Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Etter krangelen var det som om sjølve rommet hadde gått tomt for ord. Uansett kva som ville bli sagt, kom det til å ende i ei ny stille. Den morgonen var rommet blitt som alle andre rom der folk kranglar og sårar kvarandre. Eit rom der folk lengtar etter trøst, men der dei har gått for langt og ei forsoning verkar umulig.
Fra novellen Ekskursjon inn i filosofien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi dansa. Vi kyssa kvarandre. Ho kviskra noko i øret mitt. Kvifor blei det sånn? spurte ho. Eg svarte ikkje. Eg tenkte at livet kanskje er slik, som ein serie dansesteg du umulig kan memorere eller lære deg.
Fra novellen Slutten på ei kjærleikshistorie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Under kvinneklinikken ligg kyrkjegarden. Han kan skimte gravstøtta til bestefaren der nede. Støtta ragar kvit og stolt i solskinet.
Akkurat slik bestefaren var. Skyssbårføraren.

Han frakta folk over fjorden: prestar, legar, jordmødrer, brudepar, jødar på flukt. Han frakta smuglarsprit, kjærleiksbrev og jordbærplanter. Han kjempa seg gjennom bølgjene og kom ut igjen full av gode historier.

Framleis er dei brent inn i han, dei septembervekene bestefaren delte seng med døden. Kritkvit i håret låg han inne i vinterstua med fiskerimeldinga skrudd opp på fullt. Dei trøytte augebryna hang ned over pupillar som ein gong kunne fange glimt frå silda.

Han låg der i alt det kvite og løyste båten frå fortøyninga ein siste gong. Starta opp motoren og gjorde klar snøra. Han tok ut kursen, førte handa til skipperlua og segla bort med den same stolte mina.
Fra novellesamlinga Langdistansesvømmar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kristoffer sendte lange brev heim frå Statane, familien følgde han over det støvete nordamerikanske kontinentet, stakk nåler i eit krøllete kart på kjøkkenveggen. Ei nål for kvart brev, heilt frå den dagen Kristoffer gikk i land i New York med fem dollars i lomma. Pengar han brukte til å kjøpe seg ein tjuehestars grøn Winton, ein lassis av ein bil som var så dritings at han knapt heldt seg oppreist på fire hjul.
Fra Ein bibel og fem flasker øl

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein haustkveld gav far min meg klar melding: Enten flytta eg elles så flytta han. Og tok huset med seg...
Fra Å miste ein bror

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For å vere ærlig, sa han, du skal vere passe frekk for å verke ærleg når du lyg (frå Ei kvinne i sola)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Heidi Nicoline ErtnæsHanne Kvernmo RyeMads Leonard HolvikIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeter