Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 11 sitater

OLAV STEDJE PÅ BADET
det er
tjuetredje
oktober
nittensyttisju
det er
golvkaldt
viss eg ikkje
barberer meg no
får eg bart
det vert nok verre
å eta hamburgar med dressing
men damane vil koma
an mass
det er
tjuetredje
oktober
nittensuttisju
det er
golvkaldt
eg får bart

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Olav stedje drøymer

Kva skjer Når holdbarhetsdatoen På kontaktlinser går ut Vart det rive privathus For å gi plass til Eiffeltårnet Har Vangsgutane noko Å seia dagens unge Er det viktig å klatra Til topps på høge fjell Har dei som jobbar på Bossbilen frynsegode Og elektromontørane ei eiga Smal form for humor Blir kesst nokon gong Akseptert som spørjeord

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg veit ikkje når det tok slutt, når vi fjerna oss frå kvarandre. For no snakka vi ikkje saman lenger. Ikkje på same måten. Eg gjekk aldri til mamma med problema mine. No gjekk vi berre kring grauten. Likevel var det trygt å sitje der heime. Men tryggheita hadde kvardagslege ord. Vi gøymde kjærleiken og omtanken for kvarandre i desse orda. I praten om det daglegdagse. Om Vêret. Om jobben. Om slekta.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det kjendes feil å klemma, men vi klemde. Då vi var kjærestar, hadde kroppane våre passa perfekt til kvarandre. No var det stivt og rart, som på skulediskoteket i åttande klasse. Ingeting passa i hop.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
  • Kva er det du vil fram til? sa eg. - At folkeskikk er oppskrytt. Det er poenget. Folkeskikk er oppskrytt.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

-Du verken seier eller gjer det du eigentleg meiner. Berre det du trur er forventa av deg. Og dess lenger du held på slik, dess verre blir det. Forventningane veks kring halsen på deg. Din høflege fan.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har du pils og populærmusikk, treng du ikkje høgare utdanning, sa Ragnar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg vreid meg på pianokrakken. Streva meg gjennom fire songar. "Hurra for deg", "Bamsens fødselsdag", "Når man blir seksogsektsti" (der seksoseksti var bytt ut med førti) og "Imagine". Ein versjon som ville teke livet av John Lennon, minst like brutalt som Mark Chapmann. Spesielt om Lennon hadde skjøna den heimesnekra teksten, der Tore hylla kona og samstundes gav skulepolitikken strykkarakter. Då hadde Lennon oppsøkt Chapmann frivillig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sommaren blei ein søvnlaus draum. Ein evigvarande basar med fruktkorger på alle lodd.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hadde klare idear om korleis det såg ut i himmelen. Ikkje den skremmande himmelen du kunne sjå opp på om kvelden på veg heim frå kinoen. Den ordentlege himmelen. Søndagsskulehimmelen. Og eg såg bestemor dansa der blant fiskane frå søndagsskuleboka. Fiskane til Peter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila