Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

Det hadde vore en frostrik vinter og stadig meir snø, nå var det òg vakkert. Det var første gongen han syntes at sundet og strendene sov. Dei sov fagert der dei låg. Synd at verda skal gå under ein gong. Om det er aldri så lenge til.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Herren ga, og Herren tok, han tok heile religiøsiteten min, han skal vera lovprist for det, som sagt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ho stirde han i andletet og leita. Ho hadde vel merka eitkvart på han etter påskehelga her heime, for slike småenglar er varare i kjensla enn både barometer og seismograf.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Mennesket kjenner vi alle, men kven kjenner meg?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Helmer heitte han, ein greiskoren bonde ; han helsa høgt og truverdig når han såg ein, tykte liksom at det var bra dei var til båe to.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Han mintes det han sa ein gong, at helvete er fort tilrigga: Steng to snille kjerringar inne i eit rom i paradiset.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kven var Helmer der han sat? Eg sit berre eg, svara han seg, i Guds hus, ikkje fremst i salen nei, men ikkje bakerst heller.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ho var for godhjarta, det var det som gjorde henne dum. Ho gav bort katta si ein gong.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ein har det som ein har det, samme kor ein gjømmer seg.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sjøen braka, han ofsa seg opp og kom dundrande verre og verre, det var eit manndreparmot i han i natt, og Gud sjøl hadde berga seg tørrskodd herifrå, var utanfor heile spelet han.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Tore HalsaTorill RevheimDemeterHarald KJulie StensethGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundKirsten LundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaFrode TangenPernille GrimelandBerit RLars MæhlumLailaNina SolåsLene AndresenIngunn SDolly DuckHanne Kvernmo RyeKaramasov11RufsetufsaTine SundalSynnøve H HoelaRmaNdA BaisTine VictoriaTone Maria JonassenWilliam Billison