Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 11 sitater

Alt som står, fell, tenkte eg, men ikkje alt som ligg reiser seg. Det måtte eg også seie til bestefar, for kloke tankar var noko ein hugsa, dei var nye bitar som passa inn med dei gamle, fann ein stad forma deira passa saman med forma til ein annan tanke, og slik kunne dei alltid ligge, for når kloke tankar først fann feste, slapp dei aldri kvarandre, men vart noko som styrde, noko som fekk ein til å stå og ikkje bli liggande på jorda, jorda som venta på at alt skulle kome tilbake til henne.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kanskje var det verkeleg slik bestefar sa, at dei døde kvilte slik at vi levande skulle forstå at vi var vakne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Alt som står, fell, tenkte eg, men ikkje alt som ligg, reiser seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bestefar stønte nøgd mens eg smurde inn dei knusktørre hælane og fotblada, sand og kalkstein, rust og trevlar, alt var føtene hans, dei hadde gått så langt og var snart komne fram, eg såg det på dei at snart ville dei ikkje måtte gå lenger.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg var redd. Ikkje fordi det mørkna raskt og eg stod aleine, ikkje fordi det rasla bak platene, men fordi eg var stengd ute frå alt rundt meg, spent fast i denne gnissande kroppen eg ikkje kunne fri meg frå. Det einaste eg kunne, var å bruke han den tida han fungerte, før han skrukka inn og seig saman, kroka seg og til slutt fall ned i sanden og vart gløymt, for akkurat som ord gjekk inn i nye ord, gjekk hender inn i nye hender, og meir og meir av meg ville gå over i gløymsle. Ingen vil hugse deg slik du var, hadde eg tenkt, men ikkje sagt til nokon.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Noko av det første ein verkeleg lærer, sa bestefar, er at alt er her for å gå tapt

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Då storesyster var storesyster, forstod eg ikkje at alt var i røsle, men no då storesyster ikkje lenger storesyster var, forstod eg det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kanskje var det ikkje meir enn det som trongst, eit skur og ein knok som bar så mange minne, kanskje var det slikt alt var, veslesyster, at meir fanst ikkje, meir trong heller ikkje finnast, vi kom alle her, søkande, etter ein knok å halde fast i.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Alt liv ville eigentleg leve.Uansett kva og kven ein var, ville ein bli seg sjølv og være i seg sjølv.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kjærleik er ein kamp, sa bestefar, ein kjempar kampen aleine endå ein trur ein kjemkar kampen saman, men ein kjempar alltid aleine.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R