Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Og da det finasta ordet i språket skulle kårast, vart det også nynorsk: Kjærleik. Ingen bokmålske ord eller kjensler nådde opp mot kjærleiken.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Han hadde gått utfor ei kai og hamna i sjøen, og då folk kasta ei livbøye ut til han, hadde han nekta å gripe tak i den, fordi den hadde påskrifta "Tryggleik ved vatn". Han ville gjerne reddast, men ikkje på nynorsk..."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På alle hav var alle språk heimlause.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rett nok var det to mål i landet, og ein kunne elske det eine og hate det andre, men ein måtte ikkje ordlegge seg slik at innflyttarane oppfatta det eine som bokmål og det andre som eit trugsmål.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bendik Uføre klappa. Han reiste seg, slo handflatene mot kvarandre og plystra mellom tennene. Dette var det nærmaste eit menneske kom å lage fyrverkeri med sin eigen kropp.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Åååh, desse fem timar lange turane til Bergen med snøggbåten! På Austlandet hadde dei tog. Det var ikkje stort betre. Men dei snakka om å få ta i hurtigtog, endatil lyntog. Austlendingane hadde noko å sjå fram til. Her vestpå hadde ein allereie snøggbåtar. Ein hadde ikkje noko meir å gå på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ho løfta på augebryna og smilte. Ho var den typen jente som hadde plukka meir augebryn enn bær.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Når to menn skal snakke med kvarandre på like fot, bør ikkje den eine ligge og rulle i ei kald elv.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethIngunn SOleMorten MüllerTanteMamieKirsten LundHanne Kvernmo RyeLilleviAvaTine SundalHilde AaDaffy EnglundTom-Erik FallaÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTurid KjendlieTheaEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindusSolveigBertyHilde Merete GjessingBjørg RistvedtSolDolly DuckTonesen81