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg går ut i regnet. Det er ikkje lenger noko lett poetisk over regnet denne sommaren. Det er apokalyptisk. Det regner heile tida no. I tillegg til å forsvara prestane, har eg også forsvart den norske sommaren.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så vi går ned igjen utan eigentleg å ha sett noko av den vakre mauriske arkitekturen blant det romerske. Heller ikkje det vesle amfiet like ved inngangen er dei klare for å oppdaga.
Men noko må dei sjå. Eg dreg dei alle tre til huset der Picasso voks opp, det er praktisk talt like ved.
- Dritvarmt her inne, seier Hege.
Vi ser på dåpskjolen til vesle Pablo. Vi ser på bilde frå barndommen hans. Vi ser på eit måleri faren har måla, som eigentleg ikkje er så verst, men som no berre er ein hån mot det kollossale talentet til sonen Pablo.
– Jeg håper det blir sånn med min datter, kviskrar Sonya. – At hun er mer genial enn moren sin.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gjekk også innom eit apotek i Marbella i dag. Skulle kjøpa kondom. Men lét det vera. Den unge, mørke dama som jobba der, var for fin. Kjære Gud, ver med meg no.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjære Gud. Eg har prøvd å halde boda dine. Særleg det sjette. Eg har bede og bede om ei kvinne. Eg ber framleis. Eg lengtar ikkje etter hor og føreseieleg nihilisme. Eller etter ei som angrar på at ho vaknar saman med meg. Gi meg ei kvinne. Ei god ei. Ei du synest passar. Ei som også lengtar. Ei som er åleine. Ei som eg kan sjå tv-seriar med. Ei som eg kan drikka vin med. Ei som eg kan le med. Ei som eg kan feira jul med. Eg er trøytt og utsliten av lengt og begjær. Eg har sett med begjær på andre kvinner, også gifte. Jorunn. Beate. Hildegunn. Ina. Jannicke. Gunn-Line. Lina. Ingunn. Liv. Trude. Anna. Lise-Sofie. Jorid-Anette. Dyveke. Sylvia. Det er mange eg ikkje veit namna på også. Dei fleste er andre sine kvinner. Eg treng ei som er mi. Som eg kan gifta meg med. Eg lengtar slik. Og når eg sjølv ikkje veit at eg lengtar, så lengtar kroppen. Eg vil sova med ei kvinne før eg døyr. I alle fall vil kroppen min det. Kroppen skrik. Gi meg ei kvinne som eg kan dela livet med. Eg er førti år, og eg er redd for at eg har venta forgjeves. la meg ikkje venta meir. Det ber eg om. Herre – høyr mi bøn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er stressa, som vanleg er eg stressa for å sikra mine medmenneske absolutt lukke og velferd. Eg kjem til å slita med denne nevrosen resten av livet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nett no er eg galvanisert av glede. Ja, om eg nett no hadde hatt ein nystemd sitar i hende, så hadde eg sunge.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieKirsten LundBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethIngunn SOleMorten MüllerTanteMamieHanne Kvernmo RyeLilleviAvaTine SundalHilde AaDaffy EnglundTom-Erik FallaÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTheaEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindusSolveig