Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Opna issen seg og lange, mørke hår voks ut, var eg vakker då. Vart føtene slipte mjuke og fotsoppen pirka bort, vart dei vaska og haldne fri for sprekker og seinare lirka inn i grøne sko som lærte føtene å gå, var eg vakker då. Vart neglene ikkje bitne, men voks seg stadig lenger ut, var eg vakker då. Bøygde ledda seg meir enn no, armar og bein på måtar dei før ikkje klarte, var eg vakker då. Vart kroppen kledd i kjole og grøne sko, ville dei då seie: sjå kor vakker Frrok er.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Var det berre så enkelt som dette, ein kom og kjende, og så kjende ein ikkje meir. Ein kom og såg fint, ei jente i kjole og sko, så såg ein ikkje meir. Ein sakna, så sakna ein ikkje meir.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Alt er min eigen dag før dagen dei ber meg til jorda, eg vil ikkje leggast aleine, men saman med andre, ikkje ved sida av kvarandre, jord skapar veggar, men lag på lag saman med andre som er borte, jord over og jord under oss, berre ikkje mellom oss, slik vil eg forsvinne, eg vil ikkje lenger vere, men berre i deg, og om ikkje i deg, Flori, då i ein kvist, ei jente.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var eg ei som henne, kva klede kom eg gåande i, og dei som såg meg, kva såg dei, og kva tenkte dei, og sa dei noko til meg om håret og kjolen og skoa, sa dei eg var vakker. Såg dei meg og såg dei inn i noko ingen ord forklarte, såg dei lengsla si i meg, såg dei raseriet, eit tap. Korleis var det å berre gå ei gåte eller sitte på ein benk og vente, så kom nokon og begynte å seie fine ting, korleis var det å vere i to grøne sko, korleis ville kjolen hennar sitte på kroppen min, korleis voks slike hår om dei først slo rot i skallen, korleis vart nokon slik og andre slik, kvifor desse forskjellane, kvifor nokon fin og nokon stygg, kvifor fekk nokon gå langt og nokon kort, kvifor alle kjenslene og lengslene når alt eg ville, var å sovne inn og stå opp att i ein annan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg pirka i jordveggen og lurte på kor langt inn det var til gravene ved sida av meg, ville eg kjenne nokon om eg stakk handa langt inn, og kunne dei vakne, eg såg mot sola, og var dei bortfarne verkeleg bak skyene ein stad, i lyset og stjernene dag og natt, var dei solflekkane på elvebotnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var eg ein som skreiv, kva ord brukte eg, korleis kjendest orda etter eg hadde skrive dei ut. Var eg ein som skreiv, kva skildra eg, og korleis kjendest det å vere i det eg skildra. Var eg ein som skreiv, kva kjende andre i orda mine, og ville dei tenke på alt eg kjende, eg som satt aleine bak kvart ord.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg la meg kort i graset, sola framleis mild, og eit vindpust kom, vindpust etter knaka det i meg, knak i bein og skalle og bringe, eg låg i graset og voks endå eg for lengst var utvaksten, kroppen var slik han skulle vere, men fremleis venta fleire steg framanfor enn dei som låg att bak, langt framme var min bortferdsdag om ikkje eg vart sjuk, eg var framkomen i meg sjølv, og der skulle eg ei stund vere, kanskje finne fram til et anna hand, to hender voks saman om dei heldt kvarandre lenge nok, ein av mine knokar kunne framleis slå rot i framand knok og bli ei ny hand, ein ny fot, kunne eg ønskje meg om til noko anna, var eg foten til ei vakker jente, kunne eg ønskje meg om til noko anna, var eg foten jenta gjekk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jord var alt som ein gong hadde vore.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SStig TritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica Carlsen