Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 9 av 9 sitater

Denne redsla

når halve linja er skriven

at blyanten

knekker

før alt er sagt

og

kven høyrer meg

når eg teier

(Jurgen Fuchs, fire dager før han ble arrestert av Stasi)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Muren synleggjorde ikkje berre at folk i Aust- Berlin var innesperra, den gjorde også eit anna problem tydeleg; problemet med sanninga. For dei aller fleste, bortsett frå dei mest partitru, fanst det to sanningar: Den offisielle sanninga og den andre, den verkelege sanninga.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Revolusjonar oppstår når folket ikkje lenger vil, og regjeringa ikkje lenger kan.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

For alle som hadde levd i DDR, markerte 9. november 1989 eit djupt skilje. Livet kunne delast inn i to tydelege epokar, det som hende før og det som hende etter den spesielle novemberkvelden. DDR var landet som forsvann.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I eit samfunn der staten hevdar å sitje med svaret på alle spørsmål om godt og vondt, rett og feil, og innbyggjarane heile tida blir pressa til å vise støtte til statens ideologi, blir innbyggjarane tvinga til å underkaste seg statens verdisett. Iallefall tilsynelatande. Svaret blir for mange å operere med eit skilje mellom det ein tenkjer og det ein gjer. Dei utviklar dermed ein illusjon om at det ein gjer,, ikkje spelar noka rolle for kven ein er.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Nokre gonger kunne det stå tre parkerte bilar utanfor bygardsleilegheita. I kvar bil sat Stasi - menn og skulte mot døropninga. Dei sat der uten å gjere noko forsøk på å skjule seg. Vera fortel at familien ofte lo litt av overvakarane som heldt til utanfor huset. Var dei verkeleg så dumme at dette var måten dei dreiv overvaking på ?.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"- Forfattar Stefan Heym sa at DDR ein dag kjem til å bli ein fotnote i historia. Men vi er mange som levde størsteparten av livet vårt i denne fotnoten, seier (Lothar) de Maizière."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Retten tvilte på at ho var i stand til å oppdra ungane sine til å bli lojale DDR- borgarar. Ho gjorde ikkje nok for å gi ungane den rette sosialistiske innstillinga til livet. Difor kunne ho ikkje lenger ha ansvaret for sine eigne barn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Historia om Vera Lengsfeld og ektemannen hennar, Knud Wollenberger, er ei historie om det som heldt DDR-verda i hop. DDR var ein stat som ville vite alt. Vera Lengsfeld var ei kvinne som var særskilt interessant for Stasi. Knud Wollenberger leverte jamleg rapportar om henne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth Svee