Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 9 av 9 sitater

Under nesten heile festen var Janis saman med ein kjekk kar som ho likte godt, men rett før stengetid stakk han av garde med ei av dei penare snyltegjestane. Janis var knust. «Dette skjer alltid med meg, mann. Da blir det enda ei natt aleine,» hulka ho på skuldra til Bobby.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mykje har blitt sagt om Robert, og meir skal bli sagt. Unge menn skal etterlikne ganglaget hans. Unge kvinner skal gå med kvite kjolar og sørgje over krøllane hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dei dårlege periodane mine undra eg meg over kva som var poenget med å skape kunst. For kven? Prøver vi å vekke Gud? Snakkar vi med oss sjølve? Og kva er det endelege målet? Å få verka sine bura inne i kunstens store zoologiske hage – MoMA, Metropolitan, Louvre?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

«Du må ta han med til ein lege,» sa morfinengelen. «De må dra herifrå. Dette er ikkje ein plass for dykk.» Eg såg han inn i ansiktet. Alt han hadde opplevd, fanst der i desse døde, blå auga. Ei kort stund blei ein gnist tent i dei. Ikkje for han sjølv, men for oss.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men det som flaut gjennom hovudpulsåra, det som først sette fart på verda deira og sidan drog dei ned, var speed.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nokon på Max’s spurde meg om eg var androgyn. Eg spurde kva det betydde. «Du veit, slik som Mick Jagger.» Eg fann ut at det måtte vere kult. Eg trudde ordet betydde at ein var både vakker og stygg på same tid.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg hadde sett for meg at eg skulle skrive ord som kom til å riste i folk, for å heidre Rimbaud og vise alle som hadde tru på meg at dei hadde rett, men det gjorde eg ikkje.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I left Mephistoles, the angels, and the remnants of our handmade world, saying, "Ichose Earth".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Nora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken Røil